Kjør debatt. 













Comments

  1. Tydeleg aukande bambifaktor mot vår tid. Speglast jo også av dyrevernlovgjeving og rovviltpolitikk. Ville nok vore utenkeleg i vikingtida å la rovdyra ta for seg av buskapen, for så å utbetale erstatning for tap til rovdyr.

    Pattedyra som er avbilda frå vikingtida er nesten reptil/fiskeliknande i uttrykka sine!

    Moglegvis speglar dette også eit tydelegare skilje mellom menneske og dyr før i tida. Det er eit fenomen i vår tid at dyra blir menneskeleggjorte, og tilleggast menneskelege eigenskapar (noko som kan resultere i at me bommar grovt, t.d.mishandlar dei i møtet, fordi me blir så blinde for deira behov). Evt eit uttrykk for at mennesket blir bestialisert, dvs at me trur at kroppen er alt me er, og i stor grad let oss styre av dei kroppslege behova.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Mykje interessant med det. Ja, du har nok heilt rett i at mange slike organisasjonar etc. ikkje nett er i kontakt med korleis naturen er og fungerer. I det heile interessant korleis menneske og andre dyr er sams og ikkje nett sams, på sett og vis. Du kan velje å bli eitt dyr i skogen. Kva dyr veljer du?

    ReplyDelete
  3. Hmm, kanskje ei gaupe. Eg har alltid hatt sansen for kattar, det er også eit av styrkedyra mine i EXIT (då grunna si evne til å slappe av/nyte livet). Poenget med styrkedyr er jo at dyr ofte har veldig klare kvalitetar/eigenskapar, som me menneske ikkje alltid tillater oss å eige (styrkedyret blir då ein hjelpar på heltens reise mot draumen/visjonen). Gaupa er også litt mystisk, og sikkert god til å gøyme seg.

    Men gaupa må jo også vere ein god jegar, og eg hellar kanskje meir mot ein vegetarisk diett. Så då ville eg kanskje heller vore ein hare, eller moglegvis eit rådyr. Evt også ein elg, som er eit anna av styrkedyra mine (som eg forbinder med kvalitetene autoritet og oversikt). Elgen har jo også få naturlege fiendar, med unnatak av mennesket. Medan haren og rådyret er meir typiske byttedyr.

    Hadde nok vore eit krevande, men også givande liv, å vere eit dyr i skogen.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Kva dyr veljer du sjølv?

    ReplyDelete
  5. Skal eg velje bare eitt, får det bli rådyr idag (y). Det hadde vorte fastetid, det, å vere eit rådyr i Kviteseid i februar. Trur me har litt å lære av dyra når det kjem til å leve nøysomme liv.

    ReplyDelete
  6. Ja, mykje å lære av dyra, veldig mykje. Eg kunne nok vore elg eller bjørn, får eg seie. Sikkert også bever. Men stundom også ulv, då. Natur. Eg har bestilt den kortstokken øvst. Naturen gjev glede og retning.

    ReplyDelete
  7. Bever er det tredje styrkedyret mitt, blir for meg ein polaritet til katten. Medan elgen balanserer dei to. I tillegg har eg også fisk og ein manetliknande sak. Dei to siste er mest for krisesituasjonar.

    Glede og retning ja. Minnar meg på at eg burde vore meir i naturen. Kanskje det er det eg skal lage rom for i fastetida i år. Erstatte nett med natur.

    Lykke til med den nye kortstokken. Sikkert fin å meditere over. Særleg dersom ein kunne fargelagt sjølv-

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  8. Då har eg skrive den siste kommentaren min her inne for denne fastetida 🙏🏼💥⭐️ SoMe er ikkje så bra for meg. Men uansett, lukke til vidare med bloggen din🌷
    helsing Gunhild

    ReplyDelete
  9. Eit visdomsord, om noko som skil oss frå dyra, og som det er mykje av her inne. Ord🙏🏼💥⭐️
    «Plants live in a world of earth, air, water and sunshine. Animals live in the world of the body and it’s senses. Human beings live in a world of their own words.
    The sages called us «the speaking being» saying that the soul is filled with words. When our words leave us, our very being goes out within them. We conquer with them. We declare our mastery over Creation with them. Our words tells us we exist. For us, nothing truly exists until we find a word for it. All our thoughts of every object and event are thoughts of words.Our world is a world not of sensations and stimuli, but of words. Build your world with precious words. Fill your days with words that live and give life. Memorize words of Torah and of the Sages. Have them ready for any break in your day. Wherever you go, provide that place an atmosphere of those powerful words».
    The Lubavitcher rebbe (Rabbi Menachem Mendel Schneerson)

    ReplyDelete
  10. Eit til (nokre gonger er det best å teie å la den Klokaste tale):
    «. Silence is an ocean. Speech is a river. When the ocean is searching for you, don’t walk into the language-river. Listen to the ocean, and bring your talky business to an end. Traditional words are just babbling in that presence, and babbling is a substitute for sight».
    Rumi

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  11. Reknar med at havet søkte deg idag (y). G

    ReplyDelete
  12. Kanskje det :-? Vel, her er mi oppdatering. Det går mykje i kor, praktisk og teoretisk: https://www.youtube.com/watch?v=S34nOw083Ews

    ReplyDelete
  13. Urovekkande toner.

    ReplyDelete
  14. Ang turforslaget mitt så må det kanskje vente litt til. Huset er ennå ikkje ferdig. Og eg er mykje meir prega av eksilet enn eg først trudde. Dvs eg treng nok litt tid for å komme meg i etterkant. Om du skjønar. G

    ReplyDelete
  15. Ja, det er greitt. Lukke til med alt av hus, prosessar mm. Takk også for ditt gode arbeid med Sundkilen etc.

    ReplyDelete
  16. Takk for det. Sundkilen ja, der skulle eg også gjort litt meir enn det har vorte så langt. Me talast snart, håpar eg 🙏🏼💥⭐️

    ReplyDelete
  17. EXIT-øvingane har hjelpt meg ut av det tyngste eksilet. Så då er eg klar for tur. Når det måtte høve 🌞 G

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog