Boromir døyr ved Amon hen. Han freistar fyrst å ta ringen av Frodo (Frodhi, frå norrøn og germansk mytologi). Boromir blæs i hornet for å rope om hjelp, men det er for seint. Aragorn kjem etter kvart, og dei får ei forsoning i det Boromir døyr. Dei to er båe frå Gondor, men Aragorn er tronarving, medan Boromir er son av "Steward of Gondor", den vonde Denethor. 


Meir ukjent for meg var det at Aragorn og Boromir nok byggjer på soga om Karl den Store og Roland. Soga handlar om korleis Roland døyr i kamp mot baskarane/muslimar, etter at Karl den store trekker seg ut av landet, og opp mot Frankrike. Roland og hans hær kjempar tappert i baktroppen og døyr i slaget, resten av hæren kjem seg unna. 


Roland var ein helt og eit førebilete for middelalderens knektar. Den eldste kjente større teksten på fransk handlar om Roland (Chanson de Roland), samt den svært viktige italienske teksten "Orlando furioso". Og i Norsk samanheng byggjer Rolandskvadet frå middelalderen på den norrøne teksten Karlamagnussaga, som vart skrive i samband med Håkon V sitt hoff i Noreg. Magnus den gode er elles kalla opp etter Karlamagnus, dette er då sonen til Olav den heilage. Namnevalet var ein smule kontroversielt, men markerer i alle høve kva Olav den H sikta mot. 


Mykje i middelalderhistoria er meir eller mindre heilt gløymt i det norske folkedjupet, sjølv om det finst unnatak. Tankevekkade - desse tinga trur eg aldri vi hadde noko om i løpet av ti års skulegang. Eg forstår det naturlegvis, det var ein allianse mellom opplysning, protestantisme, modernitet etc. Men skulle det vere slik...? Hm. 



Comments

  1. Ein kan trøyste seg med at ein ikkje er avhengig av at ting pssserer gjennom det dagsbevisste, for at ein skal å ha tilgang på det. Alt ligg jo lagra i det kollektivt underbevisste, stoff som har samla aeg opp over mange mange generasjonar. Og ditt eige underbevisste er då ei lita vik i dette store havet.

    Kanskje er det også der Tolkien har funne denne arketypiske forteljinga (om han ikkje har lese historie dom deg då). Uansett har han på ny gjort han tilgjengeleg for vårt dagsbevisste gjennom å forfatte ei heilt fantastisk historie :)
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Hei igjen - ja, noko undermedvite er det, men Tolkien hadde nok full kontroll på historia også. Han arbeidde svært hardt med studiane, allereie frå barndomen av. Skreiv få artiklar og studiar, men dei få han skreiv, endra fagfeltet.

    ReplyDelete
  3. Verkar som at de to har ein del til felles, som dette å studere veldig hardt frå ung alder. Elles er jo denne arbeidsmåten, å produsere relativt lite av svært høg kvalitet, god medisin mot «mastersjuken» som du skreiv om i førre blogginnlegg. Og elles heilt i tråd med inntrykket eg fekk av den artikkelen Tolkien hadde skrive om eventyr (som du lenka til i førre innlegg). Høg kvalitet, sikkert mykje høgare enn dei fleste masteroppgåver anno 2024.
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Haha, det var ein understatement XD Artikkelen der, av Tolkien, har vore ekstremt "innflytelsesrik". Han nemnast ofte i vår tid som ein "go to"-artikkel om tematikken, no snart 100 år seinare. Vi kan nok ikkje seie det same om mastergradar som skrivast i vår tid :)

    ReplyDelete
  5. Nei, dessverre. Men desto meir inspirerande då. Må nok gje meg i kast med å lese han ein gong til (y).

    Understatement ja. Eg strevde jo ein del med språkforståinga mi, slik at nivået truleg er endå høgare enn det eg der og då klarte å oppfatte :)

    ReplyDelete
  6. Hm, ja, kva skal ein seie. Eg las gjennom artikkelen. Han er lang - her er no ei oppsummering, i alle fall: https://www.supersummary.com/on-fairy-stories/summary/

    ReplyDelete
  7. Verkeleg tankevekkande og viktig det han seier om evangeliet🤔 Noko «bokstavtrugne» på t.d. Kvitsund kunne hatt godt av å kontemplere på. Og eg sjølv også, for den saks skuld!

    Elles synd at eg ikkje såg deg på brettspelklubben i går. Vart ein amputera brettspelkveld kombinert med ei ad hoc nattevakt, for min del.
    Gunhild

    ReplyDelete
  8. Stemmer. Sånn er det. Eg kom litt seinare på kvelden, vi får ta eit spel ein annan gong (y)

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog