Dagens rant. 

Ser på masteroppgåva. Då forstår eg meir. Her er veldig mykje akademisk fagtradisjon og fagspråk som søkjer å skape eit inntrykk av intelligens og "ny innsikt", men som ofte er vanskeleg å finne særleg innsikt i. Eg kjenner det att frå fag som eg sjølv har teke. (Særskilt pedagogikk, men dels også samfunnsfag). Det er ein type forskning som nok gjer at forfattarane kjem inn i problemstillingar, både i fag og i det verkelege livet. Slik sett er det nyttig. Dei lærer også noko om forskingsverda etc. 

Men sjølve "forskninga" og resultata" verkar lite interessante og hjelpsame, og heller ikkje alltid så meiningsfulle. Ein kan seie det sterkare: Dei forkludrar røyndomen. Meir konkret: Kjerkol skriv om korleis ein kan ta i bruk "digitale hjelpemiddel" i heimehjelpa. Det er i utgangspunktet noko eg er skeptisk til, men det er så si sak. Men så skal ein "forstå" denne prosessen ved hjelp av eit lite meiningsfullt, stundom ugjennomtrengeleg omgrepsapparat. (Det er ikkje rart at ting bryt saman i det verkelege livet.) 

Kva skal ein seie? Om ein kjem inn i denne verda som student, og freistar å "rydde opp" eller vere kritisk, møter ein fort på motstand. (Eg har prøvd). Ikkje at det er gagnlaust, men det er svært krevjande - umogleg for nokon som kjem "raskt inn" og skal ta ein master på kortast mogleg tid. Systemet er elles lite interessert i diskusjon. Skal ein freiste å endre ting, bør ein vel bli professor. Ein er ikkje garantert gjennomslag, men ein får då dela idear. 

Men forfattarane har heller ikkje vore veldig interesserte i fag - dei har villa gjennomføre på kort tid, antakeleg for å få formell "kred", så dei kunne få og halde på sjefsposisjonar. Er dei idealistar, og ynskjer å gjere ein samfunnsinnsats? Det er godt mogleg. Men i skrivinga si har dei i alle fall tydd til "klypp og lim", stort sett frå nettet. Og, ser det ut til, forskningsjuks - eller i aller beste fall plagierande snarvegar i analysen. "Vår forsking viser at...", "våre informanter sier at" (tekstar lima inn frå anna kjelde). 

Det er ein type massiv inflasjon i verdien av akademiske gradar. For kva skal ein seie? "Eg har ein mastergrad - eg bruka eitt år og enormt med tid og krefter på dette" --> "Eg har også ein mastergrad. Eg arbeidde ein del med det, men mykje av arbeidet var kopiert frå artiklar og rapportar og andres arbeid. Eg fullførte alt saman i eit skippertak." Båe kallar seg "master" - men no blir altså "PhD" den nye masteren! Og PhD i dag er noko langt mindre omfattande enn doktorgrad før 1980. Om ikkje det skjer kursendring, vil snart også PhD-ar med klypp og lim godkjennast (kanskje skjer det i stort mon allereie). 

Vi har også å gjere med ei underminering av akademia som sådan, sidan universitetet enkelt og greitt godkjente både Borch og Kjerkol, i trass av deira plagiat og fusk. Eg tenker på dei som må sitje og sensurere slike oppgåver. Eg trur dei har ei magekjensle av det dei skriv, og det eg les, eigentleg er lite verdifullt. Det liknar såleis kommunistpropaganda - du talar usanning, eg veit at du talar usanning, du veit at eg veit at du talar usanning, eg veit at du veit at eg veit at du talar usanning. 

Noko har å gjere med at spørsmål knytt til sanning og røyndom er neglisjerte, til fordel for andre "gudar" - mammon og likestilling, så å seie. D. e. forskarar i dag skal få "poeng" for å publisere, dermed må dei publisere så mykje som mogleg på kortast mogleg tid, og gjerne med ein haug medforfattarar. Mange av desse gjer minimalt på artiklane, men dei får då poeng for å ha namnet sitt der. Så får dei ein lang cv etc. 

Og det er klart: Når folk skal kvoterast inn (i tillegg på basis av jukse-gradar), må andre pressast ut. Dei mindre kvalifiserte kjem opp, dei betre kvalifiserte sjaltast ut. Dobbelt skadeleg. (Premisset for praksisen er ofte at "dei og dei gruppene har bruka makt for å ta til seg stillingane, og vi må bruke makt for å sjalte dei ut". Oftast eit feilaktig premiss.) No har ein annan SP-politiker vorte forskingsminister. Ein ekte professor i historie, med fleire bøker bak seg. Vi må spørje: Kvifor vart ikkje denne mannen minister i utgangspunktet? Han var fullstendig åpenbart milevis betre kvalifisert enn ho som fekk stillinga. Kor mykje skade for samfunnet blir det at denne mannen ikkje får jobben, medan ei ukvalifisert dame kjem inn i staden?

Alt dette representerer ei framleis underminering av samfunnstilliten som sådan (denne tilliten har erodert i svært stor hastigheit etter pandemien). Vi er vitne til den vestlege verda sitt forfall, i sakte film! Yes. Men forfallet har si årsak i djupe, djupe og komplekse problemstillingar. "Perennial" problemstillingar. Knytt til: Metafysikk, katolisisme, makthierarki, mystikk, tradisjonssyn. 

Ein kunne seie: Vi har ein ideologi som med sterk makt held desse tinga på ei armlengdes avstand, fordi ein er redd for kva som då vil kome ut av pandoras krukke. Jamvel Dnk vil ikkje gå inn på det, men talar heller om IT-system, kyrkjeleg organisering mm. (Fullt så svart er det ikkje, men trenden er tydeleg). 

Den eldre generasjon har minne om andre verdskrig. Dei har røynt amerikansk hjelp til Europa, og framgang i velstand, og opplevd meir fridom (til...til...? Til...å kjøpe varer, til å setje seg inn i ulike tankar, til å gjere ikkje-tradisjonelle val) og for så vidt meir ufridom (d. e. mindre fridom til å leve med husdyr, til å utfalde seg i familieliv, til å ha mykje og god kontakt med naboar og familie, til å leve i trygge kristne fellesskap etc.) 

Denne generasjonen vil gjerne seie at demokrati per definisjon er godt. Men få har sett seg inn i korleis demokratiet oppstod, og kva det eigentleg er, heilt på djupet - og særskilt i det som har å gjere med "mentalitet", naudsynte premiss, kulturelt og kristeleg jordsmonn, historie og tradisjon etc. Mange tenker at demokrati er primært eller jamvel utelukkande proseduralt og rettsbasert. Det er feil. Det er dette vi no erfarer, i sakte film. Og då blir det eit spørsmål om...vi kan skru klokka attende (eller, i kva grad vi kan, på kva vis) - og kvar vegen går vidare. Stoltenberg sa: "Mer demokrati, mer åpenhet!" Vel og bra (og stundom ikkje bra) - men svært langt frå tilstrekkeleg. 

På mange vis er det stor styrke i at ein sivilisasjon er samla om eitt sentrum, og saman arbeider innanfor eit felles prosjekt, så å seie. Vestleg siv. har vore, og er framleis, samla rundt det kristne evangeliet. (Europa er definert av kristen sivilisasjon, har det med rette vorte hevda). Men dersom ting held fram som no, vil det vere fleire "spennande" og sunne og positive ting som skjer i marginane og utkantane, der folk ikkje nødvendigvis har plagiert seg til ein mastergrad, eller der dei "etterplaprar" the powers that be, eller lyg og brukar maktpress på skammeleg vis for å få gjennom utbyggjingar, men heller syslar med det dei verkeleg kjenner og trur er viktig og godt, i trass av at dei ikkje blir rike på cash og jordisk gods av det.  

Fornyingar og vekkingar kan og vil kome, trur eg. Men kva form dei vil ta...? Og når dei vil kome...? Og kva resultata vil bli...? Nokon går til det norrøne - nokon til middelalderen - nokon til romarriket - nokon til Japan - nokon til ekstrem LGBT++ ideologi - nokon til småbruk og jordbruk. 

--

Stundom ville ein ynskje at ein berre kunne halde fram som før - "Make America great again!" "We peaked as a species in the 90s" etc. Men så er ikkje det så lett som ein skulle tru. I det heile kan vi, som Tolkien seier, ikkje velje kva tid vi blir fødde inn i, og vi får freiste å gjere det gode og håpe på det beste. 

Eit interessant sitat frå Tolkien. Mykje meir positivt.  

"I am in fact a Hobbit in all but size. I like gardens, trees, and unmechanized farmlands; I smoke a pipe, and like good plain food (unrefrigerated), but detest French cooking; I like, and even dare to wear in these dull days, ornamental waistcoats. I am fond of mushrooms (out of a field); have a very simple sense of humor (which even my appreciative critics find tiresome); I go to bed late and get up late (when possible). I do not travel much.


Eg les Armand Berger, om kva kjelder som har påverka Tolkien. Ei veldig god lita bok som er gjeve ut på eit litt høgreekstremt forlag. Boka undervurderer veldig mykje kva rolle katolisisme og kristendom spela for Tolkien. Peter Kreeft går inn på dette. Og så er naturlegvis Tom Shippey uovertruffen på analysane av Tolkiens språklege utvikling av Middle-Earth. Men Berger nemner mange kjelder eg ikkje var klar over at også hadde påverka Tolkien mykje. 

To wit: William Morris, ein guru for "Arts and crafts-movement." Det er som regel slik at...når det skjer samfunnsendringar, så oppstår grundige motsvar og reaksjonar. Kanskje er ikkje desse nok, og moderniseringa går sin gang, etc. Men desse grundige motsvara kan vere svært instruktive og nyttige, og bli teke opp att seinare. William Morris var ein slik mann som kjempa imot industraliseringa av Storbr, og avviklinga av lokale handverkstradisjonar. Men Morris var også ein som omsette sentrale og klassiske verk av vestleg litteratur: Odysseen, Aeneiden, Beowulf mm. 

Meir interessant er det at Tolkien var mykje påverka av serien Andrew Langs fairy books. https://beautifulbooks.info/illustrated-bibliographies/andrew-lang-the-original-rainbow-fairy-books/

Her var det han lærte m. a. Volsungasagen fyrst. Tolkien skreiv sin fundamentale artikkel "On fairystories" der han drøfta meininga i eventyr. 

https://uh.edu/fdis/_taylor-dev/readings/tolkien.html

--


Når alt kjem til alt er det godt å gå ut i skogen og fyre eit bål og sjå ein elg. 

Eller kanskje vere i stille meditasjon og bøn. 


-- 


Comments

  1. Det var ein veldig fin artikkel som Tolkien hadde skrive om eventyr! Skulle bare ynskje eg var betre i engelsk. Veit du om den er oversett til norsk? (har ikkje komme heilt gjennom, og får heller ikkje med meg rektig alt).

    Følgjer deg elles langt på veg i ranten din om masteroppgaver osb. Konsekvensen av omfattande juksing/plagiat blir vel at det ha ein mastergrad fell i verdi. Samt at me vert vitne til eit slags kollektivt moralsk forfall, på både dette og andre felt. Der grensene stadig flyt seg for kva ein kan tillate seg å ha av «svin på skogen» og samtidig vere i ein maktposisjon. Interessant også å registrere korleis ein sjølv påverkast av denne utviklinga. Er me noko betre? Kor stort snev har me av desse eigenskapane me kritiserer i oss sjølve? (Ref kontaktformen projeksjon).

    Det siste du skriv er kanskje den beste medisinen (y).

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Hm, kjenner ikkje til at den er omsett. Den blir ofte referert i faglitteratur som ein fundamental tekst for å forstå Tolkien og hans prosjekt. Har ikkje lese den sjølv enno heller...

    Ja. Problemstillingane i politikken reiser spørsmål om oss alle - ingen er perfekte, og innsikt kjem med alder, og liv skal levast. I kyrkja i dag tala eg om tre eg har sett i skogen. Nokre er brotne av på midten, nokre har opplevd skogbrann, nokre veks i krokete former, nokre blir pressa ned av andre tre. Men dei fleste av dei finn ein veg, og karar seg fast, og ber frukter likevel. (Bojer Godal skriv i sine bøker at det er forundringsverdig mange parallellar mellom tre og oss sjølve).

    Eg trur mykje av problematikken i politikarkrisa handlar om at det er djupe endringar i samfunnsmoral og "metafysikk". Det er som tektoniske plater som endrar posisjon, og brytast mot kvarandre. Kapitalistmoralen brytast mot PR-byrå-moralen mot protestantisk-kristen-moralen mot liberalisme-likestillingsmoralen etc. Vi er "unmoored" frå djupare orientering mot røyndom, og platonske idear og Kristus, for å seie det slik. Spørsmålet er ikkje (som PR-byråa seier) "korleis kan eg kome unna med dette og behalde makt og sjå bra ut" - det er heller "kva er saka her - kva er rett - kva er godt - kva er vakkert" etc. Desse problemstillingane er det dog få som analyserer... Politikarar som sjølve er "unmoored", vil fort bli skvisa mellom platene, og er ikkje sterke nok til å stå imot presset. (Jfr. å vere ein einsleg sensor på eit universitet, som seier: "Dette går jo ikkje, vi godkjenner for mykje ræl, og innhaldet er elendig". Leiinga vil seie: "Nei, dette er slik staten vil ha, dette er pga. likestilling etc. etc.)

    Men, viktig å ikkje bli negativ og pessimistisk.

    ReplyDelete
  3. Unmoored. Ufortøyd. Kjenner takksemd for at eg har funne ei trygg fortøying. Som i følgjande affiirmasjon;
    I tanke, ord og handling byggjer eg livet mitt frå dag til dag på ei trygg tuft, grunnvoll, fundament: evig eksistens. Slåande kor viktig dette er, i møte med ei unmoored verd. Å stå i ein spirituell praksis, er nok noko av det viktigaste ein kan gjere. Då treng ein heller ikkje vere så pessimistisk - men heller tenke at ein kan gjere ein skilnad. Og får ein tak i kva ein verkeleg vil, impulsen sin finn ein sannsynlegvis også fram til Guds vilje. Ein spennande Veg å gå.
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Eg likar veldig godt omgrepet fortøying, takk for det! Det er jo akkurat dette eg gjer når eg mediterer. Eg fortøyer meg. På nytt og på nytt. For i tida mellom kvar økt driv eg utover og bort, og byrjar å kjenne ubehaget ved å vere unmoored, ufortøyd. Og søker difor tilbake til kjelda, den Eine, mitt høgare Sjølv.

    ReplyDelete
  5. Apropos, eg les om sagalitteratur i Germania og Skandinavia mellom 500 og 1000. Føler eg opnar ei ny verd. Kom over noko som du nok også har interesse av:

    In Norse mythology, Hildr (Old Norse "battle"[1]) is a valkyrie. Hildr is attested in the Prose Edda as Högni's daughter and Hedin's wife in the Hjaðningavíg. She had the power to revive the dead in battlefields and used it to maintain the everlasting battle between Hedin and Högni.[2]

    Hildr is also mentioned along with other valkyries in Völuspá, Darraðarljóð and other Old Norse poems. The Old Norse word hildr is a common noun meaning "battle" and it is not always clear when the poets had the valkyrie in mind, as a personification of battle.



    ReplyDelete
    Replies
    1. Ja, det var interessant. Ikkje bare betyr namnet mitt strid, men er også namnet til ei bestemt valkyrie. Som oppretthold eit slag ril evig tid, ved å vekke dei døde til live igjen. Må vere ein skikkeleg blindspot hos meg, det der. Eg har btw namnedag idag:)

      Delete

Post a Comment

Popular posts from this blog