Patronus/Cliens. Veldig viktig i det antikke Roma. Caesar og senatorane var intenst opptekne av kva dei kunne gjere for andre, kva dei kunne gje til andre. Så kom andre i gjeld til dei. Det vart då forventa at desse røysta på dei, stilte som vitne i rettssaker, hjalp dei til viktige posisjonar, støtta dei i senatet etc. Di meir makt ein hadde, di meir kunne ein gjere vel mot andre som trengte ei teneste, di fleire stod i gjeld til ein. Det gjaldt å ha eit stort nettverk av klientar. Særskilt viktig var det å gjere tenester for, og å ha kontaktar med, dei som stod høgt i statushierarkiet.

Jesus tok direkte oppgjer med denne tankegangen i mykje av si forkynning. "Gje utan å vente attende", "Den største skal vere som den minste" etc. Typisk Jesus, må vi seie - typisk på den måten at han var radikal og "sette skåpet på plass" på måtar som kunne "riste i spelebrettet". Om ein kunne byggje sivilisasjon av Jesu ord åleine...? Nei, nok ikkje. Den kristne kyrkja må ha både GT og tradisjonar og skapingsteologi etc. Eit anna viktig poeng er at Jesu ord bør setjast i kontekst av samanhengen - jødisk-hellenistisk-romersk samtid. 

Når alt dette er sagt: Gje utan å vente attende... Hm. Som eit visdomsprinsipp er det bra. Ein kan ikkje fylgje det ukritisk, med mindre ein vil gå i kloster. 

Ein kan ta det vidare. Det er noko i menneskenaturen som tilseier at når ein gjev gåver, så skapast det band. Andre tekstar i Bibelen talar naturlegvis om dette også - igjen eit døme på at desse tekstane ikkje er "system". Difor er det også noko å lære av Caesar her. Det er bra å dele raust. Å skape fest. Å vere til hjelp. Å gje gåver. Det er ikkje alltid ein får noko att for det - ein skal få "løn i himmelen". Men ein kan også få mykje att for det - pengar og verdiar og ressursar setjast i omløp. Dei blir til velsigning. 

I det heile er gåver ein vitskap i seg sjølv. Gjev ein ei gåve som blir til nytte, så har ein ofte "tenkt gjennom" kven mottakaren er, kva mottakaren treng. Ein viser, med gåva, at ein tenker på personen, kjenner personen, har omtanke for personen - og vil at personen skal bli ein litt betre person. Og ein viser at ein ynskjer å gjere bandet til personen sterkare. Ein set også den andre personen i gjeld til seg. Difor er det "utidig" å gje ei veldig dyr gåve (til dømes ein bil) til ein person som berre er "ein bekjent". Det blir eit unaturleg band. Men ein kan gje ein liten pose med blåbær som ein har plukka.

Såleis er det også viktig å lære seg ting, opparbeide evner og eigenskapar, også å opparbeide seg makt og ressursar. Å bli ein nyttig og dugeleg person for omgjevnadene. Vår tid legg mykje vekt på "offer" og dei er "utanfor" etc. Vel og bra - det er ei utprega kristen dygd, sjølv om denne dygda blir ubalansert i eit nyliberalt rammeverk. (Jfr. DEI). Men for ei kvinne gjeld det å vere attraktiv, omsorgsfull, nettverksbyggjande og elles aktiv; for ein mann gjeld det å vere nyttig, sterk, løysingsorientert og sjølvoppofrande - som hovudretning. Og menn har det kvinnelege i seg og vice versa.  

Det er noko å lære her av Caesar. Han la under seg Gallia, for å oppnå ære og pengar for seg sjølv, for klanen sin, for romarriket. "Questionable", for å seie det diplomatisk. Enormt mange menneske vart slakta ned av han. Stammene i Gallia låg i innbyrdes og brutal krig med kvarandre. Dei samla seg til opprør mot Caesar. Jfr. Vercingetorix og Alesia. Måten Caesar slo attende mot opprøret, steg for steg - med dårlege odds - er verkeleg svært imponerande. Verc. var også ein imponerande mann, for den del. Krassus ville spele det same spelet mot partharene i Persia - han var ikkje dyktig nok til det, og mista hovudet for det. 

Tolkien ville "helge" den før-kristne kulturen, og det må ein også gjere her. Det skal bli spennande å lese om Charlemagne, som var ein ny Caesar. I det heile er det her problemstillingane reisast i vår tid - spørsmålet om forholdet mellom imperium, religion, makt, moral. (Dette er også ei kjerneproblemstilling i joleevangeliet). Mykje å lære av Caesar, men ein Aragorn var han ikkje. 

Comments

  1. Å gje utan å vente noko attende. Det er jo det som er ubetinga kjærleik. Må ein gå i kloster for å klare dette? Nei, det trur eg ikkje. Gud er jo overalt. Det er bare å kople seg på Han.

    Eg trur også det kunne blitt ein fantastisk sivilisasjon bygd på Jesu ord. Då ville den jo sammenfalt med bygging av Gudsriket? Eller? Er det ikkje eigentleg desse kreftene blant oss som representerer sivilisasjonen, og ei rekke andre krefter som representerer barbariet? Kva hadde vår sivilisasjonen vore utan Jesu ord?

    No var og er jo også t.d. Egypt ein stor sivilisasjon, bare ikkje der israelittane kjente seg heime. Og sidan Ordet var det frå byrjinga. har vel Jesus også vore tilstades i dei førkristne sivilisasjonene. Så Tolkien var nok inne på noko veldig viktig.

    Ja, det er sant at gåver skapar band . Få ting er sårare enn å bomme på gåver, t.d. til eigne barn. Gåver er (del av) relasjon. Tenker også det kan vere nyttig med ei fenomenologisk tilnærming, slik me har i gestaltterapien. Sjølve gåva blir då fenomenet, slik ho kan skildrast utan fortolking. Men kva betyr ho? For gjevaren? For mottakeren? Ja, det er det bare desse ti som kan svare på. Med utgangspunkt i sine eigne fenomenologiske verder.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Jovel, stridskvinne. Du tenker nok fornuftig. Men Jesu ord er ikkje alltid "fornuftige", så dei må brynast mot andre visdomskjelder. Dvs. det kan bli for radikalt, om det ikkje setjast i samanhengar etc. T. d. treng ein pengar for å byggje eit hus, men om ein skulle vere veldig radikal, skulle ein gje bort alt ein hadde til fattige. Etc. Klassiske problemstillingar i kyrkjehistoria. Ja - Tolkien er ein god guide, på mange vis, i dette landskapet.

    ReplyDelete
  3. Hmm, det spørs vel om ein trur det er ein sjølv som er gjevaren. Eller om det djupast sett er ein annan som Gjev.

    «Frå denne grenselause substans dreg eg til meg alt eg treng, andeleg og lekamleg» (miskunn). På den andre sida treet «Eg sannar manifestasjonen av den utfråvikelege rettferd i alt som skjer meg i livet»(strengheit). Og midtsøyla, Kristissfæren, som balanserer desse to.

    Eg trur ikkje ein som gjeng på Vegen sin treng å vere redd for å lide naud. På den andre sida kan det vere at karma slår tilbake. Som det står i GT: me haustar som me sår.

    Jesus kallar oss jo til å vende om. Å snu opp ned på det me før trudde var rett. Som den omfattande og ekstravagante redebyggingavme nordmenn har praktisert sidan 1950-talet. Fordi me kan, og pga ei irrasjonell frykt for å få for lite til å klare seg. Det er vel det verda treng i dag.

    Helsing stridsmøya Gunhild :)

    ReplyDelete
  4. Ei klok kvinne (forskar) sa elles at det første teiknet på menneskeleg sivilisasjon var det arkeologiske funnet eit brote lårbein som var lækt.

    Synest elles dette var fornuftige ord (bortsett frå tullet med at polet kan gå tomt for champagne. Men det var vel ironi)
    https://www.nrk.no/ytring/verden-etter-lokalbedrovelsen-1.16665509

    Bare å byrje å omsette det til eige liv. For min del er vel samværskabalen nord-sør den største utfordringa. Burde kanskje budd ei halvt år på kvar stad i slengen. Evt minst eit par mnd S-:

    Trur kanskje det er større fare for at svaret vårt er for lite radikalt, enn at det er for radikalt då-

    Gunhild

    ReplyDelete
  5. Vart nysgjerrig på skilnaden mellom Caesar og Aragorn, om du kan seie noko om det? Sidan Caesar ikkje var nokon Aragorn. Og kva er DEI forkorting for?

    Eg må vel legge til at eg ikkje har oversikt over alt Jesus har sagt. Så kan sikkert også ta feil. Og mykje av det må sikkert også fortolkast (ref fenomenologien) eller er såkalla «snublesteinar». Men generelt er han vel ein svært viktig berar av tidlaus visdom (m.a.), og difor vel verdt å lytte til.

    Kva betyr gåvene eg gav deg i mi fenomenologiske verd? Ehm. Mogleg eg kan dele det ein gong, om det passar slik. Men eg brukar ikkje å strø rundt meg med gåver, som ein anna patronus. Så du er noko for deg sjølv, i så måte. Og står altså ikkje i gjeld ( i mi verd, då). Og kanskje har eg heller ikkje fullt ut awareness på kva gåvene betyr sjølv heller. Men følgde impulsen min.

    Men begge handla vel på kvar sin måte om vår relasjon. Vår felles historie, kven vi er og kva som blir «figur» i feltet. Som jo også er ein relasjon mellom ein mann og ei kvinne-

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  6. Takk for gåver - eg får seie at eg tek imot dei som eit teikn på venskap. DEI er "diversity, inclusion, equity" - dvs. sentrale stikkord i nyliberalismen. Caesar var mykje som Aragorn - sterk og driftig konge som tok seg av sine undersåttar etc. Men Caesar kunne også vere nådelaus, og han var primært oppteken av ære for sitt namn og si klan. Han var ein heilt typisk romer. Aragorn var modellert som "den perfekte barbar" - også som ein Kristusfigur. Han er langt meir audmjuk og har langt større respekt for einskildmenneske, og er meir oppteken av miskunn og rettferd.

    ReplyDelete
  7. Så fint, det set eg stor pris på. Det er jo slett inga sjølvfølgje.
    Ja, då er Aragorn altså ein av dei som liknar Kristus, om enn enn av den fiktive sorten. Noko å strekke seg etter og sjå opp til for alle oss andre- er visst på tide å lese Tolkien på nytt. Du hadde jo også ei bok om Tolkien som du sa eg kunne få låne :)

    I den samanheng interessant med helgenkåring. Helgenar er vel også slike som liknar Kristus. Og som iht. katolsk tru fortsatt er aktive medvit den dag idag. Som ein kan «kople seg på». Vår verd hadde nok sett svært annleis ut utan både desse og Tolkien.

    Angåande salmane, så kom eg nyleg over ei bok som heiter «Notater etter ein frontkollisjon med Gud» av Maria Küchen. Eg har bare lese starten ennå, men nemnte. frontkollisjon skal ha skjedd då ho var på workshop for å skape salmer for det 21.århundre i regi av den svenske kyrkja. Forfattaren er poet, og hadde teke avstand frå Gud før denne workshopen. Og det var desse orda som snudde opp-ned på alt for ho: «Vær ikke redd, det er jeg». Gler meg til å lese ho.

    Det blir i det heile fint å rydde plass til å lese. Og sleppe unna nettet. Då blir eg vel truleg også mindre tilstades her på bloggen. Men me sjåast sikkert - om Gud vil🙏🏼💥⭐️ (foreslo m.a. for KBK at dei annonserer spelekveldane sine i VTB).

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  8. «You are rest for my soul,
    a surprising joy for my bitterness.
    Imagination has never imagined
    what you give to me.
    The sound of someone whistling in the street, or asking questions, if that person brings word of you,
    those sounds are worth more than all the worlds poetry.
    There is nothing I want but your presence.
    In friendship, time dissolves.
    Life is a cup. This connection is pure wine.
    What else are cups for?
    I used to have twenty thousand different desires.»
    Rumi

    ReplyDelete
  9. Takk for kommentar. Ja, lurt å logge ein del av. Flott at du deltek i brettspelklubben, ja, eg tenker elles også å delta der når eg har høve.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog