Kjetil hadde slik. Var ganske grei, den. Fint oransje ljos, og små knappar ein kunne bruke til å fininnstille radioen, under eit deksel. Digital klokke var det også på den.
Syster mi hadde denne. Masse lyd i denne. Hitachi var knall, det. To kassettar, til og med. Ein kunne kopiere frå ein til ein annan. Equaliser og greier.
Men denne hadde eg. Kosta 1000. Denne bruka eg svært mykje. Denne kunne eg då bruke til å ta opp songar frå "Albin" på NRK. Og høyre på kassettar. Herleg tøft design. Lite bass, men kunne spele høgt.
Kople til denne cd-spelaren, som eg også elska. Kosta 1700 kroner. Med fjernkontroll. God lyd. Då kunne eg høyre på europop. Berre å sjå på denne vekker minner.
Så fekk min bror denne, som var veldig bra også. Stor og tung. Kongebra. Kjempebra lyd, integrert CD. Hitachi var bra.
Men så var det Frank som hadde denne. Kosta 6500 kroner (den gongen!!) og hadde cd-vekslar. Heilt max. Eg kunne ikkje fatte at han hadde så bra anlegg. Digital radio var det vel også.
Kjøpte meg pro høgtalarar, Snell JIV. For konfirmasjonspengane. Kunne høyre på Titanic-soundtracket så det rista. Seinare vart det tyngre greier. Desse var av svært høg kvalitet. Hadde det vore i dag, hadde eg også kjøpt Electrocompaniet sin forsterkar.
Minner er knytt til ting. No denying. Men ting er ting. Stundom har eg gravferd. Den døde har vore oppteken av ting. Maskinar, kanskje. Reiskapar. Eg fortel om dette. Tårene turkar då, andleta blir litt tome. Men ting av naturmateriale er også noko anna. Då er det sjel, då er det liv. Eg kjøpte meg ullvottar - berre ull - til 200 kroner. Instant like. Hifi er "High Fidelity". Høg truskap - mot røyndomen, musikken som finst der. Altså handlar også hifi om musikk i røyndomen.
Reiskapar er også ekstensjonar av det menneskelege. Det kan gå for langt. Det er stor skilnad på ei øks og ei skogsmaskin. Skogsmaskina er meir effektiv, øksa er sunnare. Den som køyrer skogsmaskin rører armar og bein, observerer, koordinerer, tenker. Den som svingar ei øks gjer det same, men på veldig anna vis.
Å bruke skjerm og data er også "ting". Det er "simulacra". Matrix hadde rett.
Å bruke ein skjerm er å gå inn i simulering av røyndomen - det er også å stirre på eit stykke svart plast i time etter time. Ein gong til: Det er også å stirre på eit stykke svart plast i time etter time. Nokon kunne kalle det "galskap".
Eg tenker på at eg har sterke nostalgiske kjensler for hifi og høgtalarar - noko for dei sjølve, designet, funksjonen, eigarskapet. Det ER sjel i ting. (R Sardello, Facing the modern world with soul, har for alltid forandra mitt syn på ting). Men vel så viktig er det at tinga er lenka til røyndomen - menneske, musikk, hendingar, emosjonar etc.
Dette handlar vel om at materien er guddommeleg. Denne sjela er då ein (lågare) frekvens av nærværet til den Eine (enn t.d. våre sjeler). Det trur eg igrunnen gjeld all materie, inkludert den svarte plasten som me stirrar på, i time etter time.
ReplyDeleteNei, det er ikkje til å forstå. Eg høyrde foredrag om gamle juletradisjoner på Nutheim 13 dag jol. Ikkje alt eg fekk med meg, men fekk likevel inntrykk av at menneska var meir levande og spontane og vitale, enn idag «Du får ikkje meir moro enn du lagar sjølv», liksom. Medan ein idag forventar å bli underhalden. Ofte gjennom ein skjerm.
Noko er avhengigheitproblematikk. Men kanskje ikkje bare. Korleis kan ein velge bort staden der folk er? Eg «måtte» nyleg aktivere Facebook, då dei har laga såkalla «føresatt-gruppe» der. Så då gjeld det vel å vise måtehald (og for å klare det, kan ein ikkje gjere seg tilgjengeleg 24/7, slik samfunnet verkar å forvente av ein idag, men kanskje sjekke Facebook ein gong i veka). Det same gjeld gutane mine. Dei vil vere der kompisene er- dvs på Fortnite o.l.
Eg saknar også cd-spelaren min. Han vara i mange mange år, og meir moderne teknologi har ikkje fylt same funksjon. Eller har ikkje den same sjela. Eller kanskje det er den ispedde reklamen på YouTube og Spotify som øydelegg heilskapsopplevinga. Og dei gamle cd’ane, som eg ikkje lenger kan spele- har eg også vondt for å kaste (det blir harde bud når eg skal flytte inn i nyhuset, og bare kan ta med det nødvendigaste- men moglegvis også sunt- ein dag må me jo likevel forlate alle tinga våre).
Bøker har openbart sjel, eit nærvær. Ei digital bok på skjerm har vel også det- på sitt vis. Men altså ikkje den same sjela. Antar det må ha gjere med graden av distraksjon, eller moglegheiten for multitasking. Skjermen trekker merksemda di vekk frå alt anna. T.o.m. når han er daud og svart. Mykje likt ein slavedrivar med eit umetteleg behov for dine tenester (å vere tilgjengeleg heile tids burde ein jo hatt godt betalt for). Boka vel du sjølv å gje merksemda di til- mykje likt ein god venn. Og dessverre massivt oversett i seinare år (i mitt liv) - moglegvis pga nettopp nemnte slavedrivar. Og det gjeld vel også alt frå lommelykter til almanakker til kalkulatorer og notatblokker. Stakkars utkonkurrerte ting- alle erstatta av A.I. Og den same kjensla har sikkert også den oppveksande slekt (at mobilene er viktigare enn dei). Det finaste ein kan gje kvarandre i dagens samfunn må vere den fulle og udelte merksemda si-
Helsing Gunhild
Ja, mykje visdom i dette. Ein kan undrast på kor radikal ein eigentleg bør vere. Og på kva måte.
ReplyDeleteHehe, vel - eg har eit mot-intuitivt eksperiment no. Eg har bestilt TV-spel med Halo-serien. Det er mest for å unngå at eg blir heilt som "Kato" i senatet. (Caesar var "flamboyant", sløsa med pengar, laga festivitas, gjekk alltid plettfritt kledd; Kato var streng stoiker, prinsippfast, hard. Symptomatisk: Caesar endte sitt liv med å bli knivstukken - Kato endte sitt liv med å stikke kniven i seg sjølv. Beklager dramatisk språk, eg meiner berre å peike på ein tendens her).
Nei. Det var nok betre før i tida, det at ein hadde meir ro frå teknologi, medier etc., og hadde meir merksemd og tid til sunne aktivitetar. Det var også MYKJE betre at ein hadde kontakt med husdyr. og natur.
Ja, no blir eg jo nødt til å sjå Rome, og finne ut kven Kato er. Sidan de to har så mykje til felles. Hmm, synest nok du bør vurdere å ekspandere vidare i mot-intuitive tiltak. Det høyrest ikkje heilt sunt ut å likne for mykje på Kato. Sikkert bra å få vendt litt aggresjon utover, ja (y). Og utforske polaritetane til t.d. «hard» og «prinsippfast» (blind spots?). Evt lære desse polaritetene å kjenne gjennom eit anna menneske :) Moglegvis var Caesar sjølv eit slikt menneske som Kato kunne lært av-
ReplyDeleteHelsing Gunhild