Våren er på veg. Våren er i mars, april, mai. Men eigentleg byrjar våren mykje tidlegare. Det er herleg å fylgje dei små teikna. No er soloppgangar og solnedgangar særleg vakre. Eit mål for året: Overnatte på fleire fjelltoppar. Det synest som at dyra vaknar meir til liv no også.
Eg kunne ha ranta om vår tids samfunnsutvikling, men, ein annan gong. Her er populærkultur eg har elska, i filmmediet. Terminator 2; Aliens; LOTR; Matrix; Dune; Tree of Life; The Wire; Blade Runner (soundtracket :) ); Dune; Jurassic Park. Det er mykje våpen, krig, kamp, styrke, estetikk, intelligens i desse produkta. Og mystikk. Det er underleg med det. Noko kultur frå fortida kan eg fundere på, og tenke som så: "Det hadde vore like greitt om dette aldri hadde vorte laga - kva var poenget?" Noko må eg tenke på slik: "Eg er verkeleg glad for at dette vart skapt! Verda hadde vore annleis om dette ikkje var skapt." Blade runner soundtracket tenker eg slik om. I det heile er det å eksistere å vere medskapar, så det gjeld å "make it count". Dette får meg til å tenke: Ein kan freiste å skrive ein song - og det ein skaper kan verkeleg bety noko i verda.
"Roman religion". Kor mykje dette prega germanarane og keltarane kan ein undrast på. Skandinavane også. Både før og etter erobring og kristning. Eg tenker å arbeide meir med dette. På nokre vis er mytane ulike...men grunnstrukturane i mykje, er likt. Forfedre, offer, magi, lækjing, tempel, gudar, teikntyding, mytar etc. R Macmullen har skrive gode bøker som eg ikke har lese, om overgangen frå "heidenskap" til kristendom mellom 400 og 800. Dette er mitt fokusområde for dette året, så eg bør lese det. Hans konklusjon er at kristendomen mykje er ein del av det same jordsmonnet, og at det er mykje som førast vidare i kristen tradisjon, men då "helga", så å seie. Denne prosessen er i full gang i NT, primært ved nytolking av GT, men også ved nytolking av romersk liv og kultur. Like fullt: Kristendomen sitt framtog i romarriket var ein revolusjon, mest på godt, også noko på vondt. Mogleg eg heller bør lese Alan Cameron. Viktig felt er det, i alle fall.
Augustus' mor framstillast i serien "Rome" som ei lauslevd, kynisk dame. Sanninga er heller at ho var djupt religiøs. (Andre damer var annleis, naturlegvis). I det heile er Caesar eit "uttrykk for kulturen", som toppen av ei bylgje. Og romarriket rekna sin framgang som eit uttrykk for gudanes gunst. Dette var altså ein tanke som også vart overteke i det seinare kristne imperiet, og ein tanke som også spela ei vesentleg rolle i kristninga av skandinavia (Kvitekrist må vere sterk, sidan det frankisk-romerske imperiet er såpass sterkt etc.) Ein skal ikkje oversjå dette for raskt. I klosterrørsla, til dømes, var det mykje rå styrke - men det var meir i form av tru, gjerningar, bøn etc. I. e. ein spirituell "militærdisiplin". (+frankarane samla makt og fekk velvilje fordi folket skjøna at dei kunne falle for muslimar dersom dei ikkje var sterke. Jfr. C Martel, 732).
Ja, når du seier det slik, så må det jo bety at eg er fødd om våren. Februar vert brått ein utprega vårmånad. Ikkje minst tilseier vel alt dagsljoset dette. I det minste her sør. På Finnmarksvidda kjem vel ikkje vårvinteren før i mars-april (som elles har fått namn etter hhv svane-njukc^a (c med hatt) og skare cuonje (samanslått n og j). Både svaner og skare er jo gode vårteikn, og også miesse mánnu (kalvemånaden-mai).
ReplyDeleteEinig i at soundtracket til Blade Runner er kjempefint! Har aldri høyrt det før no. Får meg til å tenke på kor mykje musikk eg aldri har høyrt. Då eg var liten brukte eg å bekymre meg for korleis eg skulle få tid til å lese alle bøkene på Kviteseid bibliotek. Men musikk har eg ikkje tenkt på på den måten. Kanskje eg burde det. Slik sett gjev det stor meining å følgje denne bloggen :)
No som du driv og planlegg aktivitetar det komande året, må du ikkje gløyme bort den lova skogsekskursjonen for lesarane av bloggen din (y).
Angåande dette med rå styrke i samband med trua vår: styrke må/bør alltid balanserast opp med miskunn, trur eg. Dette gjeld både på makro og mikronivå. T.d i dei einskilde familiar. Nokre familiar har for mykje rå styrke, og for lite miskunn (nåde). Eller motsatt. I begge tilfelle vil familiane li/mangle noko vesentleg. Og Kristussfæren/-medvitet balanserer opp desse to. Noko eg vil tru at må syne seg, dersom ein analyserer Jesu liv. Når me går opp livets tre, seier me m.a. : «Styrke og miskunn gjev du og let oss kjenne deg».
Det var elles verkeleg ein fin dag i kyrkjs! Supert med teiknesaker. Men må visst bli meir medviten om trafikktryggleiken. Det vart ein farleg situasjon då jentungen sprang føre meg til bilen. Takkar Gud for at det gjekk bra, Så lute som kan skilje liver frå døden. Neste gong får eg halde ho fast.
Helsing Gunhild
Hu, ja, takk Gud at det gjekk bra. Det er ein farleg parkeringsplass, bilar kjem fort. Elles rart med kyrkja. Vanlegvis sit eg på galleriet. Eg har aldri så fruktbare meditative stunder som når eg sit i gudstenesta. Ja, det var ei fin gudsteneste. Eg har no bestilt brio-togsett og skal eksperimentere med å leggje dette bakerst i kyrkja også.
ReplyDeleteVel, eg hugsar ikkje kva det var eg hadde sagt om skogsekskursjon? Vi får sjå etter vårteikn no, ja.
Elles er det nok visdom i dette om familiekultur. Underleg også - verkeleg eit område som er "uuttala" i vår kultur, på mange vis (det indre liv i parforhold og familiar). Såleis blir "røyndomslitteratur" veldig populært (Fosse, Knausgård, Hjorth).
Hm, ja, det var godt du høyrde Blade Runner. Eg blir aldri lei av det soundtracket, eg forstår ikkje heilt kvifor det talar så djupt til meg. Eg har freista å forstå Vangelis. Han er nok eigentleg ein veldig spirituell person, og han er i djup kontakt med emosjonane sine når han komponerer. Dvs. var. Også 1492 er fantastisk.