Rome - ein refleksjon, og det høvde jo også godt som ein respons til kommentaren. 

Det er underleg med TV vs. historisk bok. Å lese historisk bok er rått og ekte. Ein får verkeleg kome nært innpå menneske og den dei var. Veldig intelligente og ekte menneske. Inspirerande og stimulerande - og naturlegvis mykje til "åtvaring". 


Ein tanke: Rammstein er rå og populære. Dei kan mykje. Det er ein ting dei ikkje kan: Vere heilt oppriktige og alvorlege. Dei kjem nær, i sin beste song: Deutschland. Men berre opp til eit punkt. Nazistane blir framstilt, men dels som komiske figurar. Munkar blir framstilt - også dei som fæle og komiske figurar. Men der har du det: Nazistane meinte alvor, det gjorde også munkane. Musikken til Rammstein meiner alvor - her er kraft - men det manglar ting i bodskapen. "Kva vil de med musikken?" 



Til HBOs Rome. Det er slett ikkje ein dårleg serie. Den prøvar verkeleg å framstille romarriket på ein truverdig måte...og klarer det på mange vis. Særleg i framstillinga av religion og riter og mystikk tykkjer eg serien er god. På andre vis er den interessant. Den er "peak pre MeToo". Her er fullt av nakne kvinner, billige "ligg", lesbiske forhold, incest etc. No var ikkje romarriket uskuldige her. Det var mange horehus rundt omkring, og Caesar var kjent for å ligge rundt med senatorfruer. 


Det er likevel noko eg tenker på når eg ser serien. At...det er verkeleg vanskeleg (umogleg?) å kome heilt "ut av seg sjølv" for moderne skodespelarar. Eg meiner! Eg les om Caesar. Han levde før kristninga, og før moderniteten, og før ironigenerasjonen. Han trudde på det han kjempa for, og det var nok også dette som gav han kraft og vilje - og det var ein slags "kollektiv energi" til grunn for han. Skodespelarane gjer så godt dei kan...men dei er moderne britar og italienarar. Det skin gjennom - kroppsspråk, gestar, tonefall etc. Og også naturlegvis i "script". 


Servilia var ei svært akta kvinne i romarriket. Ho var også yngre syster til Cato. Ho var intelligent og sterk og intellektuell. Ho var Caesars "like". Caesar låg rundt, og Servilia var gift med Marcus Brutus. Men forholdet til Servilia heldt Caesar ved like til enden (av og på). Servilia var forresten då også mor til Brutus ("Også du!"), som var med på drapet av Caesar. Dei følte at Caesar hadde forrådt republikken og dens ideal; dei tykte for så vidt at Caesar gjorde mykje rett og godt for folket.


Med andre ord, altså: Servilia var ein svært interessant person. Dei som laga "Rome"-serien, er ikkje like sterke og intellektuelle som romarrikets tradisjonar (eller dei vil ikkje vere det), og seriemediet legg vel ikkje nett opp til det. Dei er ikkje "up for the task". 


Kva gjer Servilia i serien Rome, på eit tidspunkt? Ho inngår i eit lesbisk forhold til Octavia (yngre syster til Augustus), og oppfordrar den same Octavia til å ha eit incestuøst forhold til sin bror (d. e. Augustus). "It makes for good television!" No var ikkje seinare keisarar ukjente med denne typen ting...men...Servilia (den historiske) ville aldri handla slik. Ho var langt djupare og meir fokusert og integrert - noko som er vanskeleg å forstå for liberale amerikanarar som lever i 2006 (d. e. dei som laga serien). 



Elles, om Cato: 


Marcus Porcius Cato Uticensis ("of Utica"; /ˈkeɪtoʊ/, KAY-toe; 95 BC – April 46 BC), also known as Cato the Younger (Latin: Cato Minor), was an influential conservative Roman senator during the late Republic. His conservative principles were focused on the preservation of what he saw as old Roman values in decline. A noted orator and a follower of Stoicism, his scrupulous honesty and professed respect for tradition gave him a powerful political following which he mobilised against powerful generals (including Julius Caesar and Pompey) of his day.



Men i det heile er det spennande å lese tekstar frå antikken. I tidlegare tider har dette vore eit ideal innan klassisk danning: Iliaden, Odysseen, tragediane, Platon og Aristoteles, Vergil m. fl. Dog peikar Wickham på at frankarane - dei som overtok for vestromarriket i tidleg middelalder - ikkje nett såg attende på Caesar-tida som nokon "gullalder". Dei henta sin identitet frå Jerusalem, Troja, Roma og jamvel Skandinavia. Bibelen og Israel var viktigast. 


Det er noko her, som J Pageau peikar på, nemleg at kyrkja frå antikken av på eit vis såg historia som eit integrert heile, av "Aten, Rom og Jerusalem", på sett og vis. Kristendom og Bibel utan breiare referanserammer og breiare filosofi, blir problematisk. 

Comments

  1. Ja, eg har no alltid meint at bøker er betre enn film. Hugsar særleg ein intens krangel på barneskolen om dette emnet. Og det gjev meining dette du seier, korleis vår eigen kultur og vår eiga tid nødvendigvis må sette sitt preg på ein moderne tv-serie som «Rome». Då kan det jo aldri bli noko meir enn halvdokumentarisk. Og bøker kan potensielt vere meir til å stole på, særleg dersom dei er skrivne i samtida til personane som vert omtalt.

    Kva historisk bok ville du då anbefale for å bli kjent med ein meir autentisk Cato, Servilia og Caesar?Elles er det jo då litt av eit karakterdrap dei gjer på Servilia i «Rome». Nokre gonger kan eg tenke at sanning har altfor dårlege kår i vårt samfunn. Ein ser oftast bare det ein vil sjå. Der har eg igrunnen veldig sansen for Cato si kompromisslause tilnærming (om eg forstod han rett). Kanskje er det ein av dei viktigaste tinga ein gjer som kristen- å tale og leve sant.

    Det er ein grunn til at eg set så stor pris på denne bloggen- og også på deg. Du verkar å gjere dette.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Takk for det. Vel, eg prøvar i det minste å leve etter J Petersons tese: "Tal sanning, eller i det minste ikkje lyg". Det er naturlegvis mange ting eg ikkje seier, eller unngår å gå inn på etc. Ein skal ikkje tale om alt etc., og så er det også mange vanskelege konfliktar og dilemma og paradoks. Særleg når ein har stilling som prest. Ein kan seie: "Eg vil vere profet og seie det som eg trur er sant", og det er veldig bra og viktig at nokon gjer dette. Men det har store omkostningar, stundom for store.

    Eg likte no svært godt Goldsworthys biografi om Caesar, men det er no så mange bøkar ein kunne lese. Men det var nesten som å lese ein roman, den boka er vel kjent for å vere veldig godt skriven. Eg gler meg mykje til å lese biografien om Augustus når han kjem i posten.

    ReplyDelete
  3. Eg trur me treng å bli leia av DHA i desse spørsmåla. Kjenne etter kva ein får fred for, og ikkje. Nokre gonger er det vel også rett å ofre noko mindre for noko større.

    «Alt kan seiast dersom formen er god», er sagt i gestaltsamanheng. Det er nok bare sant eit stykke på veg. Eg balar med eit avisinnlegg om Sundkilen-saka, og får ikkje heilt «fred for det». Kanskje har eg allereie sagt nok. Eller kanskje er dei menneskelege kostnadane for store.

    Eg har også med meg ei kreativ (og utdatert) tilpassing som handlar om å la alle tilbakemeldingar prelle av. Gode som dårlege. Hjalp meg å overleve før. Er eit stort handikap idag. Så eg må øve opp skjelneevna mi, og øve meg opp i å ta inn tilbakemeldingar. Noko eg også fekk flust av då eg ringte rundt til alle som hadde signert i bok før jul. Det er ein prosess som må ha si tid, og joli (særleg joleftan -13.dag) er jo generelt ei god tid for slike prosessar.

    Eg trur jo elles at folk treng sanning. At me har eit sug etter dette. Men at sanning kan koste. Nokre gonger må ein t.o.m. døy frå det ein før trudde var sant.

    «Kva er sanning» spurte Paulus. Og sanninga stod rett framføre han.

    Dersom ein relasjon betyr mykje for ein, kan ein også bli redd for å tale sant. Sanninga er nokre gonger ubarmhjertig, og kan få relasjonar til å gå i oppløysing. Det er kanskje mi største frykt. Relasjonane våre er jo det mest verdifulle me har.

    Helsing Gunhild



    ReplyDelete
  4. Telepatisk kontakt er jo elles også ein svært viktig del av kommunikasjon. Trur eg då :) Mennesket er iallefall ein svært telepatisk vesen.

    Ja, og den non-verbale kommunikasjonen. Men den er jo fråverande her i cyberspace. Så då blir nok den telepatiske desto viktigare- kanskje slik ein sans ofte kompenserer for fråværet av ein annan.

    Tusen takk for boktips! Kva heiter nemnte biografi om Augustus?

    Gunhild

    ReplyDelete
  5. Ja, mykje visdom her, som vanleg. Det er vel høveleg kommentar no. Sundkilen-saka er nok ikkje ferdig, for øvrig. Mykje ein kunne sagt, lukke til med ting. Biografien er denne:

    https://www.amazon.com/Augustus-First-Emperor-Adrian-Goldsworthy/dp/0300216661

    ReplyDelete
  6. Hyggeleg sagt då :) astrologisk sett har eg m.a. Merkur i fiskene (solteiknet mitt), noko som tilseier at eg må anstrenge meg litt ekstra for å gjere meg/bli forstått. Men kanskje du er eitt unnatak (eller om du ikkje er det, så er du nok uansett høfleg og diplomatisk (y)). Takk uansett!

    ReplyDelete
  7. På den andre sida:
    «When does a relationship become real? Once it has broken down. As long as each fullfills the other’s expectations, there is no relationship, only a contract at its transactions. Once trust is breached, a new depth must enter: The depth of the human being.
    If there is truly a relationship, if it is the person within that matters - then there is a search for forgiveness, for return and for healing.
    So it was that within 40 days of entering into a contract with the One above, the children of Israel broke the deal. And the soul below and the One Above discovered they could not part from one another».
    Rabbi Tzvi Freeman

    ReplyDelete
  8. Ja, visdom i dette. Er vel i sterkaste laget å seie "broken down", men.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog