På 80-talet var det mykje underleg norsk musikk. Dansebandmusikk og festmusikk. Mykje som vart raskt gløymt. Nokre opprørssongar. Noko KKV-songar. Det siste er nok det mest slitesterke. Elles ei mengd med "god stemning"-musikk som vart raskt gløymt. Det mest slitesterke var det som stod i kontakt med djupe tradisjonar. KKV, Eidsvåg, Halvdan Sivertsen. Også det som hadde høg musikalsk kvalitet eller var "blinkskot" (forelska i lærern etc.)
--
Kva skal ein seie om Caesar? Ein koloss. Juli. Keisar. Tsar. Men romersk, gjennomgåande. Ganske annan moral enn kristendomen, på mange vis. Dog! Mykje å lære av han er det - om å ha røter - om langsiktig planleggjing - om strategi - om handlekraft - om sjarm og framtoning. Eg har berre kome halvvegs i boka.
Under ein synsvinkel kan ein sjå heile NT som ei brytning mellom mellomtestamentleg jødedom og jødisk liv; hellenistisk kultur; romersk stat og politikk. Med sentrum i Jesus Kristus og hans liv, og rørsla som etterfylgde han. "Vicisti, Galilæe".
--
Bøker å lese: Biografi om Karl den store. Historiebok om møte mellom romarriket og barbarar. Innføringsbok om hinduisme. Encyclopedia om historie og mytologi bak LOTR. Mircea Eliades religionshistorie. Philosophy of Hebrew Scripture. You are gods. Og naturlegvis kontinuerleg musikk. Ein får ta tida til hjelp. Alle bøker pregar meg. Ei slags førebuing. På ein verdsende, som er over oss (J. Pageau). Underleg også. Eg snakkar med mange folk, intelligente folk. Nokre seier: Vi skal utvikle Thorium-kraftverk og elektrifisere maskinparken vår og så vil framtida bli meir teknologisk. Andre seier: Vi skal attende til lokalt liv, til husdyr, til beite, til lokale meieri og slakteri. Andre seier: Vi går mot tredje verdskrig. Veldig ulike framtidsvisjonar.
--
Eg ser bilete av skodespelarane frå LOTR. Ser dei same i filmane. Dei ser langt meir naturlege og sunne ut i filmane - med kleda, stilen, omgjevnadene. Det er noko å lære her.
--
Fortid vs. framtid. Ein må undrast. Eg lever på ein del vis i fortida. Born er framtida. "Etterkomarane mine er mitt evige liv", var det ein mann som sa. På eitt nivå er dette sant, og rett. Vi får for få born no, i vesten. Det har med mange ting å gjere, men også med manglande framtidstru. Manglande visjonar. Guds rike skal kome, har kome. Jesus skal kome att. Vi skal bli, er i ferd med å bli, guddomeleggjorte.
Kva betyr alt dette, eigentleg? Og liberal ideologi samt teknologi motarbeider aktivt slik tru, i alle høve. Det er eitt vonde, men ikkje "grunnproblemet", som går djupare. DB Hart har rett: Innsiktar som ein har oppnådd, kan ikkje lett leggjast til side. Dei må takast med vidare. Popper og Kuhn må ein også ta omsyn til. Ingen ser det heile biletet, men vi har våre overtydingar - saman.
Kva vil det seie å leve rett med fortida? Ein må undrast. Born og ungdom skal lærast opp i tradisjon - så brukar ein tradisjonen kreativt og lever ut frå den - og så er visdomens år, moglegvis.
--
But now that I’m older, I’m more comfortable with crapitude, both my own and that of my life. I don’t expect much from life going forward. Things are trending downward, I know that. And it used to bother me. It used to bother me a lot. But I’ve learned to adapt. The only regret I have in life is that I was born too late to see the Moon Landing, our greatest achievement. But hey, there’s always YouTube.
Kvifor feil stad? Eg er jo her :) (enn så lenge). Nei, kanskje hadde spørsmåla eigna seg for eit gruppearbeid. Eller i det minste at ein kunne tale ansikt til ansikt. Mykje awareness «går tapt» i rein skriftleg kommunikasjon.
ReplyDeleteVisdomstradisjonen seier jo at svaret er å finne i vårt indre. Men at mange av oss leitar der ute, rett og slett fordi der er meir selskap (evt lampeljos). Men: Ved å stilne tjatet i hovuda våre og gå inn i den store stilla, kan me la «den klokaste av oss tale». La oss påverke av «våre sanne sjølv». Og denne påverknaden kan me så ta med oss inn i dagen vår. Slik at sannsynet aukar for at vi slår inn på vår Veg, mot den vi allereie er i høgare sfærar (skapt i Guds bilete). I tillegg finst det også mange andre verktøy enn slik sentreringsbønn. T.d heilingsrituale, eller rett å slett å erfare det heilande potensialet i dem heilage messa
Vart nysgjerrig på J Pageau, og høyrde denne https://m.youtube.com/watch?v=91ka7aX5WY8&embeds_widget_referrer=https%3A%2F%2Fthesymbolicworld.com%2F&embeds_referring_euri=https%3A%2F%2Fcdn.embedly.com%2F&embeds_referring_origin=https%3A%2F%2Fcdn.embedly.com&source_ve_path=MA&feature=emb_rel_end
Veldig interessant og nyttig! Det gjeld å ikkje gå seg vill, eller stagnere i ein blindveg. Eller overdrive. Og Gud vert framstilt som ein som leitar (og sender hjelp i vår veg), og mennesket som den som vil bli funnen. Den Eine og dei mange, på ein gong.
Men, me må gå heile Vegen vår, det nyttar ikkje å hoppe over naudsynte faser. Dante måtte gå vegen om poesi for å komme vidare. Moglegvis må du gå vegen om å lese alle desse bøkene. Eller moglegvis er det ei kreativ tilpassing utgått på dato? Eg veit ikkje, men måtehald er vel ein god leveregel på dei fleste område av livet(?). Poenget mitt er vel bare at det er ei mengd andre ting enn bøkene me les, som påverkar oss. Kan det vere at dei vert uforholdsmessig viktige for deg?
Hmm, undrast elles på om ikkje mangel på konsentrasjon er det som gjer at me stagnerer mest i vår tid. Me kjempar mot veldig sterke krefter. Såleis er langlesing noko av det mest oppbyggeleg ein kan drive med. Så her har du noko å lære oss andre! Kom over denne idag https://www.aftenbladet.no/meninger/kommentar/i/LlVX7Q/kor-blei-det-av-konsentrasjonen?fbclid=IwAR0ZDkefHAGRRi8w8UbvJmL1gGg3BzoxAxKvrWRamxSfK4cZjtR7mF3rLXk
Mogleg at kommentaren vart litt usamanhengande. Har eit hovud som kjennes ut som det er fullt av bomull idag. Eg har til gode å finne ut kva J Pageau sin verdsende går ut på. Angåande ulike framtidsvisjonar trur eg det er viktig at me hugsar at me er skapende vesen. Dermed blir dei ulike visjonsne lett sjølvoppfyllande profetiar (kva var det eg sa, istadanfor no skapte eg faktisk det her). Det er også difor det ikkje er likegyldig kva me forsr vårt underbevisste med. For her multipliserast ideane våre opp. Då gjeld det at «grunnpremissene» er sanne (noko dei slett ikkje alltid er).Difor er det så viktig å velge «input» med omhu (og difor synest eg 4 timar speletid med Fortnite er meir enn nok for gutane mine, eller truleg vel mykje).
Helsing Gunhild
Kan feil stad kanskje henge saman med at bloggen er her på nettet. Det er jo litt paradoksalt, på sett og vis. Der røyndommen ikkje er. Hmm. Må me kanskje innsjå at det er som med alle andre avhengigheiter? Alkohol, shopping, søtsaker eller kva som helst anna ein vert avhengig av, er jo del av røyndommen. Det er jo bare at denne delen av røyndommen tek overhand, på eit vis.
ReplyDeleteOg samfunnet har ikkje komme særleg langt i å erkjenne dette (sjølv om noko er på gang). Hadde det gjort det, skulle det t.d. gått an å oppdrive kule alternative usmarte telefonar utvikla til barn (dei vert kun markedsført til bruk for eldre). Og ein burde møtt like stor forståing for at ein vil avstå frå wifi, som frå alkohol osb (gjeve at ein er alkoholiker då).
Det sanne, vakre og gode, ja. Eg trur du har rett i at kunsten byggjer bru mellom himmel og jord. Eg har også vore borti det å intonere ulike gudommelege namn, knytt til dei ulike sfærene. Eit anna kraftfullt verktøy frå visdomstradisjonen.
Eg trur kanskje eg i aukande grad klarer å skjelne melllom «oppover og nedover». Men ein kan sjølvsagt trå feil, eller bevege seg nedover. Ikkje minst blir ein påverka av omgjevnaden, som ein ikkje alltid kan styre. Eller ulike behov, t.d. er det å bygge hus på mange måtar å dykke djupt ned i materien. Viktigaste er kanskje awarenessen eller varheiten på kva ein gjer, og korleis dette påverkar ein. I krevande tider kan det vere best å late som ein er ein stein, har eg tenkt. Som toler ein storm eller to, utan å gå sund.
Helsing Gunhild
Ja. Påverknad er viktig. Miljøet og folka og kulturen. Ekstremt viktig. Naturen. Bøker er viktige, men ja, avgrensa. Eg slår på på radioen. Fyrste eg høyrer er feminist-junk. "Kvinner er like kunnskapsrike om herrefotball som menn" etc. Slår av. Slår på. "Up all night to get lucky, up all night to get lucky". Junk. Slår av. Etc. Så avsondring. Noko å undrast på. Viktig å vere stille også, ja. Takk for kommentar.
ReplyDeleteJa, eg høyrer kva du seier. Eit lite visdomsord, til ettertanke:
ReplyDelete«The soul emerges from her intimate bond with G-d and invests herself within a human form, wrapped up with the transient concerns and pain of the flesh. Yet the imprint of that bond is never erased.
It is that bond that pulls her incessantly to return, like a magnet pulled towards its lost other half. All the searching of the human soul is an outward expression of this dynamic, this thirst to return.
Yet, as innate as this yearning may be, it must nevertheless be awakened. To thist for closeness, the soul must first realize she is distant.
That is why return in all its strength and passion is found in the soul which has wandered far from her true self- and then awakened to recognize she is lost.
There is great bounty to be found in this journey. For the soul is G-d’s fishing net. In her desperation to reunite with Him, she find G-d in every corner of His world. And so, these too are pulled in».
Rabbi Tzvi Freeman
Eit til:
ReplyDelete«Absorbed in this world, you have made it your burden. Rise above this world. There is another vision»
Rumi
Ein interessant framtidsvisjon: nedvekst
ReplyDeletehttps://www.nrk.no/trondelag/xl/nedvekst_-vil-ha-et-samfunn-der-alle-jobber-og-tjener-mindre-1.16471396
I neste lønnsforhandling forhandlar me lønningane ned🙏🏼💥⭐️
Helsing Gunhild
Eg las litt om Rumi på Wikipedia, og fekk lyst til å dele med deg. Eg trur dette også er kjerna i den kristne læra, der Kristus representerer både kjærleik og einskao, t.d. «Det er i Han me lever, rører oss of er til» (fritt etter minnet).
ReplyDelete«Det gjennomgående temaet i tenkningen hans, er som for andre sufistiske tenkere i den persiske tradisjonen, er læren om Tawhīd (enhet) og fellesskap med en kjærlig Gud, som mennesket hadde blitt adskilt fra, samt lengselen og trangen til å bli gjenforent med Gud som tilværelsens rot og opprinnelse.
Rumis lære baserer seg på at kjærlighet er Universets hovedkraft. Unverset er en «harmonisk helhet» hvor hver enkelt bestanddel står i et kjærlighetsforhold til hverandre, og denne kjærligheten gjengjeldes helt og fullstendig av Gud og bare gjennom hans kjærlighet kan liv eksistere.
Mennesket er en del av denne harmoniske helheten, men kan oppnå denne harmonien mellom seg selv og universet når det lærer å elske Gud. Sin kjærlighet til Gud kan en oppnå ikke bare når man har lært seg å elske sine medmennesker, men elske alt alt i Guds skaperverk.
Det å komme nær Guds kjærlighet er sentralt i denne læren, slik det er for det meste innen Sufismen, og oppfylle dette mens man lever. En viktig årsak for Rumis berømmelse, er hans dyktighet og evne til å uttrykke denne læren gjennom poesi på en uovertruffen vakker måte. Han beskriver disse sterke følelsene på en treffende og presis måte, både når det gjelder gleden ved å komme nærmere Gud, hvordan man gjennom troen kan arbeide seg nærmere Gud. Som andre mystikere benevner han Gud som den «elskede» og den menneskelige sjel som er på søken etter Gud, som den «elskende».
Det var ikkje dumt. Og samstundes må vel slik mystikk "ritualiserast" på eitt eller anna nivå også. (Om enn berre å sitje i stille meditasjon i fellesskap i naturen el. l.)
ReplyDeleteInteressant dette med "nedvekst". Det drøftast av David Fleming i "Lean Logic". Han er ikkje optimistisk, på vegne av storsamfunnet, men er veldig for ideen. Og den vil nok kome (er her allereie!!) Paradoks er det at "crunchen" går andre vegen; vi vil moglegvis bli tvinga til å jobbe meir og lengre (gjer det allereie...) Eg er veldig for tanken, men det må gjennomtenkast. Forsørgjer ein andre, til dømes, så treng ein ressursar. Og makt er i utgangspunktet eit gode som ein ikkje berre bør sky unna.
Til det første: ja, det er fint å ha støtte i ein tradisjon. Og fellesskap med likesinna. Men det viktigaste er kanskje å jobbe med eigen awareness/varheit. Å observere seg sjølv, reflektere og korrigere. Ref. at det visstnok er sagt at eit liv som ikkje er reflektert over, ikkje er ordentleg levd (eller noko slikt). Og den instansen som observerer i deg, det er ditt høgare Sjølv. For din del: Hallvard med stor H.
ReplyDeleteDette siste var elles noko eg lærte om då eg var på livd på Nutheim for 2,5 år sidan, og harmonerer også med gestalttenking (som går ut på at meir awareness er ein bra ting i seg sjølv). Men noko eg forstod då eg tok EXIT-utdanninga, er at denne funksjonen er sterkt svekka hos mange traumatiserte. Så på same måte som gestaltterapi moglegvis ikkje er ideelt ved traumer (pga for skremmande å vere her og nå, og observere seg sjølv). Så treng ein moglegvis traumestabilisering (t.d. EXIT), før ein er klar for å observere, reflektere og korrigere seg sjølv.
Til det andre: ja, me treng ressursar, men ikkje på nåmenær så mykje som forbrukast idag. Eg trur me må redefinere kva eit godt liv er og ikkje er. Kva fattigdom er. Materielt og spirituelt. Eit anna visdomsord eg kom over idag (dette var visst dagen eg gjekk amok med visdomsord;-)
«Be om materiell og spirituell velferd for verda. Og lev deretter slik at du sjølv vert svaret på denne bøna» (fritt etter minnet). Og, om du søker makt, vert evna til sjølvrefleksjon ekstremt viktig. For når oppfyller ein eigentleg heilt legitime behov (for seg sjølv, for situasjonen)? Og når bikkar maktbruken over i falske lykkestrategiar, som resulterer overdriven maktbruk/maktmisbruk (eller overoppfylling av behov)?
Helsing Gunhild
Døme på note from my Higher Self: Ikkje forsøk å vekke deg sjølv opp frå dvale/frys med EXIT e.l. med mindre du faktisk er i trygge omgjevnader. Spesielt ikkje om du i tillegg til å ivareta deg sjølv, også treng å ivareta andre.
ReplyDeleteOg ofte lærer ein jo på den harde måten, gjennom å trå feil. Takk Gud for nåden🙏🏼💥⭐️
Eit døme til: Meditasjon fungerer derimot særs bra, også i utrygge omgjevnader. Truleg aukar slik aktivitet evna di til å ivareta deg sjølv og andre.
ReplyDeleteHm, ja, mykje å tenke på her.
ReplyDeleteJa, du får tygge på det, og spytte ut det som ikkje passar. Ein annan ting, som kan vere verdt å grunne på: Ingenting av det som skjer i liva våre er tilfeldig. Nettopp fordi det er i Han me lever, rører oss og er til.
ReplyDeleteNo skal eg forsøke meg på ein digital detox igjen. Forhåpentlegvis blir måteholdet av ein varig karakter (og det blir heilt slutt på Facebook). Gutane også, dei går frå fri flyt til skjermtid avgrensa til kl 18-22, inkludert max 2 timar Fortnite.
Rektig Godt nyttår 2024💥
Gunhild
Jo, godt nytt år!
ReplyDeleteHei Hallvard! Veldig artig å se at du blogger igjen! Jeg leser med interesse! Håper du fortsetter - jeg hiver meg gjerne på i å reflektere i fellesskap rundt disse tingene. Viktige og mektige problemstillinger.
ReplyDelete