Ei erkjenning. 

Salmeboka vår er ein skatt. Etter Bibelen kanskje den viktigaste boka i Noreg(?) Ei mengd dikt og salmar frå mange epokar, høg kvalitet på det meste. Brukast gjennom heile året, for alle nordmenn (unnateke innvandrarar etc.)

Det er ei bønebok bak i salmeboka. Den er ofte begredeleg. Tidebønene er relativt gode, men ikkje mykje utvikla. Mykje av det andre er rett og slett ikkje bra (ikkje gjennomtenkt, ikkje slitesterkt, ikkje bibelsk språk etc.), og eg trur ikkje det blir bruka. 

Ting som dette gjer meg på ein måte frustrert; det er nokon som ikkje nett har gjort jobben sin godt nok. 

Men problemet er av meir prinsipiell art, skjønar eg etter å ha lese i musikkhistoria. Saka er at i den lutherske kyrkja ER salmeboka bøneboka. Gregorianske melodiar og latinske liturgiske bøner vart sjalta ut til fordel for koralar med folkeleg språk og meir tilgjengelege melodiar. Likevel: Luther ivaretok grunntrekka i messa, og også mange av dei gamle liturgiske salmane - men i tysk språkdrakt og med forenkla melodiar. 

Her er såleis eit prinsipielt problem som forklarar mykje. Eg har spurte mange i Dnk om melodiar til tidebøner. Ingen har kunna hjelpe meg, det finst veldig lite materiale. Kirkelig fornyelse gav ut ei god bok (bokmål!), og Ødegaard i Sauherad har skipa til kurs og sendt meg materiale. Eg måtte då lære meg gregoriansk notasjon...som eg diverre ikkje er heilt i mål med. 

Ødegaard skriv veldig interessant om heile tematikken her: 

https://www.henrikoedegaard.no/gregoriansk-sang.html


"Korleis skal vi be?" Den lutherske kyrkja svarar rett og slett: "Med messeliturgi - og salmesong. Og det er tankevekkande at veldig mykje av innhaldet i salmar er bøner som vendast til Faderen/Sonen. Men, ja - eg ser det som eit gode at salmane supplerast med faste tidebøner som varierer med kyrkjeåret. 



Ei erkjenning til. 

"Bells and smells" er det noko som heiter. Sjølv trur eg at det å innføre meir av slikt i liturgien, ville fungere styrkande for truslivet, og ville overtyde fleire. Det er sterke ting, så å seie. Særskilt kombinert med kunst av høg kvalitet, ikon etc. (Igjen er det noko frustrerande med kyrkjeleiing som ikkje alltid tenker nok gjennom desse tinga). 

Noko å tenke på, er at desse tinga er bruka også i andre religionar, gjennom tidene. Og - dei kan brukast til å formane til menneskeofring eller til å gå til krig mot andre stammer. Det er noko ein lærer av å lese om romarriket og om germanske stammer. 

Comments

  1. Veldig interessant, alt saman!

    +Stein i St.Eysteinfelleskapen har nyleg sendt ut tidebønnmateriale som me nyttar. Og også gjort filmopptak av m.a. laudes for å vise melodi. Men tidebønner kan også gjerast utan song (t.d. om ein er ein av dei som ikkje kan synge). Uansett er også pausene etter kvar line svært viktig i tidebønner.

    Om du vil ha pdf-ar og lydfil, kan du jo ta kontakt med +Stein, og vise til kva eg har sagt.

    Bells and smells var eit nytt utrykk for meg. Men har jo mykje erfaring med bruk av både dette og ikon frå St.Eystein. Eg trur det handlar om noko av det same som sakramenta, at noko i det ytre blir berar/vektor for det heilage. Sentralt i dette er heilaggjeringa av både røykelse og ikon (og også andre gjenstandar/element, som krusifiks, rosenkransar, vatn, olje) . Røykelsen ber bønene våre heilt opp til den øvste sfæren. Og me ber om at Jesus (som øvsteprest) ber dei fram for oss der.

    Når eg sjølv har fått noko heilaggjort, har eg lagt merke til at dei ser og verkar annleis etterpå. T.d. ikona, dei vert liksom klarare, på ein måte.

    Eg sendte deg også akkurat ein mail, med info om St. Eystein. Det er visst også nokre andre prestar i DnK som viser interesse for virket vårt. Så du er nok ikkje aleine om å tenke akkurat desse tankane!

    Ja, kanskje me sjåast på messe på Nutheim neste søndag :) jf mailen.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Takk. Ja, sterke ting, dette. S Versto er mykje inne i tinga. Vår gode prost er ganske skeptisk og "held att" for økumenisk dialog. Dette kan det også vere gode grunnar for etc. Fair enough. Ja. Ei anna erkjenning eg har, er at det å tenne ljos foran eit bilete av ein død, eller eit element knytt til personen (gravstein, eigedel etc.) levandegjer personen. Dette er også eit felles-religiøst element, på mange vis.

    ReplyDelete
  3. Eg skjønar, trur eg då, på eit nivå. På andre nivå ikkje. Eg kjenner iallefall klart og tydeleg kvar eg sjølv høyrer heime. Men prosten har sjølvsagt andre omsyn å ta. Så som du seier, fair enough (but still…)

    Hmm, tenker på ei erfaring frå terapien, kor viktig det er å vere skipper på eiga skute. Dette gjeld vel også når me ferdast på Vegen. Og når me glimtvis forstår at illusjonen om separasjon ikkje er sann, ja så styrkar det nemnte autonomi. Kanskje er det den største skilnaden mellom desse to trussamfunna. Dvs kor sterkt illusjonen om separasjon gjer seg gjeldande. Og om me har ei klar retning.

    Men desto finare at nokre av dykk i DnK ynskjer endring/ser utviklingspotensialet. Det gjev iallefall håp for framtida. Noko verda sårt treng i dag.

    Foresten, om du skal sjå bare ein jolekalender på tv, anbefalar eg «Pakten» på nrk.no. Eg ser den kvar jol med eldste, og me blir aldri lei. Masse visdom! Og trur også du kan like «tidsånda» (den er frå 2008, og tilgjengeleg fram til september).

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Takk for tips. Ja, viktig å vere skipper på eiga skute. Eg tenker sjølv at Dnk har mykje godt for seg, men er altfor...hm..."defensiv" mtp. ... mange ting.

    ReplyDelete
  5. Her også; berører strenger hos meg selv. Enig i det du sier om salmeboka - OG bønnebok-delen bak. Selv følger jeg Den katolske kirkes tidebønns-bøker. Der finnes det fullt sett med melodier om man vil (i egne bøker), i hovedsak komponert av Wolfgang Plagge (hvis jeg har forstått det riktig).

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog