Det er 12. desember. Det er ti dagar til solsnu. Vårteikna viser seg tidlegare enn ein skulle tru. 


Hellbillies-Røta. Ein god song. Eg syng han i ulike samanhengar. Vidt ulike reaksjonar frå dei som høyrer på. Nokre gret. Nokre blir tome i blikket, som om dei erkjenner kva dei manglar - eller som at dei ikkje forstår noko av songen. Nokre blir glade. Nokre tenker djupt - dei høyrer noko som få har sagt så tydeleg. Dei ser underleg på meg. "Kva er det han syng?" Tuva Syvertsens versjon er best.



Shane McG. Litt av ei gravferd han fekk, ei underleg gravferd. Underleg, eg veit ikkje. Requiem-konsert. Men det var ekte kjensler der, og respekt. Masse sorg og glede, i ei gravferd. Hm. Systera sa: Det viktigaste for Sh var mors tru, fars litteratur, storfamiliens kultur og forteljingar frå det djupe Irland. Sh flytta til London og spela punk. Det vart ikkje retning for han, før han valte å sameine det djupe heimafrå, med punkmusikken. Då spela han på djupe strengar, og spela seg inn i heile den britiske og irske folkesjela. Men han var ein djup misbrukar, og det bør ikkje romantiserast.



Tala med ukrainarar. "Syng de jolesongar i heimlandet? Har de nokon?" "Nei..., kanskje - Carol of the bells". "Har de høyrt denne og denne middelaldermelodien?" "Nei..." "Kva med folkemusikk...de har flott folkemusikk, kjenner de til noko slikt?" "Nei..." "...kva høyrer de på av musikk, då...?" "Rap." :-s 




Eg såg nokre klipp frå MTV 1993 og 1994. Ei fin tid?? Jo, og nei. Det var chill med tv etter skulen, frosen pizza og vere med bror min. Det var det det var. Noko slo meg. Det var unge damer som presenterte "topp 20". Alle produsentar var dog menn. Damene var søte og milde og "uinteresserte", "kopla av". Kva var det? Jo - ironigenerasjonen. Damene var sikkert døypte i ei gamal kyrkje, dei hadde besteforeldre, dei kunne sikkert gamle salmar og viser og besøkte gardar på landet med djupe tradisjonar ETC. Men ingenting av dette slapp til på MTV. Her var det som om "ingen ting betyr eigentleg noko - kun å chille". TV, frosen pizza, HC Andersen på TV etc. 

Det var likevel noko der - ein uerkjent arv frå det gamle Europa, som kom til uttrykk i "post-sovjetisk pan-europeisk velvilje", så å seie. På programma var det mykje tale om "Europa", det var europeiske programleiarar, det var sendetider frå ulike hovudstader i Europa, det var tale om paneuropeisk fellesskap. Dog, utan historie og religion. Meir som "post-sovjetisk kapitalisme, med EU-nettverk over" + også mykje innverknad frå USA, særleg i form av reklamar. Eg hadde gløymt trekka frå denne tida, men det var mykje slik. U2 reiste til Berlin og spela inn "Zooropa" og hadde kitch kommunist-estetikk i turnekunsten. Alt dette kunne dog ikkje vare. 

(U2, Zooropa, Island Records)

Musikken? Mykje kommersiell datamusikk frå Europa, ein del amerikansk rap, masse halvnakne kroppar og seksualitet og rytmar. Innimellom var det songar med varande kvalitet, songar som kunne bli klassikarar. Springsteen, Depeche Mode, Roxette, Ace of Base ( :-) ) For så vidt mykje festleg musikk, litt som tyggegummi. Det var litt som at post-90 skulle vere ein stor og evigvarande fest. Ein kontrast til dagens musikk, som er langt mørkare. Dog - grungen hadde også kome til USA på denne tida, og der var det meir nerve. Denne var dog ikkje så sterk på MTV Europe på denne tida. 



- Så eg var på sanitetslaget si jolesamling og song songar og tala med dei. Mange damer, ein heil haug. Damer eg har kjent heile livet, stort sett. Eit paradoks. Eg skoda dei og vart audmjuk. Eg kjenner borna deira, borneborna deira, ektefolka deira. Eg har sett dei i arbeid. Eg veit kva dei har stått på med - i ekteskap, barneoppseding, matlaging, handarbeid, selskapsstell, styre av heim og foreiningar, yrkesliv og mykje anna. Lives well lived. Dei er ulike, men eigentleg ikkje så veldig ulike heller. Kvinner med noko ulike personlegdomar. Eit paradoks - at kvinnenatur i dag vert freista utviska, slik som mannsnatur også vert det, slik som også kjønn generelt vert det. (Jfr. nye lovforslag). Kva skal ein seie. 



- Så eg les vestleg musikkhistorie ganske grundig. I renessansen les vi om ars antiqua, ars nova...og ars subtilior. Ei rørsle som ikkje varte lenge - veldig kompleks musikk. Det fylgjande er eit døme. Svært vakker musikk er det :-s Eit mål, starte high-end kor som kan synge stoff som dette. I alle høve. Nokon seier: "Du kan finne alt på internett!" Noja. Nei. Ein finn langt meir i fagbøker. 

 

Let us rejoice in the worship of Christ in unison Noel Noel 
 This is the preeminent birth our redemption 
for he had been humanity subjugated to the devil. Noel Noel 

 From this then let us shout slaves before now free 
let us give thanksgiving praises to Christ on this feast so famous. Noel Noel 

 It is carried to the altar with great reverence 
the circumcised is sacrificed this observance of the law.



- Men eg vil reflektere meir. Eg skriv i kyrkjebladet om brettspel. Det var veldig triveleg å spele brettspel på førre samling i klubben. Var så triveleg at vi sat frå 1800 til 0030. Det var for seint, og eg angra på nettopp det, men det var veldig gøy og triveleg. Det får meg til å tenke. Godt å vere saman. Godt å leve seg inn i spelet! Godt å konkurrere, meistre. Spel og spenning. Røyndomsflukt? Eller å kome djupare inn i røyndomen?? Ein må undrast. På sett og vis tema for Miyazaki sin siste film. Teiknefilm er også kunst, "ikkje-ekte", men så er det jo likevel "inn i røyndomen." 

Å leike og å spele er noko heilt essensielt ved å vere menneske, det er saka. Homo Ludens? Eller Homo Oeconomicus? Oikonomia tyder eigentleg "meininga i huset/heimen". Språket avslører. "Leik" "Spel". Brukast om teater, drama, musikk, bryting, lagsport, musikk, menneskeleg interaksjon i mange former. Også om verfenomen. Eg vil sjå nærare på Huizingas Homo Ludens. Eg undrast. 

Comments

  1. Hei, eg likar også Tuva Syvertsen sin versjon av Røta (har dog ikkje høyrt ho synge den før no, så takk for tipset!). Ho har verkeleg stor innleving. Skulle gjerne høyre deg synge den ein gong! Men passar kanskje ikkje på jolekonsertar-

    Fint musikk-klipp også. Men kva er high- end kor? Desse har eg blitt tipsa om gjennom St.Eysteinfelleskapen: https://m.youtube.com/watch?v=s886R9tw948&list=PL1nL8HRRj6UNPi9yEgSkavuFU0J9Q5euF&pp=iAQB. Det er eit klosterfelleskap i Frankrike, Fraternite de Monastique de Jerusalem. Heilande og kontemplativt og eit eller anna meir. MTV såg eg btw aldri på, me hadde bare nrk og ein snogute TV2 på Møsasida.

    Angåande kjønnsforvirring så kan ein iallefall seie at ein ikkje blir med på dette. Også trur eg ein, som eg også skreiv for litt sidan i annan samanheng, må finne tilbake til «poenget» med mann og kvinne. Slik sett kunne ein sett dette fenomenet i tida som ein gyllen moglegheit til å klargjere desse tinga for seg sjølv og andre. Og kristne har vel til alle tider turt å vere annleis (eller tør me det kanskje no i mindre grad enn før?). Merkeleg korleis ein no til dags går rundt med ei forventning på ei rekke felt at alt skal vere så enkelt og greitt. Det er ikkje slik livet er, stort sett.

    Homo Ludens kunne eg også tenke meg å lese. I EXIT seier me jo at me skapar eit leikerom på venterommet. Og ein måte å få dei vaksne med på leiken, er å ha born med i gruppa. Då tillater dei vaksne seg også å leike. Ein av teoretikarane bak psykodrama (moglegvis Moremo) skal ha sagt, at der leiken startar, sluttar terapien. Leik er m.a.o. heilande.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Takk for musikktips, det høyrest veldig bra ut. High-end kor...eg er veldig ambisiøs mtp musikk. Det krev at kormedlemer anten er villige til å lære (verkeleg), eller at dei kan ein del frå før (dvs. kan lese noter, kan grunnleggjande dynamikk, kan synge i harmoni med koret mm.) Då opnar dører seg - ein kan synge Pärt, Tavener, Bach, Rachmaninoff og skape magiske opplevingar, og befrukte kulturen. Eg har sunge i mange trivelege kor oppigjennom, men stundom er det motsetnad mellom "kor som sosialt prosjekt" og "kor som musikalsk/mystisk prosjekt".

    Du har rett i at dører opner seg også mtp å stå for noko, så å seie, i vanskelege tider. Det vil presse seg fram "alternative røyster", sjølv om vi ser lite til det i Noreg førebels. Det er nok mest i subkulturar "under radaren", og jordbunde og tradisjonsbunde kulturar, ein må søke til det sunne på desse områda. Men staten er ein mektig aktør, det ynskjer eg ikkje å underslå. Livet må finne sin veg og si form uansett kva samfunn vi lever i. Nei, eg er splitta på dette. Det er klassisk "De civitate dei"-stoff (kva skulle kristne gjere då romarriket falt, under barbarar?), og denne boka var elles favorittboka til Charlemagne, som han stadig diskuterte med andre. Eg trur nok vi er vitne til "slow motion" dekonstruksjon av den liberale vestlege orden frå 1800-talet av. Men noko (mykje) vil vekse vidare.

    ReplyDelete
  3. Det verkar jo krevande, men sikkert også gjevande, å synge i eit slik kor. Då må ein nok ha trua på at ein kan synge. Har du tenkt å vere dirigent?

    Livet vil finne sin veg, og noko vil vekse vidare (y). Så får ein forsøke å vere dirigent i eige liv, etter beste evne. Håpar eg kjem meg på jolekonserten dykkar på sondag.
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Litt forvirra ang tidspunkt for jolekonsert/messe imorgon: i VTB står kl 18, men på ein oversikt på Bandak band si Facebook-side står kl 17. Kva er rett?
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  5. Hei, det er 18, ja. Så det er nok ein feil på fb-sida. Jolekonserten blir elles ganske tradisjonell, får ein seie, men velkomen skal du vere, i alle høve :) Ja, ein må ha trua. Eg vil dirigere sjølv, ja. Eg har trua (y)

    ReplyDelete
  6. Hei, det er jolekonserten på Åmdals Verk 29. desember som er kl. 17. Til orientering.

    ReplyDelete
  7. Takk for info :) Gler meg.
    Bra du har trua! Eg skulle gjerne lære å synge, men det skortar ein del på trua.
    I St.Eysteinfelleskapen må ein synge reint om ein skal vere med å synge. Eg trudde lenge eg var tonedøv, men så kunne eg kanskje få det til likevel (fann eg nyleg ut). Då vert både tidebønner og anna liturgi «rikare». Eller eigen innleving vert betre. Så det er vel verdt eit ærleg forsøk, iallefall.
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog