Nokre naturopplevingar i dag. 

Stod opp, reiste til ein plass i skogen, såg soloppgangen. Vart positivt overraska. Song ein salme, "Nå rinner solen opp av østerlide, forgyller bergets topp og fjellets side." Ja. Slik var det. Eg pakka ved i sekkar. Stille rundt meg. Bortsett frå små knuslingar her og der. Huh? Mus? Kva er det? Lauv. Fyrst nokre få, så minutt for minutt, fleire og fleire, som regn frå himmelen. Bjørka skjønar. No blir det vinter. Det var fyrste ordentlege frostnatt, minus 8 grader. Bjørka feller lauv sist. Då blir det vinter. Regn av lauv, utan vind! 

Det er lett å stå tidleg opp og arbeide, og å bli motivert for å leggje seg tidleg, når ein kan gle seg til å arbeide med noko positivt og sunt i naturen på morgonen. Blir opprørt når eg tenker på det.

Vidare til Austheii, og Lauvvikvegen mot Dalen. Med bil. Bratt fjellside oppover, bratt fjell nedover. 2 rådyr midt i vegen. Eg skjønar. Nervesystema våre må kome på same bylgjelengd. Eg bremsa ned og køyrde sakte. Dei roa seg ned. Dei småjogga litt framover, framfor meg. Snusa på venstre side, så høgre side. Bratt, nei, dei fekk gå litt vidare. Vi nærma oss eit stykke veg der eg visste at det ville vere få moglegheiter for å kome seg av, på ei lang stund. Og eg hadde dårleg tid. 

Eg stansa bilen og gjorde signal med armane til rådyra. "Kva vil de gjere??" Dei såg på meg. Eg peika opp i lia, der det var mogleg å gå oppover. Dei såg på meg. Freista å gå vidare. Eg gjekk ut av bilen. Plystra på dei. Dei snudde og såg på meg. Eg peika opp i lia, og sa: "De må gå av vegen. Gå opp der." Eg sa det nokre gonger. Så lystra dei. Snudde seg rundt, og gjekk roleg oppover bakken. Eg køyrde forbi, stansa opp. Dei såg på meg, og eg sa "Ha det bra!" Så køyrde eg vidare. 

Det er underleg. Eg lærte, av nokre bøker eg las ein gong, at dersom ein føreset at dyr og planter er intelligente, og forstår - så gjer dei ofte det. Dei som har arbeidd med dyr, veit dette betre enn meg, ofte. Mange i norsk kultur lo av Märtha, som sa ho kunne snakke med hestar. Joke's on them, som det heiter. 

Comments

  1. Dyra har ein annan, lågare frekvens av det same medvitet som menneska har. Medvitet til den Eine. Det er nok difor me kan kommunisere :)

    ReplyDelete
  2. Bjørka skjønar og rådyret skjønar. Mon tru kor mykje ein som menneske eigentleg skjønar? Jentungen har lært ein sang i barnehagen, der refrenget er slik: «Det er lett å gå seg vill, i en verden det skjer så mange ting». Det verkar som at nokre av svara er å finne i naturen. Også ein grunn til at det er så viktig å stoppe utbygginga i Sundkilen. Me har snudd ryggen til naturen så lenge no. På tide å snu seg og verkeleg sjå- Og be om orsaking for at det tok så lang tid.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  3. Veldig samd. Men så blir det konkrete spørsmål knytt til kva dette faktisk tyder, i praksis, dette å vende attende til naturen (for så vidt eit klassisk "rop" i moderne tid, jfr. Goethe, Rosseau og andre). Men samd, ja. Eg hadde ei samtale til å førebu gravferd, for ein mann som vart gamal. Han bruka ledige stunder til å kome seg opp på hytta på "heii". Fiske, fyre i peisen, plukke ber, småviltjakt, gå turar etc. Det slo meg at det nok var veldig viktig for hans livskvalitet og helse.

    ReplyDelete
  4. Ja, å stoppe utbygginga ville kanskje bety aller mest for å skape presedens eller peike ut ei retning. Gjere oss meir medvitne.

    Kom til å tenke på noko som vart sagt om flyktningar, i pensum til den traumestabiliserande intervensjonen EXIT. Det er sjeldan lett for ein flyktning i eksil å vende tilbake til heimlandet. Fordi han har vorte endra av eksilet. Og heimlandet har også gått vidare, i mellomtida.

    Slik er det kanskje også med oss og naturen. Me må finne opp oss sjølve i møte med naturen på nytt. Her verkar det som at du er på god veg- og kanskje også har noko å lære andre.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  5. Hm, eg veit ikkje, men takk. Eg prøvar, i alle fall :-s Vanskeleg tematikk, med arbeid, cash flow, fritid, kva ein eigentleg vil etc.

    ReplyDelete
  6. Kva ein eigentleg vil- det er vel ofte også Guds vilje. Impulsen vår, kva situasjonen treng, the Id of the situation. Livet er igrunnen eit stort eventyr :)

    Og det som er Guds vilje, legg seg gjerne til rette. Medan det som ikkje er det, ofte er svært vanskeleg å få til. Trur eg då.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog