Musica perennis?
"Kva er meininga med musikken - kva vil de med han?" Eit spørsmål ein gamal pinseven stilte til bandet mitt etter at vi hadde bråka på bedehuset. Over 20 år sidan. Eit verdig spørsmål, vanskeleg å svare på. Eit enormt komplekst spørsmål. Men ein må gjere val når ein skal framføre noko, eller skape noko. Dilemma.
Eit mogleg utgangspunkt: Spele og synge noko som blir sunge om 100 år, eller som står i tradisjonar som vil bli haldne i hevd om 100 år. 90-talsmusikken eg vaks opp med, så rart. Eg elskar den på mange vis, men høyrer ikkje så mykje på han. Ingen gjer det i dag, unnateke dei som reiser på "we love the 90s". Det er ikkje djupt nok, ikkje sterkt nok, ikkje ekte nok. Dei beste songane frå epoken er songar som samplar tidlegare, meir klassiske songar!! Eg trur mest eg elskar han fordi det er gode minne knytt til han (viktig nok). Og det er liv og røre og seksualitet i musikken.
Eg spelar meg gjennom norske songbøker. Nokre songar har vorte klassikarar, andre verkar utdaterte og platte. (Bjørnson er lett å trekke fram). Men musikken kan ikkje lausrivast frå trua i samtida, livsstilen i samtida, filosofien i samtida! Vi song ikkje "Brøyte seg rydning i svartaste skog" i min barndom. Men no kan songen syngast att, for no har dette vorte "in". Pietistiske, inderlege salmar er "ut" no for tida, men kan kome att. Etc.
Dersom eg ser meg sjølv som ein del av ei historie, eit landskap, eit fellesskap, ei tru - så pregast songvalet av det. Dersom eg ikkje ser meg sjølv som ein del av det (t. d. ved å bu i ei blokk i ein by og vere online), så pregast songvalet også av det. Musikken vert prega av omgjevnader - men det er også vice versa. Ein pregar omgjevnadene med vala ein tek. Og ein pregar seg sjølv.
Eit spørsmål blir i kor stor grad ein skal vere lojal mot ein musikalsk tradisjon. Å vere for bunden er ikkje bra, trur eg. Då blir ein lett "blind" - tradisjonar får også mykje ljos kasta over seg frå utsida. Men å ikkje vere i nokon tradisjon, er heller ikkje bra. Då blir ein som eit lauv i vinden, eller ein blir kasta rundt på bylgjene på havet. Ingen røter, ikkje liv, ikkje noko som veks fram og veks seg sterkt. Dog - tradisjonar i kontakt med kvarandre kan vere veldig spennande.
Underleg - den som opnar munnen og slår ein gitarstreng, uttrykker ei enorm mengd med historie. Noko er fysisk "substratum" - treet i gitaren, kjøt og blod i kroppen. Dette er også ein arv av evolusjon, nedarva organismar, epigenetisk arv frå forfedrane, eit resultat av enormt med val som forfedrane har gjort - prega av deira leveforhold... Og gitaren? Ikkje berre i forma, i uttrykket (nedarva frå maurarane, vidare nedover i spansk historie, heilt til handverkaren sine hender som forma gitaren +++ ), men også i intonasjonen, 12-tonesystemet, det musikalske uttrykket (med røter i frankiske kloster, gregorianske tidebøner, utvikla over hundreåra i polyfoni og notasjon og stilartar etc.) For ikkje å tale om produksjonskjeder mm.
Dog har vi fridom til å påverke tradisjonsstraumen, skulle vi ynskje det. I nokon grad høyrer kreativitet og vilje med som ein ibuande del av å vere menneske. Dette kan utvidast og utviklast. Kanskje eit vesentleg poeng her, er at musikk i seg sjølv ikkje er ein isolert og tidlaus storleik, men deltek i breiare lag av røyndomen. Når ein erkjenner dette, blir ein på sett og vis også klar over at ein er nøydd til å uttrykke noko breiare med musikken, anten ein vil eller ei.
Meininga med musikken- etter mi meining er det rørsle. Mi erfaring er at musikk som bevegar ein innvendig, også gjev ein lyst til å bevege seg i det ytre. Og dermed både hjelper ein med å komme i kontakt med kjensler, og å uttrykke kven ein er i verda. Eller hjelper ein med å grunne seg sjølv. Rørsle er veldig sunt- både i det indre og det ytre (og noko som ofte manglar hos den traumatiserte, som er fast i frys eller fight /flight).
ReplyDeleteMusikk er jo ein modalitet av eit kunstuttrykk- lyd. Som gjer eit inntrykk- som ein igjen kan gje eit nytt uttrykk. Ja, og altså moglegvis i ein annan modalitet. Som rørsle. Eller fargar/former.
I EXIT har me «bare» musikk i dyredansen. https://open.spotify.com/track/2N0ErmialAxL0Fv17uwkEh?si=PfzhZv3_R4qxZQ7u6kH9tw
Dette er ein speildans der ein dansar styrkedyret sitt (eller gjer rørslene til dette dyret). Musikkbruken avgrensast i EXIT, fordi det kan vere risikabelt å nytte musikk i møte med traumatiserte menneske. Den kan jo dessverre også misbrukast, t.d. under tortur :-/
Helsing Gunhild
Eg er dels samd i dette. Rørsle er viktig, essensielt etc. Eg har sett at når eg har bassgitar, dvs. spelar det sjølv, så "driv eg" folk til rørsle. Utan bass er det ikkje like enkelt. Eg trur det er fordi bass appellerer til sentrale delar av kroppen - mageregion, hofter etc. Men! Eg kan synge djupe og sterke songar som rører folk sterkt - særleg dersom "settingen" eller situasjonen underbyggjer - men der rørslene ikkje er særleg framme. Til dømes ein sterk song i ei gravferd, som vert kveda. "Store, store Gud" el. l. Dette har eg opplevd mange gonger. Men kanskje "rørsla" i så måte er typisk "traumeutløysande" gråterørsler, eller "tung pust", eller "halde rundt kvarandre" el. l. som pressar seg på el. l. (Slikt har eg også opplevd mange gonger, i kyrkjelyd/publikum). I det heile ville eg gjerne spela meir musikk med rørsler. Eg manglar ein habil og rytmisk bassist.
ReplyDeleteHmm, rørsla kan jo også vere «bare» i det indre. Det er kanskje der ho må starte for den traumatiserte, før denne får rekalibrert det autonome nervesystemet sitt. Det er nok ein grunn til at kunst kan vere så heilande (også poesi og skjønnlitteratur). Me blir rørt, og då kjem me altså i rørsle. Og rørsla kjem frå den Eine (som elles også var det eg fann ut at perennis handla om på Wikipedia). Frå Den som heilar.
ReplyDeleteMen også fint/sunt å gje den indre rørsla/kjensla eit kroppsleg uttrykk, om mogleg. Kroppane våre er jo berarar av så mykje informasjon om livsrommet vårt, bodily knowing. Ein stegvis prosess, etter mi erfaring. Eg dansa aldri før, men no synest eg det er fantastisk å bevege seg fritt til
musikk, slik kroppen til ei kvar tid vil. Og då vel eg musikk som også rører meg innvendig. For meg er det grunning, å vekke neg sjølv frå dvalen/frysen/numminga.
Den bassisten din dukkar nok også opp når tida er inne :)
Helsing Gunhild
Takk for oppmuntring. Viktig, dette, å røre seg til musikken. Eg har null problem med det når eg spelar og syng sjølv, er litt verre når eg står og høyrer på musikk :-s
ReplyDelete