- Matt 25 er preiketekst til sundag, på domssundag, Kristi kongedag. Det er ein fødsel å kome gjennom, som Luther sa, dette med døden og Guds rike. Så også i kyrkjeåret. Så byrjar det på nytt med advent og ljostenning og jolesongar og kransar og sjokolade og nissar. Alvoret i advent (faste, ettertanke etc.) er vel ikkje så mykje framme i vår tid, for så vidt. 

Matt 25 vert vanlegvis utlagt som at kristne må vere gode i praktisk gjerning mot alle menneske, for Jesus er i ein forstand "alle". Diakonal universalisme, kan ein seie. På sett og vis er ikkje dette gale teologisk; ver gode mot alle, seier apostlane, og Jesus er sameina med logos som strøymer gjennom alle ting, i fylgje ortodoks lære.

Men: Eg trur ikkje dette er meininga i Matt 25. Dette er omdiskutert blant tolkarar. Personleg trur eg at Matt 25 er domen som seier noko primært om korleis "folkeslaga" har teke imot misjonsbodet om Guds rike (Matt 28). "Desse mine minste" er primært Jesu læresveinflokk som går ut i verda og forkynner (Matt 10). Jesus talar fleire gonger tidlegare om utsendingar; korleis dei blir tekne imot (vatn, husrom etc.); om at det skal gå ille på domsdagen for dei som avviser dei etc. 


- Eit memento inn i vår tids diskusjonar (eigentleg ei "perennial" problemstilling for kristendomen, og for så vidt mennesket i det heile), om å ha grenser i nasjon, kultur, samfunn, økonomi, kyrkje etc. Nyliberale ideal vil av prinsipp byggje ned grensene - slike tankar får gjerne stønad også av kyrkja, nettopp ofte med utgangspunkt i denne teksten. Men utan grenser opphøyrer subjektet. Og den "absolutt liberale orden" kan ikkje overleve - det er logisk og praktisk umogleg - og for så vidt heller ikkje ynskjeleg, i mi bok. Difor ser vi framveksten av populisme/nasjonalisme/konservatisme etc. Om dette er eit betre alternativ...? Hm. Slett ikkje opplagt. Begeistringa vil nok fort få bismak. Problemet er at endringar må til, nødvendigvis, om samfunn og sivilisasjon skal bestå.


Comments

  1. Hei, kom på at eg har høyrt ei andakt av Ulf Lindgren og får og geiter: https://m.youtube.com/watch?v=c54IQMePZnU&list=PL4ZdLShaSMU4sODDCSziGV5Poh8xma124&index=85&pp=iAQB

    Synest han argumenterer godt for kvifor desse våre minste er sårbare, og utsatte menneske generelt. Og at Gud finst der, blant desse. Samt at me alle har både får og geit i oss, og heile tida mø velge det gode. Velge Gud. Og kanskje er me aller nærmast Gud, når me sjølv er sårbare og utsatte. Lindgren seier at her er fundamentet for menneskeverdet, som er så grunnleggande i vårt samfunn.

    Då kan ein kanskje slutte at det er det gode i oss som får leve vidare på dommens dag. Det i oss som samsvarar med Guds bilete av oss. Medan det vonde i oss, også kalla bår indre geit, døyr.

    Det er ein annan plass i Bibelen der læressveinane blir bedt om å reise inn i ein eller fleire byar og banke på dører. Og dersom dei ikkje vert tekne imot, skal dei bare riste støvet av seg, og reise vidare. Dette er ei forteljing som også kan forståast på det indre planet. Dvs at me sjølve er desse husa som vert banka på, gjerne fleire gonger iløpet av livet. Og som vel om me vil opne oss, eller ikkje. Isåfall reiser bare «misjonæren» vidare, og det er uvisst når neste sjanse vil by seg.

    Så kan me sjølvsagt også vere slike som reiser rundt og bankar på, og rister støvet av oss dersom «tidens fylde» ennå ikkje er inne.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Ja, det var jo Matteus 10 dette, med apostlane som reiste rundt. Og det stemmer jo at dei ikkje skulle ta med seg noko som helst, og dermed kunne oppfattast som fattige. Men det er jo fordi «Ein arbeidsmann er kosten sin verd». Og dei kan vel ha hatt verdiar liggande att heime?

    Eg ville ikkje tenke at dette nødvendigvis må vere dei sårbare og utsatte som Jesus snakkar om mot slutten av denne boka. Men at det også kan inkludere denne gruppa, dvs at dei i misjonsprosessen kan bli både sårbare å utsatte. Særleg dersom reaksjonen dei får ikkje «bare» er avvising, men også forfølgning og fengsling. Dette gjeld jo også mange kristne den dag i dag.

    Nei, eg byane/desse folka som strenger husa sine vil bli strengt dømt pga dette: det er tale om ein totrinnsrakett (om den metaforen kan passe). Først må ein opne seg og ta imot Jesus (bli døypt). Deretter ikler ein seg det nye Mennesket (blir meir og meir sau, og mindre og mindre geit). Og dette kjem då i neste rekke omgjevnaden til gode, når me byggjer Guds rike. Ikkje minst dei sårbare og utsatte blant oss.

    Men, det er ingen automatikk i at ein misjonær er sårbar og utsatt. Tvert imot har han jo del i den heilage Anden, og er ein stor ressurs, som er verdt «løna si». Det er mi personlege meining.

    Men, dette er jo særs viktig! Fordi al det Jesus seier at «du» har gjort eller ikkje gjort mot desse minste, det er jo nådens frukter. Og ikkje prestasjonar du får til utan Gud. Då må du vel først få/gje deg sjølv moglegheiten til å ta imot Gud? Opne deg, i tidens fylde. Noko som kan skje i denne inkarnasjonen eller i den neste. Men til slutt kjem me alle «heim att». Me må bare utvikle oss og bli meir slik Gud allereie ser oss i t.d Tifereth-sfæren på livsens tre. Dvs mindre geitaktige, og meir saueaktige. Meir heilage-

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  3. Gjekk visst litt fort i svingane. Nei. eg trur byane/desse folka….» skulle det stå.

    ReplyDelete
  4. Ja, alt dette er vel og bra, sånn teologisk og forkynningsmessig, i "det store biletet". Så det er greitt nok - men historisk sett (om det i det heile er mogleg å nå til eit "slikt nivå" - det kan ein verkeleg diskutere!) så siktar kanskje Matt 25 helst til ein meir særeigen situasjon. Men...ord og tekstar og tankar lever sitt eige liv, dei er aldri lausrivne frå vidare og meir levande forståingshorisontar, heller ikkje i den augneblinken dei vert sagt fram.

    ReplyDelete
  5. Ja kanskje det. Diplomatisk sagt! Isåfall ei velsigna misforståing, kan ein seie.

    Dommedag, trur eg btw er ein «individuell happening». Kvar gong ein gammal del av deg døyr, og noko nytt vaknar til live. Eller kvar gong sverdet i tarotkort 11 (Rettferd) skjer bort daudkjøtet, altså det ein ikkje lenger har bruk for. Endring består jo igrunnen av ei rekke små «dødar». Slik er det nok også å ikle seg det nye Mennesket.

    Dvs dommedag, det skjer heile tida. Men det einskilde individet ligg langt framføre nasjonen som heilskap, det kollektive. Det finst det vel også mange gode eksempel på, t.d mange av helgenane. Som jomfru Maria osb.

    Konklusjon: dommedag er ein død frå det gamle livet ditt, og dermed tøft nok. Ein gjev slepp på egoet sitt, og noko nytt blir fødd. Det er verkeleg eit spanande eventyr, dette livet me har fått :)

    Når det kjem til grenser mellom nasjonane, hmm. Kanskje er det slik at me treng færre grenser dess lenger me kjem på desse Vegane våre. Men akkurat som me må leve med krig og vald ei tid til, så har me vel også behov for desse grensene ennå ei god stund. Trur eg då :)

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  6. Bra sagt: «Men...ord og tekstar og tankar lever sitt eige liv, dei er aldri lausrivne frå vidare og meir levande forståingshorisontar, heller ikkje i den augneblinken dei vert sagt fram».
    Tenk kva potensiale bloggen din kan ha 🙏🏼⭐️💥

    ReplyDelete
  7. Takk for det, du. No får eg ikkje spreidd bloggen på google, så eg må sjå om eg skal gå aktivt inn for å distribuere :-s Elles ser eg meir og meir at youtube og google og facebook aktivt filtrerer søk ut frå politiske standpunkt (det er diverre ingen konspirasjonsteori...) Men takk for gode ord :)

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog