Eg veit ikkje. Eg føler på mange vis at verda raskt blir dummare no om dagen. Det er så mange døme no, kvar dag. Eg meiner det eg seier. Og eg trur eg forstår. John Gray talar om 90-talet. Det er ein meme som seier: We peaked as a species in the 90s. Eg skjønar. Mykje gøy og fint den gongen. Men, det var eit steg i ei dynamisk utvikling. "Dei som kritiserer notida og lengtar attende til 90-talet, forstår ikkje at dagens situasjon er eit resultat av det som skjedde på 90-talet", seier Gray.
Politikarane i dag fylgjer ein "rulebook" som fungerte ei god stund, men som ikkje lenger fungerer. Det gjeld teknologi, det gjeld EU-reglar, det gjeld syn på marknad, det gjeld velferdsstat, det gjeld innvandring, det gjeld religion, det gjeld kjønn og samlivsmoral, det gjeld teknologisk optimisme etc. Reglane fekk ei form i det nyliberale 90-talet, det "fargerike fellesskapet", der det var plenty av varer frå Kina, billig olje, ny teknologi etc. (Det er naturlegvis veldig djupe ideologiske røter å tale om her). Samstundes levde vi på ein arv, som ikkje vart verdsett og anerkjent. Denne arven spela ei enorm rolle, men forvitra dag for dag. (Dette låg i det nyliberale DNA-et, jfr. t. d. Rawls).
Vi er inne i ei djup brytningstid no. Den som fylgjer den gamle regelboka blir dummare og dummare, for kvar dag som går. Det blir synleg for alle, det har med steg i utviklinga å gjere. Utfordringa er at "andre levevegar" vert sett på som av ulike grunnar "umoglege" eller "urealistiske" eller "umoralske" i fylgje den gamle regelboka. Eg skjønar meir og meir at det blir viktig å ta vare på fellesskap, familie, kultur og tru og tradisjon, eiga helse etc. Men det er veldig sterke brytningar no, i vesten. Breie samfunnslag byrjar å få nok, og byrjar å innsjå at djupe endringar må til. "Meir av det same" vil føre til meir uvit. Men endringar til kva? Og korleis?
Det er i alle høve godt å vere i Telemark. Det er mykje vi ikkje får gjort noko med. Mykje vi faktisk får gjort noko med, mykje godt og sunt, mykje som gjev livsmot. Tolkien sa: "Keep calm and carry on". Palantiren er ikkje til å stole på, er vanskeleg å tolke, og kan ta livsmotet bort. Framtida er ikkje skrive i stein.
Ja, det er ting på gang, i positiv forstand. Det gjeld å halde hovudet kaldt og hjartet varmt. Vere «wise minded». Vere vaken. Auke varheit/awareness for det som er, her og no. Ja, og ein god porsjon mot til å differensiere, gå sin eigen Veg.
ReplyDeleteDei fleste av oss treng vel generelt å bli mindre distraherte frå her og nå. Men det må starte med å bli klar over det som faktisk er. Som: Kvar gong me avbryt noko me er igang med, for å skrolle utan mål og meining på mobilen. Kvar gong me vel bort ekte menneske til fordel for KI. Eller ekte natur, til fordel for bilete på ein skjerm. Kor lenge det er sidan me las ein heil roman, eller kor få romaner me les samanlikna med før. Kor mykje rom me gjev for stilla, og kor mykje rom me gjev til «tjatet» i våre eigne hovud. Kor låge forventningar me etterkvart har fått til dei folkevalgte. Og moglegvis også til oss sjølve?
Har akkurat starta på «Stjålet fokus» av Johann Hari. Symptomatisk nok på overtid med omsyn til leveringsfrist på biblioteket. Håpar å få nokre gode tips der. For me må få konsentrasjonen tilbake for å bli magikarar igjen i eigne liv. Medskapande skapningar. Døy frå det gamle, og bli fødde på nytt. Det har jo vore Vegen me treng å gå, heilt sidan starten.
Helsing Gunhild
Sant, dette med konsentrasjon. Eg tykkjer det er ekstremt godt å arbeide praktisk ute i naturen. Men mykje som er vanskeleg, ein må prøve å gjere det beste ut av ting.
ReplyDeleteJa, eg får elles seie tusen takk for ditt engasjement i utbyggjingssaka. Har også skrive under no.
ReplyDeleteEg hugsar eg gjekk mykje tur før, ofte om kveldane i mørket. Og at dette hjalp til at tankane flaut betre/ sorterte seg. Ein vert jorda, og kroppen kopla på hovudet.
ReplyDeleteEg leste også siste innlegget ditt, om å tileigne seg eit handtverk. Eg trur det i dette, som alt anna, er viktig å ikkje samanlikne seg med andre. Heller konkurrere mot seg sjølv (eller den ein var igår). Det er også noko med å ha tolmod til å stå i prosessen. Det verkar å vere litt mangelvare i dagens samfunn, alt skal gå så fort idag. Ei utfordring når t.d. barn skal introduserast for eit musikkinstrument (eg har forsøkt).
Takk for underskrifta di! Håpar me passerer 100 snart, slik at eg får lagt inn for dei som ikkje kan (digitalisering kan vere skikkeleg udemokratisk).
Gunhild