Noko eg innser når eg arbeider i skog og så vidt med handverk. Eg les og prøvar å forstå. Eg skjønar meir og meir det som Bojer Godal seier, at det er mykje som handlar om å "vekse inn i" eit handverk. (Også andre ting i livet). Det er ein slags stige å gå opp, dvs. byrje med enkle ting, observere, prøve ut. Meistre enkle oppgåver. Få meir komplekse oppgåver. Sjå, vurdere, prøve og feile. Lære om materiale, lære teknikkar, lære kroppsrørsler. Meistre. Kome vidare. Til slutt ha eit indre blikk der ein "ser for seg" steg i prosessen med å gjere noko. Meir enn dette! Sjå ulike modellar, med tilhøyrande ulike steg. Vurdere kva modell som er best, ut frå ver og vind, materiale, teknikk, føremål, estetikk etc. Handverk er eigentleg svært komplekst, og har mykje med intellekt å gjere også.
D. Fleming seier at det i prinsippet er mogleg å lære eit handverk når ein er vaksen, men i praksis går det ikkje, for ein har ikkje stamina og vilje til det. Det er realistisk, men litt pessimistisk. Ein kan prøve. Noko kan ein i alle høve lære. Noko enkelt, noko som gjev meistring. "Prøv å gjere det, på dårleg vis". Det er då betre enn å ikkje gjer det.
Dette er også tankevekkande mtp. til dømes hus, møblar, bilar mm. Samfunnet har blitt så teknologisk og komplekst og regulert, at det kan vere vanskeleg å finne ein "stige" å gå inn på. Korleis lære å fikse ein Tesla? Korleis lære å meistre vannbåren jordvarme? Ein kan oppleve at det ein sjølv gjer, blir heilt "ubrukeleg" eller "barnsleg" i høve til avanserte ting frå Kina. Dette er ei stor problemstilling! Kva ein gjer med dette, meiner eg. Eg har mine tankar. Noko utarbeider seg også - el-bilar vil neppe vere veldig utbreidde om 15 år, trur eg. Megakomplekse system vil bryte saman når nettet får problem pga. manglande energitilfang. Etc.
Ein må vel berre prøve.
«»Generelt vil vi gjerne ta den letteste utveien, men det som gjør oss lykkelige, er å gjøre det som er litt vanskelig. Det som skjer med mobilene våre er at vi putter en dings i lomma som er med oss hele tiden og alltid tilbyr den letteste måten». Han så på meg og smilte. «Jeg ville gi meg selv en sjanse til å velge noe som er vanskeligere».»
ReplyDeleteSitat frå «Stjålet fokus» av Johsnn Hari side 45. Dette trur eg også er overførbart til det du snakkar. Lykken er å lære seg eit handtverk i djubda! Det kan også vere handtverk i overført tyding, trur eg. T.d som prest, sakshandsamar, lege, terapeut, veterinær, lærar. Evt kan ein også kalle det kunsthandverk :)
Helsing Gunhild
*snakkar om
ReplyDeleteJa, godt. Handverk er vegar inn i røyndomen, å bore djupt inn. Handverk er å studere noko nøye, med ulike sansar. Så handverket gjev på ein måte innsikt i éi side av røyndomen, men det er også parallellar. Jo. Eg blir også glad av å vere i naturen, eg føler meg som eit anna og betre og meir heilt menneske. Det er på sett og vis visse aktivitetar som gjev oss "verdigheit". Hari er veldig god, for øvrig.
ReplyDeleteElles takk for oppmuntrande ord.
ReplyDeleteDet som er så heilande med naturen er at han er akkurat det han er skapt til å vere. Medan me menneske har ein Veg å gå for å komme dit.
ReplyDeleteNærværet i naturen er elles mjukt eller feminint, vil eg seie. Noko ein kan både kvile i og lære/bli inspirert av.
Båling er ein aktivitet eg saknar frå Kauto. Bare reise ut, lage eit bål, ha med mat og sitje ved bålet. Gjerne ilag med venner/kjente. Så lenge ein har lyst, og utan noko anna formål.
Helsing Gunhild
Hm, mjukt og feminint... Hm. Kanskje, stort sett, som "nærvere". Eg veit ikkje. Eit interessant perspektiv, i alle høve. Båltur er nærast uslåeleg, ja.
ReplyDeleteModer Jord :og Gud Fader. Skaparverket og Skaparen. Det feminine og maskuline aspekt av den Eine. Moglegvis? I kabbalah: binah (forståing) og chokmah (visdom.). I Astrologien måne og sol.
ReplyDeleteDu kan ho kjenne etter om det kan stemme :)
*jo
ReplyDeleteDet er eit interessant felt. "Materie" kjem av "mater", "mor". I det heile er det enormt med samanhengar mellom oss sjølve og våre naturar, og både planter, dyr og fenomen ute i skaparverket. Mykje godt stoff for kunst og poesi. Og Bibelen er full av dette.
ReplyDeleteFrå Hari si bok: «Akkurat da følte jeg vi alle står foran et valg mellom to dype krefter-fragmentering eller flyt. Fragmentering gjør deg mindre, grunnere, sintere. Flyt gjør deg større, dypere, roligere. Fragmentering får oss til å krympe. Flyt utvider oss. Jeg tenkte: Ønsker du å være som en av Skinners duer og la deg manipulere til å danse for en primitiv belønning, eller vil du være som Mihalys malere, i stand til å konsentrere deg fordi du har funnet noe som virkelig betyr noe».
ReplyDeleteDet må vere difor ein kan seie SoMe og moderne teknologi er ugudelig. Det er vanskeleg å gjere Guds vilje når ein er fragmentert. Ein treng å finne flytsona.
Ein annan som fann flytsona i naturen (nyleg delt på gruppa kristen visdomstradisjon): https://m.youtube.com/watch?v=BQPXXh2cXVY&fbclid=IwAR1jBxdmN0saSzWrLob6wQPa_jd7P5ZBXFxLqrU7UHe7iDL07ateD75QbBo
ReplyDeleteTakk for video. Groven Myhren er etterkomar av Eivind Groven, stor musikkguru frå Lårdal/Eidsborg. Og syster til folkemusikar Øyunn. Så her må vel vere noko bra :p
ReplyDelete