- Teikn i tida. Mange kjenner på impulsen til å trekke seg attende. Bort frå stress og meiningslause arbeidsoppgåver; sosiale medier og nett; støy og urbanisering; politiske spenningar og feilutviklingar; økonomisk press og høge levekostnader. Trekke seg attende. Eg gjer det sjølv. Mykje sunt ved det. Nærare natur - menneske, tre, planter dyr - der også Gud er. Men skal sivilisasjonen sigle sin eigen sjø? Det er problemstillinga - kva ein gjer, når motkreftene blir såpass sterke - på kva vis ein skal ta vare på si eiga sjel og sin eigen kropp, og på kva vis ein skal gagne røyndomen, gjere Guds vilje. Mange går med slike tankar om dagen. Det er teikn i tida. Viktig å tenke korleis ein kan ha trygt miljø rundt seg, ha trygg tilgang til mat og ly. Retningane vil peike seg ut etter kvart, trur eg. 

 

Comments

  1. Eg trur dette handlar mykje om kvar ein er på sin eigen Veg, kva ein er klar for og kva utfordringar/bekymringar ein har lagt bak seg (eller astrologisk sett: kvar din nordlege node befinner seg). Læraren min seier at me er som fuglar som ennå ikkje har lært å flyge i formasjon (med Kristusmedvitet). Eller maur, som ennå ikkje har lært å leve i samfunn med kvarandre i maurtua. Men at det er dit me er på veg. Apostlenes gjerninger var vel ein start på «å flyge i formasjon» i kristen tradisjon.

    Kvart menneske som blir fødd på ny påverkar jo sine omgjevnadar i høg grad. Eg vil påstå både natur og samfunn. Det gjer jo heilt sikkert du også, sjølv om du skriv at du har trekt deg tilbake. Ein del av det handlar då om å opne seg for den stille røysta, eller Guds vilje. Og ein annan del kanskje å stole på menneskeslekta er på rett veg, trass alt. Fordi det er den Eine som står ved roret, Han som me lever, rører oss og er til i. Då må det også vere slik at ingenting skjer utan at det er ein god grunn til det, at det er noko me skal lære av det (og at Gud også befinner seg i alle desse krevande samfunnsfenonomena, men tilslørt).

    For min eigen del trur eg iallefall til dels at eg har forstått kvar eg bør gå, ref kommentar til førre post. Det er bare det at det er krevande, så mykje enklare å bli verande i det kjente og trygge i Fiskenes teikn (min sydlige node). Enn å gå mot alt eg har å lære i min nordlege node i Jomfrua. Saturnprinsippet er også viktig i prosess med å gjere Guds vilje. Fordi denne planeten handlar om avgrensing/å avgrense seg.

    Det kontemplative trur eg uansett blir ei viktig retning framover. Å søke etter svar i det indre, framfor det ytre. Læraren min sa nyleg på eit kurs at spenning har det med å bygge seg opp i liva våre, både på makro- of mikronivå. Spenninga er der fordi me djupast sett saknar Gud. Men svært mange søker å få utløysing for ho i det ytre, gjennom å projisere ut sine eigne skuggar. Nokre gonger endar dette også med krig. Difor er det svært viktig å «gjenfinne Gud» i liva våre, å revitalisere spiritualiteten.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Mykje godt i dette. Mykje eg ikkje forstår med det du seier om astrologi, men. Eg føler vel ikkje at eg har trekt meg så mykje attende, men. Eg gjer det på husmannsplassen, men elles er eg jo veldig offentleg. Skjønt, nei, kva skal ein seie. Om menneskeslekta er på rett veg...? Hm. I det lange løp, kanskje.

    ReplyDelete
  3. Korleis kunne ho ikkje vere på rett veg, reint teologisk sett? Me er jo skapte i Guds bilete, alle som ein. Fått lova Hans innskrivne direkte i hjartet etter den nye pakta. Tenker du at me har fått makt til å køyre skaparverket fullstendig i grøfta? Eg trur ikkje det. Men at det gode og vonde er samanvevd, og at dette er ein del av Guds plan. At det vonde på mystisk vis mobiliserer oss, til å gjere «den neste rette tingen» (som dei seier i «Frost»). Eller Guds vilje.

    ReplyDelete
  4. Eit visdomsord frå Rumi for anledningen:
    «You must marry your soul.
    That marriage is the way.
    Union with the world is sickness»

    ReplyDelete
  5. Ja, nå vil eg også (forsøke) å trekke meg tilbake frå SoMe. Ref temaet ditt i dette innlegget. SoMe er i stor grad ei flukt frå røyndomen, iallefall for meg. Før øvrig ei felle fiskar typisk går i (eskapisme). Medan Jomfrua er svært flink til å ta vare på det jordiske livet, slik at det som ligg hjartet nær kan bli «født». Ho har forstått at materien er guddommeleg, i motsetnad til Fiskane.

    Det er altså framfor alt dette eg treng å lære i dette livet. Eg prøvar difor å vakne frå dvalen og velge aktivt i favør av Jomfrua. Om det gjev meining? Det er ein haug med val å bli medviten om: rydding, matlaging, fysisk aktivitet, søvn, for å nemne noko. Husbygging. Og altså nettbruk :-s
    Ein skikkeleg akilleshæl. Så difor vil eg moglegvis heller ikkje følgje bloggen så hyppig som før.

    Korleis engasjere seg i verda, spurte du i innlegget ditt. Eg trur svaret er kjærleik. Superkrafta til Jesus Kristus. Og dermed vår kraft også. «Du skal elska Herren din Gud av heile di sjel, av alt ditt vit og heile ditt hjarte. Og du skal elska nesten din som deg sjølv». På messa i dag lærte eg at det er her mange kristne har bomma opp gjennom tidene. Fordi dei bare har oppfylt dette i det ytre. Medan det er i det indre at «jobben må gjerast», Guds Ande verkar og underet skjer. Det er difor er alt det gode me gjer åndens frukter. Og ikkje noko pliktløp for å gjere seg fortent til noko som heist.

    Ja, det var vel siste ord frå meg på ei stund. Får me håpe på då.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  6. Hei, ja, det skjønar eg. Eg er samd, sosiale medier er ei felle, og det er vanskeleg å vite når ein blir fanga, så å seie. Lukke til med "pausa" :)

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog