Peak oil oppdatering
Peak oil; toppen av tilgang til, eller utvinning av, olje. Så går det nedover, og til slutt blir det tomt. Altfor enkelt sagt. Men det er tanken. Oljen tek slutt ein dag, men når? Neste år, om 10 år, 100 år? Tidspunktet er umogleg å tidfeste nøyaktig, spes. med tanke på at teknologi utviklar seg, og det gjerast nye funn. Art Berman er ein av dei største ekspertane på feltet, og han er ein truverdig person. Han seier: Oljen vil ikkje ta slutt med det fyrste, men vi kan moglegvis byrje å merke problema tydeleg mot slutten av 20-talet, og sannsynlegvis i neste tiår. Jfr. "energy crunch", når etterspørsel og tilgang ikkje møtast lenger.
Vi treng olje for produksjon av: Plast, sement, stål, kunstgjødsel. "Fornybar energi" produserer elektrisitet. Men elektrisitet står for berre 20% av total energibruk, resten er frå fossil energi. Det er svært vanskeleg å sjå for seg at sol, vind, kjernekraft etc. skal kunne overta desse 80% - per no finst det ingen "clue" om korleis det i så fall skulle skje. Noko av problemet er også at fossil energi krevst i alle moglege ledd av maskinproduksjon, råvareutvinning, transport, foredling, marknad etc. "Net zero is a fantasy, a pipe dream".
"Du vil stanse fossil energi? Ok - du må då stanse all vareproduksjon, det meste av transport, alt av konstruksjon, det meste av sjukehus, mykje matproduksjon mm."
Bermans konklusjon: Store endringar i energitematikk blir det ikkje i løpet av dei neste åra. Enorme endringar vil det dog garantert bli, skjønt ikkje så raskt som peak oil rørsla trudde rundt 2000-talet. D. e. vi er på veg mot eit langt meir tradisjonelt samfunn, vil mange (som meg) seie er ein plausibel hypotese.
Hmm, eg ser ikkje mange teikn på at samfunnet er i ferd med å omstille seg. Det burde me vel gjort uavhengig av nye funn, for å bremse global oppvarming. Eller overser eg noko? Elektrifisering av Melkøya?
ReplyDeleteHelsing Gunhild
Du har heilt rett. Vi held fram i same sporet. "Grøn vekst", "Grøn kapitalisme". Det medfører i praksis massiv øydeleggjing av naturområde, og minimalt med endring i både livsstil og klimaresultat. Politikarane har velvillig latt seg lure, eller handlar mot betre vitande, og halvparten av miljørørsla (ikkje Naturvernforbundet), har latt seg lure. Paul Kingsnorth val om å slutte med aktivisme og heller flytte til landsbygda og bli ortodoks, var eit resultat av at han etter kvart innsåg at "det grøne skiftet" var ein slik illusjon.
ReplyDeleteUrovekkande. Ikkje minst no som det er valkamp fram mot kommunevalet. I Kviteseid er ikkje MDG eit alternativ, og om det hadde vore det, hadde det vel ikkje monna (tankevekkande for meg, som nesten sa ja til å «berge lista»).
ReplyDeleteMen så er vel truleg heller ikkje løysinga av politisk art. Men av spirituell art, noko Kingsnorth verkar å ha innsett?
Difor er det spirituelle arbeidet det aller viktigaste ein gjer- og det startar inni kvar einskild av oss. Her kan Sankteysteinfelleskapen ha ei viktig rolle å spele framover. Og DnK, moglegvis, dersom ho kjenner si besøkelsestid.
Kvar generasjon treng nokon som er villige til å gjere eit arbeid på sjelene sine. Ikkje minst gjeld dette no i våre dagar. Så det ikkje lenger vert mogleg å halde fram med å snu ryggen til både Skaparen og skaparverket. Akkurat der trur eg omstillinga må starta.
Helsing Gunhild
Uro- og tankevekkande om «matunderet», i forlenginga av det eg skreiv ovanfor: https://m.youtube.com/watch?v=JgWr0l6xQcA
ReplyDeleteÅ søke etter det heilage i kvardagen…
Visdomstradisjonen seier jo også at sjølve næringsopptaket vert betre med andeleg utvikling, og at det lagast nye hjerneforbindelsar (dvs fleire kroppslege/fysiske forandringar).
Det var ein god andakt. Elles eit godt og interessant poeng du har med dette andre, men der treng ein nok å vere i engasjement med konkrete tradisjonar.
ReplyDelete