Dagens refleksjonar.
- DB Hart seier eit par ting, som er konsekvensrike.
a) "Eit samfunn sin "sanity" er kjenneteikna av kor nær kontakt det er mellom dei døde og dei avdøde."
Det handlar både om "mystikk" - d. e. om kontakt med dei avdøde, så å seie, og om tradisjon, vyrdnad, respekt, lærdom. Og det handlar om von, "himmel" etc. Og om metafysikk: "But whither now go the souls? How dwell they now together there?" Eit vanskeleg felt, fordi Dnks vanskar med "dei døde" også har å gjere med vårt oppgjer med både eldre kyrkjeleg teologi og med eldre "overtru" eller "folketru". Det har også å gjere med grunnsetningane i moderniteten, om "progresjon", "leggje fortida bak oss" etc. I norsk spiritualitet i dag er det dog mange praksisar som kan knytast til kontakt med dei døde: Ljostenning, slektsgransking, paranormale fenomen, stelling av graver, helgentradisjonar mm.
b) "Vestleg sivilisasjon har nådd sin ende."
Påstand b) stemmer naturlegvis i større grad for USA enn for Europa. USA vart aldri "kristna" på så djupt vis som Europa vart det. (Paradoksalt nok). Ein kan då spørje om det er tale om eit spørsmål om tid før vi fylgjer USA...eller om vår (potensielle) kontakt med våre røter og tradisjonar vil bere oss gjennom krisa som vi er inne i. "Krisis" - "skjelning". I alle høve hadde Nietzsche heilt rett. Sjela i vestleg sivilisasjon er den kristne gudstrua, og utan denne, blir Europa noko heilt annleis. Det er også vanskeleg å sjå for seg at ein moderne atavistisk ideologi skal kunne "bere" kulturen. På den andre sida har Hart rett i at Jesus gjorde ende på dei heidenske gudane, og at vitskapleg utvikling har gjort det vanskeleg å vende attende til premoderne tenkemåtar og levemåtar. Dermed når vi på ein del vis ein blindveg - filosofisk, teologisk, politisk, sosialt. Skjønt - "vitskapane" og teknologien sine grenser er heller ikkje godt erkjent i vestleg opinion. Når den billige fossile energien tek slutt, vil vi sjå klarare, er "my bet". Så vil nok også det teologiske setjast i anna ljos, får vi vone og tru.
--
E Brendes bok om teknologi er full av innsiktar og problemstillingar. Eg skal dele nokre:
- Kva "vil" eg? Dette kan på ein måte verke enkelt å svare på. Men kva ein "vil" formast av ei mengd med faktorar. Det er ikkje gjeve at det ein "vil", er sunt. Spesielt ikkje om ein formast av moderne teknologi og marknadskrefter. "Eg vil ha ein PS5, eg vil ha energidrikk, eg vil laste ned ein app, eg vil bli berømt, eg vil, eg vil..." Men er det sunt og bra? Korleis kan viljen rettast mot det gode? Kvar hentar ein visdom og kompasskurs, så å seie? Noko er røynsle, noko er tru og tradisjon, noko er lokal kultur, mykje er foreldre og familie.
- Self-reliance er ei viktig side av det å vere menneske. I den seinmoderne verda kan ein faktisk klare seg godt med litt pengar, ein stad å bu, ein skjerm. Isolere seg foran skjermen resten av livet og ete junk food. Eg kjenner fleire som har gjort dette i årevis. Pdas. er det umogleg å vere "self-reliant" åleine. Mann og kvinne er skapte for kvarandre til å vere ein heilskap - opplagt i gamal VT-kultur. Fleire familiar og menneske stør kvarandre ved å kunne ulike ting, dele ting. Etc. I vår tid krev self-reliance eit aktivt og motkulturelt val.
Underleg å tenke på. Eg var på butikk. Eg kjøpte: Eple, alkofritt øl, egg, grønsaker, smør. Skulle dette vorte laga "på gamlemåten", "self-reliantly", måtte det ein familie eller ein landsby til: Dyrke fram ein eplehage over mange år; dyrke korn som så skulle fermenterast til øl; halde høns og vere stadbunden for å passe på dei for å få egg; dyrke grønsaker over ein sesong (då må du ha jord, og du må ha gjødsel frå kyr eller andre dyr, som du altså også må halde!); smør krev kyr og kanskje ei seter på sumaren. "Åh, for eit tungvint liv!!!!" Eller: "Åhh, for eit herleg og meiningsfullt liv!!!!" Kva er viljen sentrert mot?
- Moderne maskinar GJEV noko og TEK noko. Dei GJEV til dømes mykje kraft (traktor) eller ei tilsynelatande forenkling av arbeidsoppgåver (vaske klede), eller informasjon og underhaldning (TV, nett).
Dei TEK noko: Ein komplisert "supply chain" som også krev tilgang på råvarer, transport, marknadskapitalisme, store "corporations" etc. D. e. eit heilt industrielt samfunn som krev enormt med olje (som så krev enormt med maskinar og ressursar), enormt med arbeidskraft etc. Maskinane TEK plass. TEK tid å kjøpe, halde, vedlikehalde etc. TEK pengar (som igjen krev eit komplekst industrielt samfunn). TEK tid frå familie, lokalt fellesskap, TEK sjølvstendig tenking og TEK utvikling av skills.
Difor er dette også ei viktigare og større problemstilling enn vi trur. a) Det er overraskande kor effektiv "old school verktøy" er, når ein tek "alt" med i rekninga. Ein kjem langt med penn og papir, ofte lengre enn ved ein pc, og kjensla er langt varmare. Øks er faktisk nesten like effektivt som vedkløyvar, men kostar mindre, krev mindre vedlikehald etc. Og GJEV trening og meistring og naturkontakt. b) Ei dame eg tala med, sa: "Utan TV heime, hadde eg gått på veggen". Forståeleg, men også svært tankevekkande. Gjekk folk på veggen før TV vart utvikla? Kvifor no?
Ein må stille spørsmålet om det ein "får" av maskinar og teknologi, mtp. effektivitet og "sparing", eigentleg må "betalast" på andre måtar, ved avhengigheit, arbeid for pengar til finansiere maskinane, vedlikehald, tap av det som maskina "koloniserer" etc. Ein kan ikkje rekne med at stat, marknad, opinion gjer denne utrekninga for deg. Det kjem stadig nye "gizmos" og utviklingar. Alle lovar "framgang". Er det slik? Veldig langt frå opplagt. Det siste og komiske no, er AI-baserte OnlyFans-modellar. Så TEK nettet også familie og intimitet, og GJEV eit simulacrum.
- "Utan moderne teknologi er vi dømt til eit forferdeleg liv". Er dette sant? Mange omfamnar dog moderne teknologi, og får eit forferdeleg liv.
- Det er på ein måte lett å peike på negative sider ved moderne teknologi. Det er lett å peike på positive sider ved moderne teknologi (dog kanskje ikkje så lett som ein skulle tru, når ein tenker seg om). Eit avgjerande spørsmål er korleis ein skal vurdere teknologi, og "kor mykje" som eigentleg er sunt å gjere bruk av, og på kva måte. Ei mogleg og avgjerande skjelning, er kva teknologiar som er "naturliknande", "menneskeliknande", "naturvenlege", "menneskevenlege". Eg undrast på det. Ei anna og avgjerande problemstilling er knytt til effektivitet - dette er eit moralfilosofisk og metafysisk spørsmål. Kva er meininga med effektivitet, kva er føremålet? Er det eit gode, i alle høve?
- Ei underleg røynsle: I sumarferien gjekk eg dit eg skulle, i bygda, i staden for å bruke bil. Med eitt vart eg godt kjent med mange menneske. Den som går, og møter eit anna menneske, kan vanskeleg haste vidare. Igjen: Teknologi GJEV rask forflytning, men TEK kontakt med menneske. Det er umogleg å slå av ein prat med eit menneske når du sit i bil, med mindre ein brukar telefon. Om ei viktig side ved moderniteten er sosial akselerasjon, og utviding av "verkefelt" (bil, fly, nett, smarttlf., global handel etc.), så må dette fort også innebere at kvaliteten av våre relasjonar med omgjevnadene blir dårlegare. Bestefar arbeidde på jordet, han tala med dei som kom gåande forbi garden. Eg tenker då på dette. Avgrensingar i kor fort og kor langt ein kan reise, skaper moglegheiter for djupare kontakt med dei som er innanfor sirkelen, så å seie. Og på liknande vis er det på ei mengd med område når vi talar om teknologibruk etc. Men, i vår tid krev desse tinga medvitne val, enn så lenge.
--
Siste refleksjon i dag: Kva krev det å lage god musikk?
Ein fordel er det å stå i ein tradisjon, "ape før du kan skape". Ein må utvikle god teknikk innanfor eit slags musikalsk språk. Men viktig er det å vere i kontakt med seg sjølv, med kva ein trur, kva ein oppfattar, og så uttrykke dette. Finne ut kva ein verkeleg trur på, og så forkynne det. Høyrest ut som misjon, og er det også på mange vis - om musikken skal bli god. Det er menneskeleg å vere til (duh), å vere i kommunion med omgjevnadene på komplekst vis (mindre opplagt for oss), og å både søke forståing og meining, og å reflektere røyndomen. Kan ein seie.
«Why are you so surprised to find evil and corruption running amok everywhere you look? This world is the coarsest and harshest of all worlds, the ultimate concealment of the Infinite Light. Almost all of it is darkness and emptiness. Only a tiny spark of good is buried deep inside to sustain it.
ReplyDeleteYou could spend your lifetime dwelling on the outrages and scandals, the travesties and rip-offs…
-or you can take a moment to search for that spark. You could find it, grasp it, fan its flame. From within its aura, you will see the darkness shining brighter than the heavens.
In that moment of light, the night will never have been»
Rabbi Tzvi Freeman
Eg tenkte på dette siste innlegget ditt då eg kom over dette visdomsordet. Eg trur det handlar om kor vidt me handlar ut frå vårt sanne sjølv (som er del av det kosmiske Kristusmedvitet) eller frå den meir overfladiske personlegdommen/maska. Og om me leitar etter dette ljoset inni oss, eller der ute-
Angåande kontakten mellom dei levande og døde (antar det var det du meinte?), så trur eg at påverknaden er gjensidig. Dvs at korleis ting utviklar seg her på jorda påverkar dei døde. T.d hadde eg kanskje ikkje vore kristen idag, om det ikkje hadde vore for at eg innsåg at eg trong nåde etter eit traumatisk dødsfall. Og dette kan på sett å vis bidra til at dødsfallet vert mindre traumatisk, især frå den avdøde sitt perspektiv. Men også frå mitt. Ein annan ting er moglegheiten for å halde sjelemesser, og på den måten faktisk hjelpe dei avdøde frå vår verd. I mitt liberal-katolske felleskap er også dei avdøde (like?) viktige deltakarar i den heilage messa, som dei levande (om eg har forstått rett).
Når det kjem til teknologi, trur eg dette langt på veg handlar om å temme dyret i seg/få kontakt med sitt sanne sjølv/gje slepp på falske lykkestrategiar. Ein treng ikkje så mykje som ein trur for å leve eit godt liv. Og det ein faktisk har, kan ein like fort miste. Det er opp til Gud, og ikkje oss, å fordele godene. «Me er fisken som bit på kroken, og Gud er fiskaren som nyt måltidet». Så må ein prøve å kvitte seg med nettavhengigheit eller andre avhengigheiter, og heller spørje seg sjølv: kva er det eigentleg at denne situasjonen treng? Sjølv om verda også er full av paradoks, er det vel nokså openbart at me ikkje kan fortsette som før. Men kanskje må alle som levde under jappetida døy ut, før ein ny generasjon finn «svaret» (på same måten som at ingen av jødane som var fødde i Egypt fekk vandre inn i det lova landet).
My bet: Både krisene me står ovanfor og «løysinga» er av spirituell art.
Helsing Gunhild
Hei, takk for kommentaren, mykje visdom her. Det er viktig å ha "visdomslærarar", som du viser til, eg funderer på dette. Kven ein skal "slutte seg til" i dag. Eller: Kva rørsle/praksis ein skal disiplinere seg etter. Samstundes som det skal vere fridom. Mykje å fundere på. Eg er ikkje fan av å vere kritisk berre for å vere kritisk, berre så det er sagt. Men noko handlar om retning/vilje/disiplin. Då treng ein å vere retta mot noko, men også bort frå noko, om du skjønar. Det kan krevje mykje "krattrydding", om du skjønar. Takk for kommentaren.
ReplyDeleteSå fint at du likte kommentaren, det er jo slett inga sjølvfølgje.
ReplyDeleteSjølv er eg takksam for den «referansen» som du gav meg når det gjeld han som i dag er min andelege vegleiar. Så eit tips kan vere å lytte til folk som du stolar på:)
Elles er det også alltid lurt å lytte innover. Det handlar ikkje om å finne ein generell veg som passar «alle». Men om rett medisin til akkurat deg, i rett tid. Eller i «tidens fylde».
Så ein må rett og slett kjenne etter kva som passar for seg. Kanskje har ein kjøpt bøker for leeenge sidan som ein ikkje har fått seg til å lese før. Men som plutseleg vert veldig viktige. I tidens fylde.,.
Ein viss stabilitet i livet er også lurt, særleg før ein gjev seg i kast med utfordrande andeleg arbeid. Dette m.a. fordi (nødvendige) utladingar i det underbevisste kan vere krevande. Det har iallefall vore eit tema å ta omsyn til for meg-
Ein siste ting som eg har vorte medviten om i det siste, er behovet for å «gjerde oss sjølve inne», evt å gjerde noko framand ute. På sett og vis er det vel dette dei romersk-katolske kristne gjer når dei ikkje vil dele nattverd med andre kristne. Eller når munkar og nonner vel å leve i sølibat. Eller når DnK vel å halde dei døde på relativt lang avstand. Også dei son har hatt dårlege opplevingar i kristne samanhengar, kan få behov for å sette opp eit gjerde. Slike gjerde handlar først og fremst om eigen tryggleik, og mindre om kva som er rett og gale. Trur eg.
Kjem ein langt i andeleg utvikling, trur eg også behovet for slike gjerde vert mindre (inkludert gjerde mellom dei ulike religionane). Meiner det er eit av tarotkorta som har akkurat denne gjerde-symbolikken i seg, moglegvis vognføraren/lamed om eg minnest rett.
Håpar elles me treffer på kvarandre innanfor desse større eller mindre sirklane våre, som du skriv så fint om. Og ikkje «bare» online. Igrunnen er det vel tale om ein form for intrikate venndiagram, med sirkler som delvis overlappar. Eller kanskje eit omfattande nettverk av lysande punkt, der kvart gode møte styrkar ljoset i dei involverte punkta.
Me har messe neste sondag kl 12 i Sankt Eysteinfelleskapen (då skal eg også få velsigning som dørvaktar). Og det vert også livd /retreat på Sudbø over 4 dagar rundt Mikkelsmess, i mnd-skiftet sept- okt. Du er varmt velkommen, om det skulle høve!
Helsing Gunhild
Vognføraren sin hebraiske bokstav er visst Chet, og ikkje Lamed. Chet betyr gjerde/innhegning.
ReplyDeleteElles er det eit godt utgangspunkt at alle kristne menigheitar har noko dei er gode på, noko dei gjer bra :) som me andre (utanfor gjerdet) kan lære noko av-
-Gunhild
Takk for invitasjon - neste sundag er det konfirmasjon. Men kunne godt tenkt meg å vitja fellesskapet dykkar, ja. Elles også ok å poste kommentarar som eg ikkje likar, så lenge ein er sakleg og respektfull etc.
ReplyDeletePoint taken. Då prøvar eg å hugse å informere når me har messer o.l. Og lykke til med konfirmasjonane.
ReplyDeleteHei igjen - ja, takk for info om retreaten, ser spennande ut. Men elles skal eg freiste å fylgje med på eiga hand framover, så ser vi om det høver etter kvart (y)
ReplyDelete(y)
ReplyDeleteOm teknologi:
ReplyDeleteEin tankevekkande artikkel https://forskning.no/barn-og-ungdom-internett-ungdom/krangling-om-hva-skjerm-gjor-med-barn-og-ungdom-kan-sta-i-veien-for-en-viktig-ting-mener-forsker/2236319
Det er jo eit ordtak som seier: «I landet på landets vis». Likevel trur eg medvitet om dei skadelege følgene av skjermbruken vil auke med tida. Som det står- dagens tilstand har bare vart ca 10 år. Me er ennå i «skjermbrukens spede barndom». I framtida håpar eg både «nettvett» og «nettavhengigheit» uttalast med eit heilt anna alvor enn idag. Kva skjermbruken «gjev» og «tek» kan vere eit utgangspunkt for debatten. Eit anna kva me sjølv vert i stand til å gje i ei gjennomdigitalisert samfunn. Den som vil tene sin Skapar, må jo vere meir opptatt av å gje enn enn å få. Moglegvis vil me i framtida også måtte bruke ein del teknologiske hjelpemiddel for å klare å gje, eller å tene-
-Gunhild
Stor debatt, dette her. Sterke krefter i sving, andeleg, økonomisk, psykologisk, emosjonelt. Eg har mine meiningar, og må prøve å gå for dei, så å seie. Eg delar refleksjonane dine. I mange stunder likar eg nettet, og brukar det konstruktivt. Andre gonger - oftare - brukar nettet meg, og eg tykkjer at eg hatar det. Jojo, jaja.
ReplyDeleteHmm, ein kan jo kanskje seie at når ein klarer å skjelne mellom når ein sjølv brukar nettet, og når nettet brukar ein. Så har ein nokså høg grad av awareness/varheit/medvit. Då kan ein t.d. tenke «Oj, nå skjer det igjen. Eg blir brukt av nettet! (Evt: Eg lar meg bli brukt av nettet!). Vil eg fortsette med dette, eller gjere noko anna?».
ReplyDeleteSpråket ein brukar er ikkje heilt uvesentlig, det gjeld å «ta tilbake makta», og ikkje hamne i offerrolla for ofte/lenge av gongen. (Då kan ein jo i tilfelle seie: Oj, nå vart eg eit offer igjen. Vil eg fortsette med det, eller gjere noko anna?).
Magikarkortet i tarot kan også hjelpe ein til å gå meir vaken gjennom livet, å vere ein magikar i eige liv. Elles er jo auka awareness både mål og metode i gestaltterapien. I denne tradisjonen tenker ein altså at dette er bra i seg sjølv. Og det er alltid meir awareness «å bygge».
Ja, sant. Å vere offer er...hm. Eg føler eg må tenke meir gjennom dette. Unge som veks opp i dag, er jo på mange vis offer for sterke krefter. Dei kan ikkje berre seie "eg skulle ha teke meir kontrollen, eg skulle ha forstått meir" etc. Det er eit stort element av å vere kasta inn i ei verd som ein liten person og aktør, på ein måte. ("Ein farfar i livet skulle alle ha"). Det er også ein veldig viktig del av ei sunn sjølvforståing, trur eg. Ofte veldig undervurdert i vestleg kristendom. "Alt er ikkje min feil".
ReplyDeleteMen når alt dette er sagt, så er eg jo samd - ein bør vere "aware", bruke moglegheitene, etc. Nok også gjere seg sjølv sterk og opparbeide seg makt, som du seier. Eg føler dette er eit område eg har tenkt altfor lite gjennom. (Og kven skal ein i dag søke for å få visdom om desse tinga?? Andrew Tate, så å seie??) Makt kan også vere representert gjennom tradisjon, fellesskap, familie, vener - gudstru inkludert i desse tinga.
Men det er som med Sun Tzu; når du møter ei overmakt, så er det best å ikkje gå inn i krigen utan mål og meining. Går du i krig, er det best å ha massiv overmakt, slik at du vinn slaget raskt og enkelt utan for mykje skade, så å seie - og det kan også bety å gjere fienden mindre å hanskast med. (Dette er ikkje så langt unna mykje bibelsk stoff, så det er sagt, berre at NT ofte andeleggjer kampen).
Eg meiner; teknologi og elektronikk er det best å trekke seg unna, på mange vis. Det er for sterke krefter. Så blir fienden meir handterleg.
Og det er jo på ein måte ei skjelning mellom å bruke, eller å bli brukt. Men det er vanskeleg, sikkert logisk umogleg, å eigentleg gripe heilt det her. "No handlar eg noko på nett, som eg føler eg treng. Men blir eg berre manipulert? No les eg noko interessant - men burde eg eigentleg logga totalt av, og snakka med naboen i staden? No fylgjer eg med på samfunnssituasjonen. Burde eg eigentleg tenkt på noko heilt anna?"
Det er vel noko med at det trengst alternative "situeringar" for å ha ei god livsretning. I vår moderne verd er tanken at "eg er eit individ som bestemmer fritt" etc. Det er på mange vis det H Frankfurt omtalar som "bullshit". Vi har vår vilje, men formast primært av langt meir komplekse faktorar og krefter (kva ord skal vi bruke?) Så sjølv om vi seier at vi er frie, og også er det på ein del nivå, så er vi ikkje nødvendigvis på meir fundamentalt nivå.
Jo, men for å avslutte, så er det veldig viktig med awareness, som du seier.
Å ta tilbake makta, det er ikkje det at ein skal opparbeide seg så voldsomt med makt. Det handlar kun om å tre ut av offerrolla, der ein er fullstendig hjelpeslaus, fordi «alt er nokon andre sin feil». Og inn i ei rolle der du igjen er i posisjon til å påverke omgjevnaden din.
ReplyDeleteMerk den store skilnaden på å «bli brukt» og «la seg bli brukt». Ofte er dette ulike steg i ein endringsprosess, som må ha si tid.
Ja, det er jo ikkje slik at ein bare har prioritert rett heile tida. Ein har bomma på målet, synda. Hovudsakleg er vel dette fordi ein har villa ha styringa sjølv, i staden for å la seg leie av den heilage Anden. For å sitere min eigen oldefar: «Gud hjelper den som hjelper seg sjølv». Faktisk kan den som er fødd i Fiskane vere ekstra utsatt for dette, ved å ha vanskar med å finne noko større enn seg sjølv å tru på. Eine fisken viklar seg ned i materien, der alt blir meir og meir komplisert. Den andre viklar seg ut att, og i retning av Gud (evolusjon) og livet vert mindre og mindre komplisert.
Eg les akkurat no «Elsk og gjør det du vil- Kroppens teologi for ungdom» av Søster Sofie O.P. Eg trur den kanskje byggjer på Pave Joh Paul II si bok med liknande namn, iallefall har ho også skrive ein vaksenversjon som viser til pavens bok. Her er den falne tilstanden skildra som at mennesket fekk fri vilje til å rive sund seila sine, og dermed drive rundt på havet utan mål og meining. Og det er vel akkurat det mange menneske, inkludert meg sjølv, gjer og har gjort. MEN- me har også andre valmoglegheitar. Og dette har eg bare såvidt byrja å oppdage. Boka er elles også ein stor augeopnar når det gjeld å bli klar over kor grundig ein (eg) har bomma på målet. Å erkjenne dette- altså synd- er også ei veldig nyttig form for awareness. Då kan ein håpe på å bli meire treffsikker, om ikkje anna så i neste inkarnasjon. Så eg vil nesten påstå at det finst ei meining eller ei slags superkraft i dette. Ref at det også er sagt at den som har synda, har desto større potensial for å elske (eller noko slikt).
Til slutt ein liten advarsel mot å problematisere for mykje. Gå heller etter ressursane (men verden vil problematisere, så her må ein tørre å vere litt motkulturell :) Min påstand er at mykje av dei problema du listar opp for ungdom idag kan løysast med sunt nettvett. Kva no dette er (ja, nokon må finne opp kruttet, elles vert 99 % av oss gåande rundt som zombiar. Omtrent som den gongen nokon oppfann røykelova).
Alt dette er særs viktige tema- og me har alle ei viktig rolle å spele, om enn forskjellige (me er trass alt ulike lemmer på den same lekamen).
Eit visdomsord heilt til slutt:
«A soul may decend to earth and live seventy or eighty years for the sole purpose of doing a favour for another. A spiritual favour, or even a material favour»
Baal Shem Tov
Helsing Gunhild
Hehe, ja, mange tankar her. Mange gode tankar også. Eg skal tyggje på det.
ReplyDeleteTygging er veldig lurt, og også å «sove på det».
ReplyDeleteEg kom over denne som eit apropos https://m.youtube.com/watch?v=xuJpd4YWz-8. Det er Ulf Lindgren sin gjennomgang av Bibelen 21.juli, der han har komme til Bergprekenen (Matt 6.25-34 Gör er inga bekymmer). Her snakkar han om Guds rike, som noko som eksisterer parallelt til vår verd, som er skjult med eit forheng/teppe. Og som ein stad der ein kan hente kraft! (eller overført til seilbåtmetafor: reparere segla og få vind i dei). Denne forståinga synest eg gjev stor meining.
Gjennomgangen hans av Fadervår litt tidlegare gav meg også eit aha- det daglege brød er ikkje det brødet (materien) som me et reint fysisk. Ref t.d. det norske uttrykket «levebrød». Men ein forsmak på måltidet me skal ete saman med Gud (truleg er nattverdsakramentet den eine staden der dette gudommelege måltidet faktisk vert materialisert- eit stort mysterium).
Som du kanskje skjønar fekk eg eit etterslep på Lindgrens gjennomgang, som eg no hentar inn att :)
- Gunhild
Apropos nr 2: what she said: https://radio.nrk.no/serie/drivkraft/MKAK05013423?fbclid=IwAR2RLsG_gtoHoOBkrDlv5AVj3vv_h3oIsFWa1XEJioYOjL9zkWS4Mw67UEA
ReplyDeleteHei, verkar interessant, men må sjå om eg finn høve til å høyre på det.
ReplyDeleteJa, verkeleg interessant. Vigdis Garbarek har realisert det sanne medvitet i sitt liv, utan hjelp av nokon visdomstradisjon. Men ved hjelp av å stadig øve seg opp i evnen til å skjelne (diskriminere). «Vil du vere ekte tre, eller vil du vere plast». Og med angsten som læremeister.
ReplyDeleteHo verkar vis. Men ho har nok hatt kontakt med tradisjonar, det er ikkje til å unngå... Kanskje ikkje ein spesifikk og sterk(?) Ho har i alle høve lagt ut bøker både i pdf og mp3 på heimesida, veldig sympatisk.
ReplyDelete