Om det moderne og det pre-moderne, og sjel

 Dagens refleksjonar. 

- Kva er meininga med å vere menneske? Jesus seier mykje om det - men vel å merke som eit apokalyptisk innslag i ein lang jødisk (mm.) tradisjon. "Visdom" er ein fruktbar og ekspansiv og "inklusiv" moralsk kategori, noko ur- og oldkyrkja naturlegvis sterkt poengterte. Jesus vart kalla "Visdom". Men han kalla også til ting som gjekk langt utover det som var "vanleg visdom". "Meir enn Salomo" etc. Desse spenningane har vi også i bygdene våre i dag. Ein del av løysinga må vere at visdom i kristendomen forvaltast av anerkjent autoritet, og at denne autoriteten også må anerkjenne visdomen i praktisk røynsle (slik Bibelen gjer). 


- Dyr er "ville". Men mange av dei lever i fellesskap, lagar seg hus, samlar mat, brukar verktøy, har rollefordelingar, avgrensar territorier etc. Altså er dei også ikkje ville. (Eit poeng frå Wendell Berry). Livet i Vest-T fram til ca. 1850 liknar meir på slike dyreliv enn moderne liv, kan vi moglegvis seie. Aristoteles: Mennesket er eit fornuftig dyr. Derav bør vi ha kontakt med den dyriske naturen, og vere forsiktige med å neglisjere den. (I det heile er elles Bibelen full av møte med dyr, og metaforikk knytt til dyr). "Dyrisk" - kva tyder då det? Noko med sjel, noko som pustar. "Anima", eller "dheusom". Gud bles livsens ande inn i Adam så han vart ei levande sjel. Men også dyr har sjel, i fylgje GT. Dei har også livsblod. 


- Forskning og bondevit og tradisjon seier mykje om kva er sunt (mat, kroppsbruk, relasjonar, evner, riter, kultur, song, leik, husdyr, naturkontakt, haldningar og emosjonar etc.) Peikar desse erkjenningane og tipsa i meir eller mindre éi retning, eller sprikar dei? (Hypotese: Fyrstnemnde). Har retningane normativ betydning, ikkje berre deskriptiv? (Grunnleggjande overtyding: Ja, men litt usikkert på kva vis). Kva er retninga? Det er ikkje opplagte og "clearcut" svar her. Men svar finst likevel. Kven gjev svara/førebiletet? Det er eit stort og viktig spørsmål. 


- Kva er eigentleg meininga med romklang, kvifor talar det slik til oss når vokalen eller instrumentet får det? Ei levning frå titusenar av år med religiøse rituale i djupe holer? (Kven veit. Men noko mystisk er det heilt klart med romklang). Nokon sa: Gregoriansk song er som å røre ved det guddomelege. Lyd som omsluttar, og vibrerer i kroppen og sjela. 


- Musikk uttrykker, og er i kontakt med, emosjonar, på mange vis. Harmonisk sett, dynamisk sett, timbre-messig, vokalt, tekstmessig etc. Interessant nok kan ein tale om "sjel" i musikken. Er "sjel" i musikken den fundamentale meininga med musikk? Eller blir dette ein for moderne, romantisk idé? Musikk kan også vere til arbeid, livsovergangar, politikk, tradisjon etc. Sjel, hjarta - nær røyndomen, nær meining. Er det dette som er kompasskursen for å lage musikk? Kilar: "Så lenge eg held fast på kjensla, skriv musikken nærast seg sjølv". Er Kilar ein romantiker? Og: Kva kjensler? Kjensler uttrykker ein "in der Welt sein", så då spørst det kvar ein er. Modernitet: "På det store hav me siglar". Eller: "All solid melts into air". Eg meiner: Forvirring på grunnleggjande nivå. 


- Musikkutstyr er ein enorm industri. Ein kan bruke milliardar av kroner på utstyr. N Bettencourt, ein av dei aller beste gitaristane i populærmusikken seier: Gitar + amp + rat-pedal, that's it, gjennom heile karrieren. Di mindre "dill", di nærare sjela i musikken. Som Jeff Beck. Men: Vangelis bruka enormt med utstyr. Men han sa: "Uansett kva utstyr ein brukar; eg prøvar å skape musikk med sjel". Eg spela Monastery of La Rabida i kyrkja. Folk sat som fjetra. Det skjer noko mystisk der, noko "unitivt" på veldig mange ulike felt.


- "But still, Houellebecq is not proselytising for a return to the values of the past. He doesn’t want us to go back to some prelapsarian age — partly because he thinks it is too late anyway, but also because it all sounds absolutely terrible

In Atomised, he lampoons the alternative:

 “You are at one with nature, have plenty of fresh air and a couple of fields to plough (the number and size of which are strictly fixed by hereditary principle). Now and then you kill a boar; you fuck occasionally, mostly with your wife, whose role is to give birth to children; said children grow up to take their place in the same ecosystem. Eventually, you catch something serious and you’re history.”


- Samanlikne så med Halvor J Sandsdalen: 

Gjev meg jorda til bustad. 

Gjev meg jorda til bustad, 

ein måne bak pæretreet,

ei gryte i grua

ei vogge i stua

ei fortrekksgardine mot gatelyktskinet,

min ven, min ven.


Gjev meg vokslys i staken 

og granved på gruehella

ein kylling i gryta

og brød vi kan bryta

ei fortrekksgardine mot gatelyktskinet

min ven, min ven.


Set ein syngjande måltrost ein  morgon i pæretreet

ein stare på taket

med reir til ein make

ei fortrekksgardine mot gatelyktskinet

min ven, min ven.


Heng ei bjølle i porten, eit tingel frå barndomslandet

ein nellik i glaset

og fivreld i graset

ei fortrekksgardine mot gatelyktskinet

min ven, min ven

Halvor J, sandsdalen



- Kven er det som tek fullstendig feil? Houllebecq og artikkelforfattar, eller Halvor Sandsdalen? Viktigare: Korleis det kan gå til at to oppriktige vurderingar av det same sakskomplekset er SÅ ulike? Noko må ha med konkret livsrøynsle å gjere. Noko må å gjere med kva leve-alternativ som faktisk er tilgjengelege. Men det er svært tankevekkande å tenke på at våre..."smakar", våre "vurderingar", våre "mål" kan bli ulikt innstilt. 


- Ivar Aasen:


Gamle grendi

Tidt eg minnest ein gamal gard

med store tre og runnar,

vollar, bakkar og berg og skard

og blomster på grøne grunnar.

Der eg hadde meg so godt eit rom;

hus og mark med både bær og blom.

Alt eg nøytte som ein eigedom

med både lut og lunnar.


Der var dalar og lier nog,

der lur og bjøllor klungo;

der var ruster og fager skog,

der tusund fuglar sungo.

Tett med stova stod ei bjørk so brei,

der hadde skjorene sitt gamle reid,

staren song i kvar ein topp som beid,

og erlor i tunet sprungo.


Heime var eg so vida kjend

og slapp inn kvar eg vilde

i kvart hus i den heile grend,

om endå folket kvilde.

Der var kjenningar i kvar ei krå,

og når eg ukjende folk fekk sjå,

spurde eg radt kvar dei var i frå,

og dei var like milde.


Var det nokon som der leid vondt

og vart fyre tap og spilla,

brått det spurdest om bygdi rundt,

og alle tykte det var illa.

Ofte minnest eg mi gamle grend,

når eg framand uti verdi stend,

heimlaus, frendelaus og lite kjend,

og likar på leiken ille.


Eg song denne songen for eldre damer på institusjon. Så spurte eg dei: "Romantiserer Aasen her, eller er skildringa nokonlunde dekkande?" Ei vis dame sa: "Jo, det var då vel ikkje så langt unna det. Sjølv kunne eg gå inn og ut i alle heimar i bygdi då eg var lita, jamvel om folk låg og kvila. Det var då også lite av uvenskap og feidar." "Men hardt arbeid var det naturlegvis, huhu." 



- "Arbeid". Kva er det? Eit utydeleg ord. Uklar etymologi. Ein mann med bondevit sa: "Hardt arbeid skadar ingen". Han tenkte på hardt fysisk arbeid. Arbeide i skogen, arbeide med byggjing. Ta seg pauser, ikkje stresse. Men "arbeid" kan også vere stressande, sitje foran skjerm, utføre tekniske og planmessige oppgåver, gjere noko einsformig der ein sjølv. Såleis er det best å skjelne mellom typar av arbeid. (D. e. ikkje forstå arbeid kun ut frå økonomiske og tekniske omsyn).



- Eg såg Bergsets NRK-konsert med gamle folketonar. Flott musikk og konsert. Bergset har gjort ein stor jobb for kulturlivet. Igjen er det mest slåande brytninga mellom det moderne og det før-moderne. I musikalske uttrykk. I vurderinga av meininga med musikken. I tekstinnhald. Bergset elska musikken, men visste ikkje heilt kva meininga var med det han song, eller om han ville uttrykke noko med det. Han tala også klingande Vinjemål då han var ung, no gjekk det i ryddig bokmål. Ei reise. Oppgåva for oss er i alle høve å føre vidare tradisjonen med gjennomtenking av kva som treng revisjon, og kva som ikkje treng det. "The living faith of the dead" Ikkje: "The dead faith of the living". 




Comments

  1. Dette tek tid å fordøye, men ein kjapp kommentar om skilnaden på dei to du nemner.

    Ein openbar ting å nemne er fenomenologien, at dei to moglegvis kunne vere einige om kva det er dei observerer, objektivt sett. Men dei har vidt forskjellige tolkningar, dvs kvar sine høgst subjektive fenomenologiske verder. Slik me alle har (eg og du ser heller ikkje den same verda, m.a.o.). Ein interessant ting med dette er elles det me i gestaltterapien kallar for kontaktformen projeksjon. Dvs at det me ser rundt oss, langt på veg er avhengig av det me har i oss sjølve. Me projiserer sider av oss sjølve ut på den andre, gode sider såvel som skyggesider. Når me skjønnar dette, kan me også vere istand til å ta projeksjonane våre tilbake.

    Ein annan ting som slår meg: kan det vere at Sandsdalen enten har erfart det på denne måten sjølv? Eller hentar erfaringar frå den kollektive underbevisstheten. Han synest å vere i kontakt med både sjel og sansar. Medan H. kan gje inntrykk av at han ikkje har direkte eller indirekte erfaring (frå det kollektivt underbevisste). Han høyreist for meg ut som ein intellektuell som først og fremst har kontakt med sine eigne tankar, fantasiar og førstillingar (for øvrig den minst pålitelege awareness-sonen). Og kanskje ikkje så mykje kontakt med kropp, kjensler og sjel/ånd.

    Det slår meg at H.verkar fattig, og S. svært rik. Ivar Aasen også. Eit jødisk visdomsord seier at eit menneske ber heile verda inni seg. Dette kanskje fordi me alle djupast sett er eitt. Det verkar på meg som at diktarane er i kontakt med dette, havet av det kollektivt underbevisste. Medan H, som kanskje i sjanger hellar meir mot sakprosa, verkar «isolert» både frå seg sjølv og andre. Ein kan vidare lure på om han dyrkar det dyriske ved menneskenaturen, medan dei andre to kopla på sjel og ånd. Menneske treng begge delar, sjå t.d Wilfred Stinissens «En bok om kristen dypmeditasjon» om kroppens symbolikk.

    Så kokar det heile kanskje ikkje ned til kven av desse to som har rett. Men til kva ein sjølv ser og tolkar, i si eiga fenomenologiske verd.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. «Ei fortrekksgardine mot gatelyktskinet»- det er som om Sandsdalen anar at det kollektivt underbevisste/vår menneskelege «storfamilie» også rommar menneske som H./artikkelforfattar, med «kalde nådelause gateljosblikk», som ein treng å verge seg mot :)

    Frå den eine metaforen til den andre: Det er jo også mange «mørke gater ein heist ikkje vil oppsøke» i astralverda, den åndeverda som er tettast på vår eiga verd. Eg merkar at eg sjølv har vorte mykje meir vár på dette med åra. Eit godt eksempel er forholdet mitt til ein forfattar som Margit Sandemo. I ungdommen nærmast slukte eg bøkene hennar, og synest dei var såå bra. Så skulle eg vurdere kva eg skulle gjere med serien «Heksemesteren» i samband med flyttinga. Så eg leste eit par kapittel, og vart fysisk uvel. Så mange andeleg sett «mørke gater» eg ikkje ynskjer å gå. Boka hadde ikkje endra seg, men eg og min persepsjon hadde tydelegvis gjort det. Eg og Sandemo var ikkje lenger kompatible.

    Av dette sluttar eg at det ikkje bare er det einskilde individet det kjem an på (som dei ulike forfattarane du nemner). Men også kvar dei oppheld seg på Vegane sine, akkurat der og då. Moglegvis ser H. det heilt annleis i eit anna augneblink enn det som fødte akkurat det nemnte sitatet.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  3. Om kva som er sunt: her trur eg eg vil støtte meg på det Vigdis Garbarek sa i intervjuet eg lenka til under førre blogginnlegg: Det er den einskilde som sjølv sit på både spørsmåla og svara. Ref dette ho seier om dei praktiske tiltaka ho sette inn i perioden med angst. «Koke havregraut på mjølk fordi det er bra for magen». Eg kjenner det att frå eigne periodar med søvnlausheit. Kor mykje visdom ein sjølv sit inne med om kva ein treng. Kvar denne visdommen stammar frå er ei anna sak, her spelar det nok inn at mennesket er både telepatisk, intuitivt og evnar å «koble seg på» det gode (gå i dei opplyste gatene i astralverda). Og kanskje også at sjelene våre «har vore ute ei vinternatt før», i ein annan inkarnasjon-

    ReplyDelete
  4. Hm. Til det siste, har du jo mykje rett i at visdom er inne i ein. Men det er jo åpenbart ikkje nok - då ville vi ikkje trenge Håvamål, Salomo eller "ein farfar i livet"... Men du er sikkert samd om det. Elles, ja, kvar ein er i livet er viktig, heilt klart. Sjølv har eg gått gjennom mange fasar, og visdomen aukar forhåpentlegvis. Men det er klart at det eg tenker no, ikkje nødvendigvis var heilt rett å tenke i mine tidlegare livsfasar. Dog er eg nok meir tilbøyeleg til å seie at vurderingane av "kva som er best" etc. ikkje berre har å gjere med kva ein tolkar, korleis ein tolkar etc. Men også til kva som objektivt sett er best. (Kva våre naturar som menneske er retta inn mot, t. d.)

    ReplyDelete
  5. Tja, ein fenomenologisk haldning til livet trur eg faktisk kan vere bra i seg sjølv (iallefall for somme av oss;). I læreboka mi «Estetisk veiledning-dialog gjennom kunstuttrykk» av Ødegaard og Meyer DeMott er denne haldninga forklart gjennom «nomaden»:

    «Nomaden som karakter lever i øyeblikket. Han reiser ikke bare med åpne øyne, men også med åpent sinn. Han møter medmennesker og verden kun med sitt nærvær, det eneste nomaden har, for han er blottet for hjelpemidler og teknologi. Han er blottet for absolutter, begreper, modeller. Ord får sin mening i relasjoner, i forhold, i sammenhenger.
    De greske røttene til ordet «nomade» betyr «jeg deler», «jeg tar plass, men kun fir en kort periode, og derved gir jeg plass for andre», jeg gir ly», «jeg lar leve», «jeg hengir mig til vinden».
    Nomaden er ikke fremmed for det etiske eller religiøse, kun for ordene som er forbundet med det. Han er på den andre siden av frykten for urokkelighet og uærlighet, fenomener som provoserer han like lite som de interesserer han.?Nomaden sier kun hva han ser. For han er det å tale å peke på begivenhetens kjerne, å se grensen som en mur og se åpningen som en mulighet. Han vil aldri vise deg hva som er riktig, bare hva som er mulig eller annerledes. Han inntar en åpen holdning overfor en verden full av muligheter.
    Vi kan se nomaden som fremtidens rådgiver. Nomaden som idealtype inneholder både normative og regulerende trekk, men står i motsetning til å arbeide strategisk, instrumentelt eller med faste fortolkninger. Nomaden står i motsetning til alle opportunistiske perspektiver. Han er ikke pragmatiker, men mer rolig og anarkistisk. Han avviser enhver fundamentalisme. Han søker oaser under en åpen himmel» Steen Lykke

    ReplyDelete
  6. Å få kontroll over sinnet (the mind) og gå vaken gjennom livet er elles også eit godt utgangspunkt for eit sunt liv. Ein stor del av dette handlar om kva me vel å fore underbevisstheiten vår med, og ikkje. Her gjev vel visdomstradisjonane mange svar på kva som leier til sunne og gode liv (og då ikkje einast for ein sjølv). Sjå t.d. denne instruksjonen https://kupdf.net/download/seven-steps-in-practical-occultism-paul-foster-case_5afc9216e2b6f52526be4d94_pdf

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  7. Ja, mykje godt i dette som står her, og mykje å seie om det etc. Også ein del som fortener å setjast under kritisk søkjeljos. Eg står i alle høve ved min førre kommentar!

    ReplyDelete
  8. Diplomatisk tale :) Jesus svarar vel også på dette i Bergpreikenen. Om å byggje livet på steingrunn, ved å følgje dei anvisningene han gjev her. Kan jo vere ein god plass å starte.

    Så er jo også spørsmålet om eit godt og sunt liv er eit smertefritt liv. Og kven livet er godt og sunt for. Er ein altruistisk eller egoistisk innstilt. «Den som mistar livet for mi skuld skal leva om så han døyr». Er det ikkje det Jesus seier? Så då er vel kanskje eit godt og sunt liv å leve i tråd med Guds vilje- kva denne enn måtte vere (for øvrig er vel siktemålet med dei 7 trinna å finne ut av om eins inste ynskje er i tråd med Guds vilje, eller ikkje).

    Ein ting som ialefall er klart, er at ein ikkje kjem dit ved å «følgje straumen». «Du må tenke sjæl», som Trond Viggo syng om. Og kanskje døy frå det gamle livet ditt ein del gonger (moglegvis 7).

    ReplyDelete
  9. Eg ville ikkje samanlikna liva til menneska i gamledagars Vest-Telemark med liva til dyr. Og heller enn å vere redd for at den dyriske naturen blir neglisjert, ville eg fokusert på å tøyle den. Det er ikke noko me mistar om denne naturen ikkje får vår merksemd. Tvert imot kan han vel ta over utan at ein er tilstrekkeleg medviten om det.

    Noko av det viktigaste me har å lære av dyr, tala også Vigdis Garbarek om i intervjuet sitt på nrk radio (Drivkraft). Dei er fullstendig reine i sine uttrykk, dei lever Guds vilje ved å bare vere. Så enkelt er det ikkje for oss menneske, eg trur verken no eller i gamle dagar. «Så mycket falskhet bor det her».

    Vårt medvit har ein høgare frekvens enn dyra sitt. Medvitet som søv i berget, slumrar i plantene, drøymer i dyra og vaknar i mennesket (ifølgje visdomstradisjonen).

    Med dette medvitet følgjer ansvar. Det gjeld å gå vaken i staden for sovande gjennom livet.

    ReplyDelete
  10. Eit visdomsord eg kom over, som kanskje passar:
    «God is ‘what is nearer to you than your neck vein’. You have cast the arrow of speculation afat off. O you, who have made ready your boe and arrows, The game is close to you, and you shoot too far off. The further a man shoots, the further off he is, And the more removed from the treasures he seeks. The philosopher kills himself with thinking, Tell him that his back is turned to that treasure;
    Tell him that the more he runs and fro, The further he is removed from his heart’s desire. The Almighty says: «Make efforts in our ways,». Nor «Make efforts away from us,» O restless One.
    Rumi, from the Mathnawi Rumi, translated by E. H. Whinfield

    ReplyDelete
  11. Ser no at du skriv at liva deira (menneska i gamle dagars V-T) likna meir på dyreliva enn det moderne menneskelivet. Det er jo ikkje det same som å sette likheitsteikn mellom menneske og dyr. Me er jo også vitterleg pattedyr, men også noko meir, noko «gudelikt». Og går oss vel mykje oftare vill enn det dyra gjer (ikkje minst i det moderne hastige livet, der ein knapt kan ta seg tid til å stoppe opp og kjenne at ein lever, er). Det er vel her den frie viljen kjem inn.

    Det store førebiletet og rollemodellen, det må vel vere Herren Jesus Kristus (og alle menneske av god vilje som etterlikner Han).

    Kom til å tenke på to ulike tarotkort, som moglegvis kan vere til hjelp i å utforske desse tinga. Det eine er nr 18, Månen, som viser korleis Vegen me skal gå går midt mellom to dyr, ein ulv og ein hund. Natur og kultur. I dette kortet vert det også understrekar kva funksjon søvnen har, når det gjeld å integrere nye ting. Det andre kortet eg tenkte på er nr 8, Styrke. Den viser ei kvinne (som symboliserer det underbevisste), som held rundt ei løve. Det viser kor viktig det er å halde dei (dyriske?) kreftene i oss i sjakk. Dette er ein grunn til at det vert fråråda å jobbe direkte med chakra i vestleg visdomstradisjon (men heller indirekte, gjennom symbolikken tarotkorta, som er «heile eksistensen satt på formel»). Kundalinekrafta er ei slik voldsom kraft, som må tøylast fram til ein evt vert klar til å sleppe ho fri.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  12. Tankane stokkar seg ikkje like bra når ein er sjuk. Så beklagar om kommentarane vart litt rotete denne gongen! Engasjementet er fortsatt like stort, skjønnar du :)

    Meininga med å vere menneske, me sit nok på både spørsmålet og svaret sjølv, ref Vigdis Garbarek. Der meininga til ei kvar tid er tilpassa kvar me er på Vegen vår. Og me treng «rett medisin til rett tid», noko som stiller krav til vår eigen skjelneevne.

    Lengselen etter opphavet vårt, Gud, og ein kjerne som er av Gud (god). Dette trur eg me har til felles med alt anna her på jorda. Menneske, dyr, planter, stein. Skilnaden er bare at resten av skaparverket lovsyng Skaparen utan stans. Medan me menneske har fått den frie viljen til å vende ryggen til. Noko slikt. Kanskje det også er difor me treng musikk med romklang/sjel. For å hugse kven me djupast sett er, og kvar me høyrer til.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  13. Det kan veldig godt hende :)

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog