Litt om nokre av bøkene eg les om dagen. 



Veldig tankevekkande å lese "Eit år på Haugo". Det er ei veldig god bok som skildrar alt som skjer på garden, og i storfamilien, i løpet av eit år, 1945. Det er sjølvberging, mangesysleri, arbeidsdeling, naturalhushald. Det er også tradisjonar som overførast, innan handverk, arbeidsmetodar, samveremåtar, dyrehald og mykje anna - inkludert tru og liv. Det er opplagt at eit liv langs desse liner er både krevjande og sunt og meiningsfullt. (Sjølv om denne familien nok var flinkare enn dei fleste på desse tinga). Det er både interessant og spennande å lese om desse tinga, og nettopp desse kjenslene er eit sunt signal, ein peikar. Ei veldig god bok er det, fordi ho både er lærerik og lokal. Eitt stort spørsmål er om samfunnet kjem til å bli organisert langs slike liner på sikt, når t. d. olje tek slutt. Eit anna er om det er "metafysisk/eksistensielt/spirituelt" rett og sunt og godt å sikte mot eit slikt liv i alle høve. 






Wickhams bok om Europa etter romarriket, mellom 400 og 1000. Det er ei svært viktig tid for ettertida, så å seie. Men, ei tid som få veit noko om i det heile teke (inkl. dels meg). Dette er dog i ferd med å endre seg. Nettopp fordi mange av "spelereglane" for Europa vart lagt på denne tida - og no er desse i endring - blir denne epoken interessant. Interessant nok vert ein figur som Karl den store ofte teke fram no om dagen - han er ein omstridd figur, liksom Justinian i austriket. Poenget er kva veg Europa skal ta - og det er for tida eit ganske ope spørsmål. 





Jacques Ellul om teknologi, samt Kevin Kelly. Kelly si bok om teknologi er lærerik og interessant på mange vis. Ho tek mykje feil i vurderingane om teknologi, vil eg meine - ho vart skrive ca. 2008, i ei tid då problema med nett, smarttlf., overvaking, algoritmar, AI, ikkje var så mykje framme. Men interessant. Ellul er langt meir djuptgripande og omfattande. Det er ei rotete bok, men ho er full av innsiktar. 

På mange vis er det eit tema i båe bøker at teknologi, eller teknikk, er ei kraft som lever sitt eige liv. Det er eit prinsipp om orden og effektivitet for si eiga skuld, også for å forbetre/utvide menneskelege eigenskapar, så å seie. Problemstillingane er viktige fordi det er opplagt at det er behov for avgrensing av teknologi, om ein vil leve sunt og godt. Då støyter ein imidlertid raskt på dilemma, paradoks, spenningar, utfordringar. (Berre å prøve). 

Ingen veg utanom, dog. I det heile er det etter mitt syn, slik eg no ser det, ein god tommelfingerregel å sikte mot teknologi som "liknar mennesket og dets evner", eller skulle vi seie, "grenser" - og i det heile å ha ein sunn skepsis mot det meste av moderne teknologi. (Men allereie dette er eit enormt radikalt standpunkt i dag, og det er vanskeleg å seie kor haldbart det er, når ein tenker etter). Ellul viser på mange vis kvifor, til dømes ved å peike på at all teknologibruk har uvisste og uynskte bieffektar (som så søkjast å bli løyst med meir teknologi, med atter andre bieffektar...) Men, meiningar er delte. 



Andre bøker er det også - "Spor av vikingenes sanger", "Tolkien, author of the century" og fleire andre. Alt saman ferielektyre, må ein seie. 





Comments

  1. Hmm, kanskje er det med teknologi som med medisin. At det som er gift i ein dåre sine hender, er medisin i ein vis mann sine hender. Då blir spørsmålet korleis ein vert vis når det kjem til teknologi. Noko er kanskje individuelle skilnadar, t.d. kan visstnok usikre tilknytingsmønster gjere at ein vert meir sårbar for ulike typer hekt. Betinga kjærleik påverkar m.a.o. korleis hjernen sitt belønningssystem verkar.

    Lånte nyleg ei bok som heiter «Skjermhjernen» av Anders Hansen og Mats Wänsblad. Ho er retta mot unge, og hevdar m.a. at me har «savannehjerne». Men at det er mogleg å lære smart skjermbruk. Har bare lest starten (dessverre svært lite tid til sommerlektyre her i garden), men går ut frå at ho tek sikte på å auke graden av medvit. Så auka medvit er vel ein stor del av svaret, i motsetning til å gå sovande gjennom livet.

    Eg brukar å seie til ungane at det finaste du kan gje eit anna menneske er oppmerksomheten din. I grunnen var tanken å lese denne boka høgt for ungane, slik at dei sjølve vart i stand til å regulere skjermbruken sin. Moglegvis for mykje å vente av dei. Kvifor legge ned ein innsats for å stimulere hjernens belønningssystem, når belønninga er kun eit par tastetrykk unna? Er det eigentleg interessant å lære seg noko som helst, som krever ein større innsats (inkludert smart skjermbruk)?

    Difor drøymer eg heller om eit hus utan både mobildata og wifi (men med parabol), der me alle får ei varig tvungen avrusing frå nettet, og det ikkje lenger finst kampar knytt til skjermtid o.l. Og det moglegvis er litt enklare å få kontakt med kvarandre, og ein kanskje t.o.m. fekk tid til å lese ei bok i ny og ne- Eg kallar det eit lesande hus, også kan ein evt. ta seg ein tur på biblioteket for å låne wifi (litt av ei utvikling/paradoks). Det er vel ikkje eit heilt risikofritt eksperiment, men verdt eit ærleg forsøk. For status quo er heller ikkje utan risiko, sjølv om ein liknar litt meir på naboen.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Hei. Ja, fornuftige tankar.

    Eg har allereie bestemt meg for dette sjølv, at min bustad ikkje har, og heller ikkje skal ha, tv/nett. Eg er for svak til å "stå imot", og trur eigentleg at det er slik for dei fleste. (Men med born er det kanskje ei anna problemstilling å vurdere). Nett og skjerm er lagt opp av dei smartaste hjernane i verda til å vere avhengigheitsskapande, og til å gje oss noko som er morosamt, kjekt og nyttig - og kunstig.

    Difor er menneska i Matrix linka opp mot ein kunstig røyndom der det er sol og gøy og spenning - men ikkje røyndom. (Neo har Baudrillards Simulacra and Simulation i bokhylla). Og det store spørsmålet som Cypher tematiserer, er om livet eigentleg er betre i denne røyndomen (inni skjermen, "Meta" etc.)

    Spørsmålet om teknologi i seg sjølv er "nøytralt" eller som eit normalt verktøy lik ein hammar, så å seie, drøfast i mange av bøkene eg les. Eg heller nok mykje mot det som fleire vil seie, nemleg at teknologien har sin eigen logikk, sitt eige liv, si eiga makt, så å seie. Altså at nettet på mange vis er skapt med føremål om å fange oss ("world wide web"), fordi premisset er at marknadskrefter er gode og må bruke moglegheitene, samt at "meir av alt raskare" er bra (jfr. Hartmut Rosa), og at effektivitet og utstrekning og informasjonsutveksling i seg sjølv er eit gode. (Alt saman moderne premiss som vi har akseptert i vesten for fleire hundre år sidan). Eg trur såleis at ting berre kjem til å akselerere, inntil oljen og billig energi tek slutt. Men dette er ein "educated guess".

    Spørsmålet er bunde opp med liberalismens underliggjande problemstilling: Bør vi sikte mot meir mangfald og variasjon og valfridom "i seg sjølv", eller er det visse retningar som peikast ut av vår menneskenatur og av røyndomen i seg sjølv - slik at desse bør prioriterast, også til forkleinelse og avgrensing for alle moglege andre val (og teknologiar)? Kvar skal grensene setjast, og kva er dei gode retningane? Dette drøftast naturlegvis i dei store tradisjonane innan visdom, religion, filosofi, men det er ikkje mogleg å kome til allmenn semje om slike ting i vår tid og i vårt samfunn. Sjølv dei som står meg nærast i livet er ofte veldig usamd med meg om desse tinga, og eg er ofte usamd med meg sjølv også. Men eg har mine overtydingar, og eg tykkjer det er stor hjelp å lese slektssoge og bygdebøker.

    Ja, du har vel fundert mykje på desse problemstillingane sjølv.

    Mvh Hallvard

    ReplyDelete
  3. Ja, skulle vere "vs. inni skjermen, 'meta' etc." For øvrig er det ein slags røyndom på nett etc. også. Men det er altså ei "simulering", eller også eit "substitutt".

    ReplyDelete
  4. Ja det er krevande å navigere, både i bokstaveleg og overført tyding. Det var ei heilt ny oppleving å køyre i Oslo utan GPS, t.d. Ein både ser meir av Oslo, treffer fleire folk og brukar meir tid på å finne fram. Eg vil seie det var ei rikare oppleving enn å lytte til instruksjonane frå GPS’en. Elles er det haugevis av paradoks, som at denne givande samtalen (tilsynelatande) bare er mogleg på nettet. Og korleis vere ein del av flokken, når flokken har ein stor del av livet sitt (og dermed også røyndommen sin) på nettet? Ved å gå dit dei er (t.d spele dei same dataspela), eller ved å trekke dei med seg dit ein sjølv vil (noko som ikkje alltid er mogleg). Det enklaste er vel å la dei andre seile sin eigen sjø, og prøve å ta grep i eige liv. Men så er det vel å innsjå at også ein sjølv er del av eit større heile, ei vik i havet av det kollektivt underbevisste. Og dermed er det avgrensa kva ein får til. Korleis klarer eg meg utan wifi når ungen får lekser på iPad/nettet, og lærarane sender all info på Visma/nettet? Det krever mykje ekstra organisering å få det til :-/

    ReplyDelete
  5. Dersom du hugsar kva eg før har skrive om å vere ei vik i det kollektivt underbevisste havet. Så ser du at også eg er ueinig med meg sjølv her («Kvar gong eit menneske endrar seg, endrar heile verda seg). Underliggande spørsmål er: kor mykje tør ein å skilje seg ut frå resten av flokken? På eigne vegner? På barna sine vegner? Korleis unngå å «kaste barnet ut med badevatnet» i denne samanhengen? Det er etterkvart ein god del ting ein ikkje får gjort i dette samfunnet utan datateknologi (noko som allereie ekskluderer mange i den eldre garde). Betale rekningar. Arbeide . Gå på skulen. Så basale ting at ein ikkje kjem utanom. Tippar at det på sikt igjen blir teknologi som kjem oss til hjelp, ved å sette grenser me sjølve ikkje er istand til. T.d. ved å lage ein innretning som skjuler alle andre appar enn den du der og då har bruk for på iPhone. Evt mellombels reduserer IPhone til ein gammaldags fasttelefon. Men det wifi-frie huset burde vere innanfor rekkevidde, no som eg sjølv skal få bygd meg eit hus :) Og så burde det vel bare vere å tilpasse seg denne nye røyndomen, med dei fordelar og ulemper som følgjer med? Når eg ser kor flink jentungen er til å både leike og lese bøker, så er eg eigentleg ikkje så bekymra likevel. Kanskje blir det t.o.m ein god rutine å reise på biblioteket og gjere lekser. Medan gutane truleg får valet mellom å slite med sterke abstinensar, jakte wifi i nabolaget /bygda eller å betale for mobildata- (evt kjem dei kanskje ikkje lenger på besøk i det store og heile, noko som verkeleg set ting på spissen).

    ReplyDelete
  6. Ja, køyre utan Gps - for ikkje å snakke om å spasere :-s

    Paradoks, dette med at flokken er linka inn i the Matrix, så å seie. Ganske parallelt med apokalyptisk kall til kyrkjelyden også, så å seie, i tidlegkristen tid. Eg har også trua på å konsentrere seg om dei som prioriterer ned teknologi, nett og ein flyktig livsstil. Det er umogleg å få folk til å bli samde om ting, og nett/tech er også ein avhengigheit, i mange tilfelle. Ein kan så å seie kun diskutere problemstillinga med nokon som er villige til det, og som ser problemet.

    Eg ser også det store problemet med at vi alltid er innvovne i moderne teknologi, også fordi det ligg i vår natur å skape teknologi - i alle fall i enklare former. Men eg delar nok ikkje trua på at "meir teknologi" skal føre oss ut av knipa. Dette rett og slett fordi teknologien i seg sjølv drivast av underliggjande premiss om kva som er godt, meiningsfullt, rett etc., og desse premissa er det vanskeleg å sjå at storsamfunnet vil revidere.

    Elles er det viktig, trur eg, å ha gode alternativ til det som moderne teknologi tilbyd. For gutar må det vel vere bra med eventyr, utfordringar, natur, handverk, byggje noko, sport, bryting, kamp etc., noko som gjev meistring og status og er rått.

    Lukke til med minihus også.

    ReplyDelete
  7. Takk for svaret ditt! Lurte på kva du meinte med parallellen til apokalyptisk kall til kyrkjelyden?

    Veldig gode forslag til alternative aktivitetar til nett. Om enn noko krevande å gjennomføre i praksis. Her spelar vel både nemnte nettavhengigheit og tilgjengelege ressursar/eigen kapasitet inn. Organiserte tilbod som forballskule hjelper på. Og kanskje dersom ein klarer å få dei med på kvardagslege ting, slik som flyttejobb.

    Også interessant dette med å prioritere likesinna. I grunnen burde ein tenkt veldig langsiktig, og helst stifta familie med ein med same syn. For ungane sit det jau veldig langt inne å gje opp/ta avstand frå. Men så var vel også eg ein annan den gongen. Ingen kan gå ned den same elva to gonger, som det heiter seg. For neste gong er både du og elva ein annan. Og på den andre sida har ein mykje å lære av den som er ulik ein sjølv (ikkje minst når ein har både Saturn og nordleg node i solteiknet til vedkommande). Så her er det også mange paradoks!

    Elles noko å ta med seg inn i den nye jobben som miljøterapeut. Når noko er så normalisert og vanleg som avhengigheit av nett, vert det også meir uangripeleg, på ein måte. Eg fell sjølv også rett som det er tilbake i gamle spor. Er vel difor eg ynskjer meg ein fristad.

    Som med alle andre avhengigheitar, må ein finne ut kva ein eigentleg treng. Kva er behovet/impulsen? Sjølv har eg blitt veldig glad i å meditere,. Og dei gongene eg klarer å sette av tid til dette har eg i allefall aldri angra. Dersom ein tenker på kvar utpust som ein liten død, og kvar innpust som nytt liv, så blir ein minna på viktigheiten av å vere vakent tilstades i eige liv. At denne augneblinken har eit potensiale som ein kan ta i bruk, eller la passere.

    Takk for lykkeønsking med minihuset. Ser ut til at alt fell på plass, og det er eit godt signal om at ein er på rett Veg.

    ReplyDelete
  8. Hau - jo, apokalyptisk kall...i romarriket var det rimeleg "innanfor/utanfor", dersom ein vart med i ein kyrkjelyd. Heilt skarpe grenser var det naturlegvis ikkje, men likevel fekk ein ein tydeleg identitet og livsførsel, om ein vart med i kyrkja. Ein vart "annleis" - "kalla", "heilag" etc. Så moglegvis vil synet på teknologi også bli eit slikt "konkret punkt" som vil skape skilje mellom menneske. Men førebels har for så vidt ikkje kyrkja markert seg veldig tydeleg imot teknologi, så å seie.

    Jo, det er paradoks i dette du seier. Sikkert noko som ikkje høver heilt å ta opp i samtale på nett. Og mange har gifta seg med folk av ulik kulturbakgrunn, og det kan gå veldig godt, om båe er innstilte på det, og vil arbeide med prosessen. Når alt dette er sagt, så er det vel likevel enklare å gå under åket med nokon som delar kultur, tru, relasjonar, heimstad etc. Dette er eit stort felt som ikkje berre har å gjere med ekteskap, men også med om det bør gjevast føringar (t. d. til born), om det å "høyre heime" nokon stad etc. Eit komplekst felt der ein bør gå varsamt fram, men eg har også litt andre meiningar om dette no enn før.

    Ja, godt med meditasjon, og flott at ting fell på plass, ja.

    ReplyDelete
  9. Ja, den diskusjonen passar best i anna samanheng. Men «gå under åket med»? Leste meg litt opp på uttrykket, og det er vel ikkje det mest passande? Her kjem eit par sitat frå «Lights Of Kabbalah» (Facebook, sjølvsagt :) for å gjenopprette balansen i universet:

    «When man and woman were first formed, they were a single being. And then G-d divided them apart, so they could achieve a higher union. Why is it higher? Because now it is through their own effort.
    That is true oneness: when two chooses to be one»
    Rabbi Tzvi Freeman

    «In order for two to be married, it’s not enough to be tolerant of each others faults.
    It’s not enough that they leave room for one another.
    It’s not even enough that they give to each other.
    They have to be able to receive from one another, and to learn from the one another something each would never have on their own, to the point that each one will carry a precious piece of the other’s soul wherever he or she goes».
    Rabbi Tzvi Freeman





    ReplyDelete
  10. Hei, ja, gode sitat. "Åk" er eit bibelsk uttrykk som stundom brukast om ekteskap, men det er litt barskt. Vel tolka siktar det til å "dra i same retning", arbeide for same mål etc. Mange andre uttrykk brukast oftare i Bibelen, då.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog