Dagens refleksjon. Det er underleg at naturen fylgjer sin rytme, år for år. Nokre endringar er det frå år til år, nye artar kjem, til dømes, og det er variasjonar i regn, temperatur etc. Men artar og prosessar fylgjer sine kalendrar. No er det blåbær i skogen, og i dag smaka eg mi fyrste molte. Tidleg ute. Soppane har allereie ei god stund vokse rundt omkring der det er skugge og fuktig. Raude tistlar vaks plutseleg opp langs vegane i hopetal. Sumaren er allereie på hell. Dagane vert kortare. Det er så mykje å utforske, og det opplevast som veldig meiningsfullt og godt å gjere det også. 

Også underleg å vandre i skogen, på leit etter hjort og elg, førebels utan våpen. Eg fann ingen denne gongen, men eg veit kvar dei held seg. Og eg fann ei mengd med stigar. Ikkje berre for desse dyra, men også for maur. Dyra har sine nettverk av stigar ute i skogen, stundom på tvers av menneskestigar, men ofte berre nokre titals meter unna, ganske parallelt med våre stigar, gjerne dekt av skog. Stigane har også "vegkryss", slik at ein kan velje om ein går oppover, nedover etc. 

Eg fyra bål og la meg til å kvile i mosen, slik eg stundom gjer. Det var heilt stille. Eg tenkte: "Hm, jaja, ikkje mykje som skjer her." Inntil etter ti minutt. Små lydar, små pip. Så små rørsler ein meter bortanfor meg. Små mus som sprang frå stad til stad. Seinare gjekk eg nedover lia, og det er underleg når ein møter dyr - eg talar stundom med dei, som med eit barn. Ofte snur dei seg då, stansar opp, og kjem jamvel nærare. Bokfinkar og meisar, rådyr, elg og hjort og bever og ekorn. 

Det er klart, dyr har sine liv og syslar, sine kampar, sine samanhengar. For oss er dei våre mystiske medskapningar som vi aldri fullt kan forstå. Dei er også til nytte, ved å gje oss pels, kjøt, gjødsel etc. etc. Men det er underleg. Ein skræmande intelligens og venleik strøymer gjennom alle ting. Det har vorte neglisjert av moderniteten, men det skal ikkje meir til enn litt refleksjon før ein skjønar at det må vere slik. Eitt underleg fenomen, er furutre som veks på ujamnt og ulendt underlag, som veks ut i ei retning, påverkast av vind og ver og sol, og nøye kalkulerer kva boge stammen skal formast i, før det til slutt veks i rett retning. Det krev ein enorm kalkulasjon, som nok skjer umedvite frå treet si side, men - det skjer. 

Det er underleg med naturen. For menneske som er noko øydelagte og i re-parasjon (som meg, og på eit nivå er vi alle i konstant nedbryting og reparasjon) er naturen vegvisar og lækjar. Sansar og kjensler og humør og krefter vaknar til liv. Vi er skapte til liv i og nær naturen, det er jo opplagt. Mindre opplagt er det kva konsekvenser denne erkjenninga får for vår livsførsel i moderniteten, mtp. vanar, arkitektur, teknologi, tenkemåtar, reiskapar, riter og mykje anna.  Sikkert er det at ein ikkje kan rekne med at andre vil vere samde i den vegen ein veljer. Og det er også knytt risiko til å leggje ut på eigne, radikale eventyr. 



- Og ein refleksjon til. Det er Olsok snart. Her frå katolsk.no: 


"Seieren har Snorre sett i martyriet på Stiklestad. I den angelsaksiske kirke, som Grimkjell kom fra, hadde man på den tid et utvidet martyrbegrep. Kristne konger som kjempet mot hedninger og falt, fikk martyrstatus. 25) Selvfølgelig har Olav vært klar over at det ikke var hedninger han kjempet mot på Stiklestad. Allikevel kan vi si han satte livet til for Kristi skyld. For det må han ha forstått at kristendommen ikke ville hatt fnugg av sjanse til å forbli noe mer enn en tynn hinne over et splittet og lovløst ættesamfunn hvis han ikke selv tok over styringen i landet. Bedre enn vi idag har han fattet at kampen for rikskongedømmet og kampen for kristendommen var en og samme sak."

Som det heiter: "Kjør debatt!" 

Comments

  1. Hmm, dette trur eg at blir ei litt for enkel slutning. Olav Haraldson oppnådde først å berede grunnen for gjennomgripande kristning av den norske staten idet han gav slepp på alle personlege ambisjonar. Stemningskiftet som kom med Olav H. sin død var nok ein del av Guds plan, men såg Olav sjølv dette komme? Eg trur ikkje at målet for Olav H. i dette avgjerande slaget var vestleg makt. Snarare meiner eg å høyrt at han ofra seg/forstod at det ikkje var rett å drepe, eller noko i den duren (dvs rett forut for at han døydde). Denne innsikten førte til at han på sett og vis utførte sitt viktigaste virke postmortem.

    Har saksa litt frå + Stein Versto sin artikkel «Kva vil det seie å vere «katolsk», som ligg på Sankteystein.org (sjå neste kommentar). Her argumenterer han for at Olav H.må ha gått gjennom gjennomgripende indre prosess under eksilet, «ei sjelas mørke natt», det han snudde opp-ned på ring han tidlegare trudde på. Og at dette gjaldt både kjærleikslivet og karrieremessig.

    Det er sikkert meir å lære om Heilag Olav! Interessant arketype, som me også kan spegle oss i, i vår tid (som også +Stein kjem inn på mot slutten av nemnte artikkel). Kanskje kjem du inn på meir om mennesket Olav i morgendagens preike? Eg tenkte å ta meg ein tur til Høydalsmo for å lytte :)

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. «Etter nederlaget mot den danske kong Knut i 1028, flyktar kong Olav Haraldsson via Sverige til det noverande Russland, til storfyrst Jaroslav, som regjerte over det nyleg etablerte stor-russiske riket kalla Kievskaja Rus, med Kiev og Novgorod som dei viktigaste byane. Jaroslav var gift med den svenske prinsesse Ingegerd, halvsøster til Astrid, kong Olavs dronning. Det halvtanna året ved det storrussiske hoffet, fram til 1030, då Olav med hæren sin rykkjer inn i Noreg og blir felt på Stiklestad, er ein periode der det er grunn til å tru at mennesket Olav må ha gjennomgått ein grunnleggjande krise; han hadde kjent kallet til å ta kongsmakt i Noreg, og hadde gjort det, men hadde mist kongsmakta att, og blitt forvist til utlegd. Det ligg nært å sjå denne perioden av livet til Olav som eit døme på det mystikaren Johannes av Korset omtalar som sjelas mørke natt, der mennesket opplever å døy frå det det har kjent som nært og fortruleg, ein tilstand der alle ”utvegar” er stengde, og ein er tvinga til å sleppe taket i det ein har oppfatta som ”sitt” liv. Snorre skriv at Olav Haraldsson vart ein religiøs gruvlar i denne tida, at han ei tid tenkte på å valfarte til Jerusalem – noko då òg hirdskalden hans, Sigvat, faktisk gjorde.
    Kiev – byen der Olav etter alt å døme oppheldt seg mykje av tida – var ein kristen storby, ei religiøs og åndeleg smeltedigle, med ei rekke kloster og kyrkjer; og i den introverte tilstanden som må ha prega den kristne Olav i denne tida, er det grunn til å tru at han tok imot viktige, formande inntrykk frå desse miljøa. Eit sentralt element i den rådande spiritualiteten ved fyrstehoffet og i klostra var nyplatonsk teologi og filosofi, slik denne kjem til uttrykk bl.a. i skriftene til Dionysius Areopagiten og hans lære om englanes hierarki og om kontemplasjonen, der mennesket går restlaust opp i Det guddomelege (jfr. komande artikkel om St. Dionysius). Lysmystikken til Dionysius Areopagiten kom seinare også til å bli ein av dei dominerande impulsane bak dei gotiske katedralane, medrekna St. Olavs ”eiga” domkyrkje i Nidaros.
    Noko anna som sterkt kan ha påverka Olav i tida i Kievskaja Rus, er møtet med den kvinna han opphaveleg skulle ha blitt gift med; kvinna han ikkje kunne få fordi ho var gift med ein annan; kvinna som dei to følgjande versa, skrivne av Olav sjølv, skal vera tileigna: dronning Ingegerd.

    Eg stod der på haugen,
    såg på kvinna, fagre
    hesten bar den bruda;
    kvinna med dei vakre
    augo stal mi glede;
    kvikke, mjuke kvinna
    dreiv sin hest frå garden;
    kvar mann gjer sitt feilsteg.

    Før stod eika herleg
    året rundt og blømde
    sevjefrisk med grønt lauv,
    jarlens hirdmenn veit det;
    no er treets lauv brått
    bleikt i Gardarike;
    kvinna ho har bunde
    gullband om sitt hovud.

    (Gjendikta av Knut Ødegård)»

    Frå artikkelen «Kva vil det seie å vere ‘katolsk’» av Stein Versto

    ReplyDelete
  3. Naturskildringa er jau førre blogginnlegg omsett til praksis👏

    ReplyDelete
  4. Her er lenke til heile artikkelen eg nemnte, om du er interessert: http://www.sankteystein.org/kva-er-det-aring-vera-katolsk.html

    ReplyDelete
  5. Hei igjen - ja, det er ein spennande og god artikkel som eg har vore borti før. Det er heilt klart veldig interessante ting ved epoken, og ved Olavs liv - ting som er nesten heilt gløymt i dag. Det har naturlegvis sine historiske årsaker etc. Eg har faktisk enno ikkje lese Snorres saga om Olav, eg er les litt og litt i Snorre, og kjem nok gjennom snart. (Så det blir ikkje mykje om Olavs liv - meir om tematikken, og så skal eg synge frå Olavssekvensen). Mtp. dette med kongsmakt etc. vs. martyrium så var dette noko ein "kjempa med" etter at Olav var død. Dvs. korleis kunne ein helgen døy på slagmarka? Så det er noko ulike tolkningar av det. Jo, vel møtt til Høydalsmo om du vil vere med.

    ReplyDelete
  6. Så bra at du kjenner til og likar artikkelen!
    Ja, slik var det vel også med Jesu liv. M.a Markus skreiv livet hans inn i jødisk kontekst. Og ein fann måtar å forklare at Jesus på eit tidspunkt truleg var ein av læressveinane til døyparen Johannes. Jamfør Ulf Lindgren sin Bibelgjennomgang frå storkyrkan (YouTube). Uansett er det ei kortslutning å koble gudsriket til verdslege stormakter o.l. Det er tale om noko heilt anna. Sjølv om det det måtte vere heilt topp dersom ei stormakt verkeleg gjekk inn for å bygge Guds rike her og nå- på jorda (når stormakter får det for seg at Gudsriket er ein annan stad, har dei jo dessverre lett for å ty til krigføring, som vel heller handlar om å bygge ned Guds rike, enn å bygge opp).
    Sjåast i Høydalsmo :)

    ReplyDelete
  7. Teksten din om naturen minnar meg om noko eg hadde før, og som ikkje er like tilgjengeleg lenger. Eg har iallefall ikkje funne tid til å prioritere det i den grad eg skulle ynskje. Og noko såg eig også klarare som barn, det er vel ikkje utan grunn at «må bli som barn igjen» for å komme inn i Guds rike.

    Det du skriv om reparasjon fekk meg til å tenke på «trygt landskap» øvinga i traumestabiliseringsopplegget eg vart sertifisert gruppeleiar for det siste året (EXIT- Expressive Arts In Transition). Her er poenget at ein ber sine trygge landskap med seg som ein ressurs, uavhengig av om dei er tilgjengelege reint fysisk eller ei. Først leier ein kursdeltakarane gjennom mange ulike landskap (målar dei ut, psykodrama- metode). Gjerne då ved å koble på ulike sanseinntrykk. Deretter skal deltakarane gå til sitt trygge landskap - og gjennom sanseintervju få kobla på flest moglege sansar. Kva tid på dagen er det, kva årstid, kva vær, kven er du saman med, korleis er underlaget, kva luktar du, kva smakar du, kva høyrer du, kva ser du? Finn ein farge for ro og ein for energi. Kva for rørsle har landskapet ditt? Kva lyd har det? Eg vart veldig overraska då eit av mine eigne trygge landskap viste seg å vere multebærmyra i Finnmark.

    Så kan ein finne ulike nøkler for å entre dette landskapet når ein treng det, t.d.kvar i kroppen ein ber det med seg. Poenget med øvinga er å hjelpe deltakeren å gje seg hen/falle til ro. Noko som er essensielt for mange ting i livet, t.d å sove eller leike.

    Kanskje er det også noko av reparasjonen du talar om, som skjer i naturen. Altså falle til ro/gje seg hen. Ein anna ting er at ein også kan bidra ril heiling av omgjevnaden, ved å helse dette nærværet som er der, og som du skildrar så godt i teksten din (og som visdomstradisjonane også talar om).

    Eg fekk elles lyst til å komme meg på multebærtur eller to her i Vest-Telemark, kanskje i starten av neste veke. Lurte på om du har nokre gode tips om kvar eg kan leite? Evt om du har lyst til å slå følgje? Evt moltebærbjørrnar eg bør unngå å treffe på ;) Slik info eignar seg vel dog ikkje for trykk, og er vel også ofte noko ein ofte uansett vel å halde for seg sjølv- ref den hyppige forekomsten av multebærbjørnar i Finnmark..
    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  8. Beklagar skrivefeil- hjernen skulle no heldigvis fungere slik at han fyller ut og skapar meining -

    ReplyDelete
  9. Hei igjen, og takk for sist. Ja, mange viktige ting her, om tryggleik. Eg må nok stå over turen, men det er mange gode stader å finne molter her. På Lønnegraffheia i Vrådal er det visstnok mykje molter. Ved Tjønnstaul i Morgedal er det mykje. Også om ein tek stigen mot Eirefjell, frå Høydalsmosida (er stig inn like før vegen heller nedover mot Smørklepp) er det enormt med molter. Lukke til med turen.

    Er elles interessant at mykje forskning viser at natur er veldig sunt for kropp og psyke - og at bymiljø ikkje er det. (Sjå bøkene til Qing Li, til dømes). Det er jo veldig tankevekkande, og har også i seg eit slags normativt element.

    ReplyDelete
  10. Takk for tips om stadar å leite multebær! Ja, det gjer seg nok det etter ein lang sommar med flyttesjau/planlegging av byggeprosess. Etter jødisk-kristen visdomstradisjon er det bra å ha iallefall ein dag i veka der ein ikkje sjølv er oppteken av å gjere, men heller kan legge merke til alt som Gud gjer. Som å lage multebær og vekslinga mellom dag og natt. Og dersom det er i Han me rører oss og er til, så gjer me vel djupast sett heller ingenting av oss sjølve. Då kunne me vel isåfall ha senke skuldrane, og identifisert oss meir med furua eller multebærplanta- Det beste arbeidet skjer vel dersom ein er istand til å gløyme seg sjølv. Noko det kan sjå ut som at resten av naturen er flinkare til enn oss menneske.

    ReplyDelete
  11. Godt og sant og sunt, alt saman.

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog