Dagens refleksjon.
- Ikkje så mange interessante tekstar i dagens popmusikk-Noreg, men det finst unnatak. Ein tekst må ha ein bodskap. Energi. Nerve. Oftast treng ein tekst å springe ut av ein stad - identitet, forteljing, tradisjon, tru, kultur, situasjon. Når dette manglar, blir det fort lite. "Då har du røta du ikkji må fløta Må kji lure deg sjøl Det går ein veg mellom fortid og framtid Ikkji heft deg med møl."
- Å dikte godt er å gjere seg sjølv sårbar også. Å seie noko ærleg om røyndomen, inkludert seg sjølv. Det er det ein stundom må kaste i potten, om ein vil vinne noko. Det kan også føresetje å vere ein del av eit fellesskap og ein kultur som også er ærleg.
- Poesi er i det heile noko veldig mystisk, di meir ein tenker på det. Poesi er å skape noko, samstundes som ein spring ut av noko. Det er som å forme noko av leire. Språk er på mangfaldig og komplekst vis i kontakt med kropp, lyd, rytme, tradisjon, historie, røyndom, mystikk etc. Poetisk språk skaper ein situasjon, ein identitet, ei forteljing etc. - nesten lik ein draum, eller eit teaterstykke. Det er ein kunstig røyndom, og samstundes ein reell røyndom. "Kunstig" - skapt, "kunna". Men språk er elles ikkje noko vi skaper; eit språk har veldig djupe røter, som ikkje berre er "språklege" (slik Tolkien var så oppteken av).
- Å lytte til musikk er ikkje å vere passiv. Kroppen tek del, automatisk, men også med "innlevinga", i tankar, hjarta, sjel, kjensler. Det er resonans. Å lytte er også å aktivt bli med i musikkframføringa, anten ved å synge, klappe, danse etc., eller også berre ved prosesseringa av musikken. Musikk gjev meining til dømes ved at ein registrerer tonalitet, og blir med på "reisa" - bodskapsmessig, rytmisk, harmonisk. Noko ligg bak, noko skjer no, noko forventast i komande takt. Men det kan vere uventa ting (bridge, polyfoni, instrumentering, melodisk utvikling etc.) også. Å lytte til ein song er kanskje som livet i miniatyr - ei reise, eit eventyr, ei røynsle. Men det er bra å utvide "deltakar"-sida, d. e. ikkje berre vere "tilskodar".
- I det heile er musikk meir teologisk enn teologi, så å seie, meir filosofisk enn filosofi. Musikk sameinar mange sider av livet, som Barenboim seier. Matematikk, geometri, fysikk etc. Kultur, historie, teologi, filosofi. Men også psykologi, sosiallære etc. Spiritualitet og mystikk. Alt på same tid - meir levande enn kvardagslivet, kunne ein seie. Musikk kan ikkje gjere dette åleine, naturlegvis, men det fungerer som eit lim, eller ein "metafor", eller noko som bind saman "re-ligare".
Amen🙏🏼💥⭐️ helsing Gunhild
ReplyDeleteEg kom til å tenke på denne artikkelen av Stein Versto. http://www.sankteystein.org/maria-magdalena-og-moderne-spiritualitet.html. Her er det m.a.skildra ulike nivå av lesing, og kor viktig kontemplasjonen er på Vegen for å bli eit heilt Menneske. Persongalleriet i Bibelen kan altså vekkast til live i vårt indre. Slik at historiane får relevans (eller blir levande) her og nå, i våre liv. Så dette du skriv er verkeleg svært relevant i andeleg/spirituell samanheng.
ReplyDeleteDå er heller ikkje vår høgst individuelle fenomenologiske fenomenologiske verd utan betydning- dvs korleis me fortolker dei ulike fenomena som me observerer. Som igjen sjølvsagt vert påverka av at me er ei vik i havet av det kollektivt underbevisste. Eller så vert havet påverka av alle desse små vikene sine, t.d slik at me plutseleg får auge på Maria Magdalena i Bibelen :)
Helsing Gunhild
Hm. Ja, Versto har ein interessant innfallsvinkel til spiritualiteten. Han er både i og utanfor ortodoksien, så å seie. Det er vi for så vidt alle, på mange nivå, og så blir det eit spørsmål om kva kyrkja som sådan skal stå for og uttrykke. Eg skal sjå litt meir på dette etter kvart.
ReplyDeleteHar skumma gjennom teksten no. Det er ein interessant tekst med mange viktige poeng, nokre spekulative og på kanten av ortodoks tradisjon, naturlegvis. Men i det heile mykje viktig og godt her.
ReplyDelete+Stein Versto står i ein sterk og levande tradisjon, så det er nok der han har funne sin innfallsvinkel.
ReplyDeleteJa, ein digresjon/avsporing med omsyn til blogginnlegget. Men tenk kva for høgder kunne vore mogleg å løfta Pride-debatten til!
ReplyDeleteHm, ja. Hm. Dilemmaet med det du seier om pride etc., slik eg ser det er... vel, dette dilemmaet gjeld på mange frontar no om dagen: Det er nærast håplaust å få til ein vitug offentleg samtale om tinga, sidan dynamikken er prega av nett, liberale/konservative skyttargraver, større og djupare problemstillingar etc. Ein kan ikkje rekne med at "alle" vil kunne bli samde. Men i mindre fora er eg veldig samd i at desse tinga kan vere gode spor å fylgje, så det er sagt. Og i alle høve har det sin gode funksjon å leggje fram ting som er gode, sanne, sunne, truverdige etc., uavhengig av om dei nett no blir fylgde. Kven veit kva som skjer i seinare epokar.
ReplyDelete