Nokre tørre tankar i dag. Revolusjonen som går over den vestlege verda om dagen, har ikkje eigentleg primært å gjere med seksuelt mangfald, men med større og djupare problemstillingar knytt til "livsfilosofi", "naturfilosofi", "teologisk filosofi" - og metafysikk. Utviklinga i dag har logiske røter i vår forhistorie, bakover i tid (frå antikk til middelalderens rike og pavedøme til reformasjonen til opplysningstida til verdskrigane etc). (Sjå Charles Taylor eller Palmer, Colton, Kramer). 

Logikken i liberal ideologi, er at individet sine rettar, røynsler etc. har forrang framfor tradisjon, kultur, natur, tru, autoritet, fellesskap, historie etc. Slik skal ein unngå undertrykking, og oppnå fridom for individet. Dette er på mange vis ein verdi med røter i antikken og middelalderen. Verdien vart naturlegvis sterkt framheva (og omforma) i opplysningstida. Og noko nytt skjer når verdien gjerast til ideologi, og blir dominerande. 

Oppgjeret med arven frå middelalderen vart gjennomført for lenge sidan, og står i liten grad til debatt - heller ikkje i kyrkja, heller ikkje blant sk. konservative(!) Dermed spelar utviklinga seg ut, så å seie. Ein kjem då inn i dilemma, paradoks og spenningar (sjå innleiinga til A Macintyres After Virtue). Til dømes: Det er brei og velgrunna semje om at den einskilde sine røynsler og utfordringar skal lyttast til, og tilleggjast vekt, og at det skal vere eit inkluderande samfunn. 

Men dersom ein person eller ei gruppe krev ein "rett" og ei offentleg og språkleg anerkjenning av eit fenomen som strir, ikkje berre med tradisjon, kultur etc., men jamvel med biologi - kva er då "rett framgangsmåte" for samfunnet? Og kva dersom ei slik språkleg og offentleg endring får praktiske og problematiske konsekvenser for mange andre sårbare grupperingar? 

Ein har få verktøy i kassa, så å seie (ideologien er ikkje fleksibel, djup, rotfesta, langlina etc.) Nettopp difor blir frontane såpass harde - det er i prinsippet religiøst-ideologiske paradigme som står imot kvarandre, og "tertium non datur". Det er i det heile vanskeleg å forstå problematikken, utan eit større overblikk. Les meir i Deneen Why Liberalism failed. Naturlegvis er også liberalismens kulturelle liv tett knytt saman med kva som skjer med dollaren, internett, oljetilfang og EU-samarbeid. 

Det er praktiske grenser for kor langt eit samfunn kan trekke seg frå grenser og føresetnader knytt til røyndom, natur, ressursar, menneskenatur etc. (Både økologisk, eller i arbeid eller i psyke og kropp etc.) Ein kan tenke på dei rørslene i kyrkjehistoria som til dømes proklamerte at det var umoralsk å leve seksuelt og å få born. Dei kunne ikkje overleve lenge, og røyndomen tala sterkare enn teorien. Eller ein kan tenke på spiritualitetstradisjonar som har vektlagt at det er moralsk godt å faste seg til døde el. l. (På mange vis er det slike situasjonar vårt samfunn er i no).

Utfordringa for oss i samfunnet i dag er å revurdere grunnpremiss for både kva røyndomen er, kva sunn spiritualitet er, kva menneskenatur er - og å forme praksis etter dette. Dette er allereie i utgangspunktet ei krevjande oppgåve, i eit samfunn som pga. ideologi og teknologi og marknad nedvurderer drøfting av slike problemstillingar. (Meir enn dette: Ein står ovanfor "maskinen" av teknokrati, marknad, byråkrati, globalisme etc.) Det er også ikkje ei oppgåve for eit einskild menneske - ein treng kontakt fellesskap og tradisjonar, både lokalt og meir universalt.

Comments

  1. Dette er svært interessante ting. Det er nok eit evolusjonært trykk mot dette. Dvs fleire tilsynelatande adskilte fenomen i vår tid munnar til saman ut i eit skrikande behov for ein ny praksis. Og kanskje er det ikkje så stor skilnad på dei kreftene som fører til rasert natur og rasande klima i makrokosmos. Og dei kreftene som fører til at kroppane våre lir i mikrokosmos.

    Ei ny røyndomsforståing trur eg må ta innover seg at all materie også er ånd. Gjer ein det, er det ikkje mogleg å fortsette å behandle naturen slik ein gjer idag. På same måte som ein heller ikkje kan halde fram med å behandle seg sjølv og andre menneske som før. Spørsmålet blir då korleis me best kan ta vare på desse våre tempel- i både makro- og mikrokosmos.

    Astrologisk sett kan det ligge godt til rette for ein slik prosess, nå som me er på full fart inn i Vannmannens tidsalder. Kanskje Rui-seminaret kunne vore eit slags springbrett? Eit fenomen som har potensiale til å trekke til seg/kontakte liknande «tankesmier»/fellesskap/retningar? Elles så bør vel spesielt dei andelege leiarane komme på banen, gjeve premisset mitt om ei ny røyndomforståing.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. *ikkje «også er» men «er». All materie er ånd. Eller «Mitt nærvær er alle tings substans».
    - Gunhild

    ReplyDelete
  3. Ja, som vanleg godt innspel, bortsett frå at eg ikkje skjønar korleis astrologiske teikn og tidsaldrar kan ha nokon rolle å spele. Om vi er på veg inn i "age of aquarius", kan jo elles også diskuterast. Materie er ånd - det er også eit viktig innspel som treng mykje diskusjon. Prinsipielt sett er eg samd. "Materie" og "Mater"/"Moder" er same ordfamilie. Materien er slik sett vår mor og vår kjelde. Eg er tilhengar av å tenke at materie/skaparverk er Guds sakrament, eller moglegvis "Guds kropp". I alle høve trur eg intelligens og liv gjennomstrøymer alt. Slik metafysikk byrjar å få fotfeste i dagens filosofi (som er "Empty ideas", slik P Unger så godt har poengtert).

    ReplyDelete
  4. Takk for komplimenter! Tja, me lever vel i eit samfunn som ofte også har ein tendens til å nedvurdere astrologiske problemstillingar, så og seie. Det er mange fordommar ute og går. Og mykje nedarva frykt (traumer) frå den tida ein risikerte livet om ein interesserte seg for slikt. Så eit godt tips kan vere å nærme seg denne visdomstradisjonen med eit ope sinn. Zodiaken er eit sett med arketypar, som til saman dekker det meste av variasjonen ein finn i menneskelege personlegdomar. Arketypar som finst i vårt kollektivt underbevisste, og som dermed påverkar oss alle, anten me er klar over det eller ikkje. Ref min tidlegare påstand om at menneska er høgst telepatiske vesen. Då utgjer det ein vesensforskjell om me er i Fiskenes eller Vannmannens tidsalder. Rett og slett fordi desse to arketypene representerer vidt forskjellige eigenskapar. Ein viktig skilnad er visstnok at ein under påverknad av Fiskene er meir tilbøyelig til å ha blind tillit til auroritetar. Den mentaliteten er me no på veg ut av. Og over i ein periode som står under påverknad av eit teikn som representerer mange av dei eigenskapane me no så sårt treng-

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  5. Når det er sagt, så er det i samband med innføring i dei andre vestlege visdomstradisjonane at eg sjølv har «oppdaga» astrologi. At desse tradisjonane i stor grad heng saman, og «talar med ei tunge».

    Eg vil tru at dei kjem til å vere viktige også i framtida, kanskje t.o.m. som eit slags fundament å bygge ei ny kollektiv røyndomsforståing på.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  6. Hm, her er det mykje eg plasserer i min indre kategori "skeptisk, men kan undersøkast vidare".

    ReplyDelete

Post a Comment

Popular posts from this blog