No veit vi det. Korleis det er å leve i ein kultur som står på vent, som har nådd ein slags blindveg, der ein ikkje nett veit kva som kjem rundt neste sving. Eit paradoks: Alt går fortare, men kulturen kjem likevel ingen veg, på mange vis. Og det er vanskeleg å finne gode rettleiarar, fordi desse spring ut av gode fellesskap og kulturar, som naturlegvis er under press.
Og trass alt er det noko sant og naudsynt som utarbeider seg. "Krisis" er gresk og tyder "skjelning" eller "avgjerd". Det store spørsmålet er på mange vis kva som er den vise vegen i ein slik situasjon. Ingen alternativ er utan dilemma. Men nokre alternativ er sunnare og meir berekraftige enn andre.
Det er mange grunnar til at det fylgjande biletet kan høve godt i situasjonen.
Ja, tida me lever i er flytande/«fluid times». Er sjølv takksam for å ha funne ein god andeleg rettleiar. Kan du dele noko om desse sunne og berekraftige alternativa? Vart elles også nysgjerrig på kvifor dette bildet passar så godt til tema-
ReplyDeleteHelsing Gunhild
Ein andeleg veiledar er nok nær sagt essensielt. Biletet: Det er Solveig M Sanden. Eg elskar bileta hennar, og dei skildrar eit samfunn som hadde sine problem, men som likevel var sunnare og betre.
ReplyDelete- Sunne og berekraftige alternativ. Eg tenker på å stå i div. tradisjonar (kultur, handverk, tru, fellesskap), leve nær naturen, ha familie og vener nær, avgrense seg frå elektronikk og usunn kulturell påverknad, arbeide med noko meiningsfullt mm. Igjen: Dette er ikkje utan ei mengd med dilemma, for det krev ein viss "motkultur", og det har også sine risikoelement. Men livet er kort, ein må gjere det ein skal, om ein kan klare det.
Biletet er elles påverka av Vrådals natur. På grendehuset i Vråliosen har ho jamvel teikna trolla inn i lokale fjell. Det er på mange vis naturens eigen indre meditasjon ho skildrar, trur eg. Og det minner om min overnattingstur til Sveinsheii i fjor.
ReplyDeleteTakk for utdjupande svar!
ReplyDeleteNaturens eigen indre meditasjon- ja det gjev meining! Og i tillegg til å meditere inni seg, så ber jo dette nærværet heile tida om å bli sett. Det verkar difor heilande om me tek oss tid til å helse på det, og verkeleg anerkjenne at det er der, når me er i naturen.
Slik sett kan ein kanskje argumentere for at det aller viktigaste for å møte naturkrisa verda står ovanfor, handlar om å møte udekte spirituelle behov- både hos oss sjølve og i den øvrige naturen.
Helsing Gunhild