Posts

Om det moderne og det pre-moderne, og sjel

 Dagens refleksjonar.  - Kva er meininga med å vere menneske? Jesus seier mykje om det - men vel å merke som eit apokalyptisk innslag i ein lang jødisk (mm.) tradisjon. "Visdom" er ein fruktbar og ekspansiv og "inklusiv" moralsk kategori, noko ur- og oldkyrkja naturlegvis sterkt poengterte. Jesus vart kalla "Visdom". Men han kalla også til ting som gjekk langt utover det som var "vanleg visdom". "Meir enn Salomo" etc. Desse spenningane har vi også i bygdene våre i dag. Ein del av løysinga må vere at visdom i kristendomen forvaltast av anerkjent autoritet, og at denne autoriteten også må anerkjenne visdomen i praktisk røynsle (slik Bibelen gjer).  - Dyr er "ville". Men mange av dei lever i fellesskap, lagar seg hus, samlar mat, brukar verktøy, har rollefordelingar, avgrensar territorier etc. Altså er dei også ikkje ville. (Eit poeng frå Wendell Berry). Livet i Vest-T fram til ca. 1850 liknar meir på slike dyreliv enn moderne li...
 Dagens refleksjonar.  - DB Hart seier eit par ting, som er konsekvensrike.  a) "Eit samfunn sin "sanity" er kjenneteikna av kor nær kontakt det er mellom dei døde og dei avdøde."  Det handlar både om "mystikk" - d. e. om kontakt med dei avdøde, så å seie, og om tradisjon, vyrdnad, respekt, lærdom. Og det handlar om von, "himmel" etc. Og om metafysikk: "But whither now go the souls? How dwell they now together there?" Eit vanskeleg felt, fordi Dnks vanskar med "dei døde" også har å gjere med vårt oppgjer med både eldre kyrkjeleg teologi og med eldre "overtru" eller "folketru". Det har også å gjere med grunnsetningane i moderniteten, om "progresjon", "leggje fortida bak oss" etc. I norsk spiritualitet i dag er det dog mange praksisar som kan knytast til kontakt med dei døde: Ljostenning, slektsgransking, paranormale fenomen, stelling av graver, helgentradisjonar mm.  b) "Vestleg sivi...
Dagens refleksjon. Det er underleg at naturen fylgjer sin rytme, år for år. Nokre endringar er det frå år til år, nye artar kjem, til dømes, og det er variasjonar i regn, temperatur etc. Men artar og prosessar fylgjer sine kalendrar. No er det blåbær i skogen, og i dag smaka eg mi fyrste molte. Tidleg ute. Soppane har allereie ei god stund vokse rundt omkring der det er skugge og fuktig. Raude tistlar vaks plutseleg opp langs vegane i hopetal. Sumaren er allereie på hell. Dagane vert kortare. Det er så mykje å utforske, og det opplevast som veldig meiningsfullt og godt å gjere det også.  Også underleg å vandre i skogen, på leit etter hjort og elg, førebels utan våpen. Eg fann ingen denne gongen, men eg veit kvar dei held seg. Og eg fann ei mengd med stigar. Ikkje berre for desse dyra, men også for maur. Dyra har sine nettverk av stigar ute i skogen, stundom på tvers av menneskestigar, men ofte berre nokre titals meter unna, ganske parallelt med våre stigar, gjerne dekt av skog. Sti...
Dagens refleksjon.  - Ikkje så mange interessante tekstar i dagens popmusikk-Noreg, men det finst unnatak. Ein tekst må ha ein bodskap. Energi. Nerve. Oftast treng ein tekst å springe ut av ein stad - identitet, forteljing, tradisjon, tru, kultur, situasjon. Når dette manglar, blir det fort lite. "Då har du røta du ikkji må fløta Må kji lure deg sjøl Det går ein veg mellom fortid og framtid Ikkji heft deg med møl." - Å dikte godt er å gjere seg sjølv sårbar også. Å seie noko ærleg om røyndomen, inkludert seg sjølv. Det er det ein stundom må kaste i potten, om ein vil vinne noko. Det kan også føresetje å vere ein del av eit fellesskap og ein kultur som også er ærleg.  - Poesi er i det heile noko veldig mystisk, di meir ein tenker på det. Poesi er å skape noko, samstundes som ein spring ut av noko. Det er som å forme noko av leire. Språk er på mangfaldig og komplekst vis i kontakt med kropp, lyd, rytme, tradisjon, historie, røyndom, mystikk etc. Poetisk språk skaper ein situasj...
Litt om nokre av bøkene eg les om dagen.  Veldig tankevekkande å lese "Eit år på Haugo". Det er ei veldig god bok som skildrar alt som skjer på garden, og i storfamilien, i løpet av eit år, 1945. Det er sjølvberging, mangesysleri, arbeidsdeling, naturalhushald. Det er også tradisjonar som overførast, innan handverk, arbeidsmetodar, samveremåtar, dyrehald og mykje anna - inkludert tru og liv. Det er opplagt at eit liv langs desse liner er både krevjande og sunt og meiningsfullt. (Sjølv om denne familien nok var flinkare enn dei fleste på desse tinga). Det er både interessant og spennande å lese om desse tinga, og nettopp desse kjenslene er eit sunt signal, ein peikar. Ei veldig god bok er det, fordi ho både er lærerik og lokal. Eitt stort spørsmål er om samfunnet kjem til å bli organisert langs slike liner på sikt, når t. d. olje tek slutt. Eit anna er om det er "metafysisk/eksistensielt/spirituelt" rett og sunt og godt å sikte mot eit slikt liv i alle høve.  Wickham...
Image
 Dagens lesing - vikingar i Russland. Svært interessant og for det meste ukjent. Eg spør meg sjølv om kvifor eg aldri lærte om dette på skulen. Veldig tankevekkande. Mykje har å gjere med at "vikingmentaliteten" låg såpass nært opp til nasjonalsosialistisk tankegang. Likevel.  Svenske vikingar dreiv med handel nedover elvane i noverande Russland, heilt frå i alle fall 6-700-talet. Dei var også svært brutale og krigerske. Deira kamp for å halde handelsruta til Konstantinopel open, medførte krigføring mot stammene langs elvene. Desse kampane låg til grunn for danninga av "Rus"-riket i Kiev. Rus-vikingane gjekk til åtak på Konstantinopel mange gonger, og fekk som resultat svært gode handelsavtalar og mengder med sylv med seg attende.  At Rus-soldatar med norrøn bakgrunn også var livgarde for bysantinske keisarar på 1000-talet, var ukjent for meg. Dei norrøne grupperingane i slaviske område vart etter kvart kristna, og også assimilert til slavisk kultur. Dei norrøne sol...
Nokre tørre tankar i dag. Revolusjonen som går over den vestlege verda om dagen, har ikkje eigentleg primært å gjere med seksuelt mangfald, men med større og djupare problemstillingar knytt til "livsfilosofi", "naturfilosofi", "teologisk filosofi" - og metafysikk. Utviklinga i dag har logiske røter i vår forhistorie, bakover i tid (frå antikk til middelalderens rike og pavedøme til reformasjonen til opplysningstida til verdskrigane etc). (Sjå Charles Taylor eller Palmer, Colton, Kramer).  Logikken i liberal ideologi, er at individet sine rettar, røynsler etc. har forrang framfor tradisjon, kultur, natur, tru, autoritet, fellesskap, historie etc. Slik skal ein unngå undertrykking, og oppnå fridom for individet. Dette er på mange vis ein verdi med røter i antikken og middelalderen. Verdien vart naturlegvis sterkt framheva (og omforma) i opplysningstida. Og noko nytt skjer når verdien gjerast til ideologi, og blir dominerande.  Oppgjeret med arven frå middela...