Oppdatering:
- NRK er eit sterkt talerør for nyliberale verdiar. På radio talar dei mest om trans, palestinarar, feminisme, kulturelle minoritetar etc. Det er også mykje dei ikkje talar om - eller som dei evt. talar imot. Det er noko å registrere, og noko å erkjenne, og å noko å lære av. Eg meiner: Kvar finn vi glede og sunn livskraft og visdom til eit godt liv i dag?
- Prideflagget står for slikt som mangfald, kjærleik, inklusjon, fridom, minoritetsvern. Det står for kjønnsskifte, ulike familiestrukturar, variable og flytande kjønnsroller. Flagget inneber også aktiv motstand mot naturbasert kjønnsforståing; tradisjonell kjernefamilie; naturgjevne kjønnsroller; oppseding i alt dette. Det er, med andre ord, dette lokale politikarar arbeider for - og imot. Men:
- Liberal ideologi sine problematiske konsekvenser kan ikkje erkjennast, diskuterast, ordsetjast innanfor dette paradigmet - fordi det ligg innebakt i liberal ideologi (einkvar ideologi) å framstille alternativ - ikkje minst "det som var før" - som utenkeleg, umoralsk, irreligiøst etc. Sjå Sigurd Skirbekk om dette. Situasjonen medfører "polarisering", ulike subkulturar som veks fram. Noko sunt, noko usunt. Mainstream kultur kan fungere, eller kan vere djupt problematisk. Eg talar diplomatisk, som stundom er greitt.
- Korleis vil "postliberal" framtid sjå ut? Ho vil etter kvart kome, med tanke på dei logiske motsetnadene i ideologien, manglande evne til å kome til rette med røyndom etc. Men det kan ta lang tid. Korleis vil framtida sjå ut? Menneske spår, men Gud rår. Og det er nok feil spørsmål å stille, i alle høve. Kva er dei rette spørsmåla å stille???????????????????
--
Eg går i skogen, eg er kledd i grønt, eg går stille og roleg, det er kveld, 50 meter lenger framme får eg auge på to hjort. Dei ser meg ikkje. Eg går nærare. Dei ser meg, kvekk til, spring 10 meter unna. Bjeffar med djup røyst. Står bak lauvet og ser på meg. Eg set meg ned, ser på dei. Det går nokre minutt. Bjeff. Bjeff. Dei går nokre meter. Sola går ned. Eg ser og ser - 15 minutt. Dei ser på meg. Eg kallar på dei, som ein hjort. Dei snur, og går sakte mot meg, heilt ute i opent lende. Men så stansar dei, og vandrar sakte bort. Ikkje redde, berre at dei vil gjere noko anna.
Eg sit ved vatnet, nokre hundre meter lenger nede. Eg ser ein bever. Den plaskar. Eg sit stille. Den kjem opp att. Eg visste han ville det. Han symjer, fram og attende. Han plaskar. Men med mindre frekvens. Og mindre dukking i vatnet. Eg sit og sit. Ein halv time. Observerer denne beveren - og den andre som er borte ved huse og symjer. Eg seier "ha det, eg må gå" - og går.
Eg kjem attende dagen etter, set meg ned. Beveren plaskar når han høyrer at eg kjem. Eg seier "hallo". Sit heilt stille og ser på beveren. Underleg å sitje stille. Eg gjev ikkje grunn for beveren til å endre åtferd. Då blir det meir interessant for meg å sjå den naturlege dynamikken i åtferdsendringane hjå beveren. Og dei er der. Beveren eg har sett på før, symjer, fram og attende. Men nærare. Så ein lang runde. Kjem attende - nærare att. Og ein lang runde. Og nærare. Til slutt berre ca. 10 meter unna, og han ser på meg når han symjer roleg forbi.
Den andre beveren som i går symde rundt huset, vågar no å gå opp på land. Det klonkar i trebitar mot stein. Beveren er tryggare no. Symjer litt, kjem i land litt nærare meg, og syslar med greiner. Lite plasking no. Eg sit lenge og observerer. Så med eit byrjar beveren lengst unna å plaske. Plask, plask, plask. Eg skjønar at dette kan ikkje ha med meg å gjere, for eg har site musestille heile tida og ikkje gjeve grunn til uro. Ganske rett: Ein tredje bever kjem rundt neset og symjer rett mot den som plaskar. Dei symjer så rett imot kvarandre, snute mot snute. "What", tenker eg.
Dei symjer mot kvarandre, symjer litt i ring hit og dit, og symjer saman rundt neset der han tredje kom frå. Plaskinga må vere uttrykk for glede, kanskje? Eg sit og observerer. Frå venstre kjem ein fjerde bever symjande, i retning av den beveren som har vore nær der eg sat. Fire beverar, ja. Det blir mørkt, eg må heim. Underlege ting å sjå.
Her var det noko å lære. Kva?
-
Kveldens siste refleksjon er at det er noko i oss menneske som gjer at vi, hm, lever oss inn i kvarandres sinn, veremåtar, vibrasjonar eller kva eg skal seie. Jfr. om dyra ovanfor. Ein kan syngje ein song. Ein kan føle noko, spele noko. Andre syng med, anten innvendig eller reint faktisk. Andre kjenner melodien, forventar korleis melodien vil gå, har indre rørsler (e-mosjonar) etc. Når songaren legg hjarta i songen, blir andre også med i hjartekjensla. Underleg, eller kva. Det er det same med å fortelje ei historie eller eit eventyr. Andre "lever med" og ser for seg innvendig. Ein delar indre landskap - forteljaren og tilhøyrarane. Underleg og mystisk. Vår kultur forstår lite av slikt, men røyndomen er der. Kva slutningar skal vi trekke av alle desse tinga? Kva slutningar for kulturen?
Forslag til alternative spørsmål å stille:
ReplyDeleteKorleis vil/kan eg bidra til å forme den notida, som dannar grunnlaget for framtida?
Kva av det me gjer idag, er verdt å bringe vidare? Og kva bør forkastast?
Kva seier hjartet om denne saka? Kven skal eg vere no idag? Kvar er eg på Veg? Kven vil eg vere i ei postliberal framtid?
Postliberal betyr jo bare det som kjem etter liberal - det kan vel vere nesten kva som helst. Men Vannmannen sin tidsalder tilseier vel at individet får meir det skal ha sagt. At tidlegare autoritetar har falt (nokså tydeleg at dette skjer på mange frontar- m.a. skule, politikk, kyrkje).
Eg vil tru me går mot mindre grad av polarisering og større grad av Einskap. Som eigentleg tyder at me følgjer etter Kristus (eller er lemene på kroppen Hans). Nokre ser også moderne teknologi og globalisering med slike briller.
Helsing Gunhild
Utruleg fin narurskildring. Tusen takk, det var nesten som å få vere med på tur å lese. Kva kan ein lære? Nokre forslag, sett med EXIT-briller og St Eystein-briller på.
ReplyDeleteFor å kunne gje oss hen til leik, spontanitet og glede, må me vere trygge, kunne slappe heilt av. Som du skriv, det er truleg at bevarane gjer dette, trass i nærværet ditt (eller kanskje også pga, dersom du har evnen til å helse/sjå det nærværet som finst i Skaparverket, og som har vorte så grovt neglisjert, så er dette heilande). Intimt samkvem er jo ein viktig del av alle pattedyr sine liv. Det handlar om å sove saman, ta seg av dei små, formeire seg og leike (det siste kan vel kan seiast å både vere terapi, livet sjølv og ei førebuing på livet i framtida). Det er desse funksjonane som vert sette ut av spel ved traumer. I EXIT har me «trygt landskap» som eit verktøy å finne tilbake til tilstanden «å gje seg hen».
Dyr trur eg for øvrig har større innebygd motstand /resilience mot traumer enn oss menneske. Jamfør eit dyr som vert jaga, spelar død og slepp unna: det ristar gjerne kraftig på seg. Dvs dei ristar av seg traumet. Her har me nordbuarar truleg mykje å lære av afrikanarar.
Beverdansen kan jo vere til inspirasjon til vår dans, som djupast sett er ein kosmisk dans. Dansaren ser ein m.a. på det siste tarotkortet (som heiter «Verda», om eg minnast rett). Når me går på Vegen vår, mot del me djupast sett er. Så er livet verkeleg som ein dans.
I EXIT har me også dyredansen, der me finn rørslene til styrkedyret vårt, og dansar desse i ein speildans. Kan jo virke som bevarane du såg også spegla kvarandre? Speilnevroner er jo noko av det viktigaste me har. I EXIT speglar me masse for å aktivere frontallappane, og dermed «vakttårndunksjon». Som er så viktig for å modulere reaksjonane våre (i sosial interaksjon, leik). I stadan for å havne i automatiserte traumereaksjonar.
Mange ord dette. På mange vis ein svakheit. Eg burde sjå din reaksjon på det eg seier, og modulere meg. Eg øvar på dette, å bremse ordstraumen. Så no stoppar eg her, og håpar eitt og anna gav litt meining.
Helsing Gunhild
Helsing Gunhild
Du er inne på noko særs viktig det på slutten. Om Einskapen, at me et samanbundne? Og kanskje mykje meir «gudelike» enn me vågar å tenke og tru? Eller om at når me rørast av kunst, så kjem me i kontakt med høgare sfærer, røyndom me ikkje kan sjå, men likevel ane vibrasjonene frå? Eg har ikkje gode svar, anna enn at ja, dette er mi erfaring også.
ReplyDeleteFørst og fremst frå seinare tid då. Mykje av livet har eg vore i mi eiga verd, i isolasjon. Som har vore både ei naudsynt tilpassing og ein illusjon (og resultert i tillærte mønster som i dag er meir å rekne som ei funksjonsnedsetting).
Helsing Gunhild
Takk. Eg skal fundere på dette og gje ein respons. Ein ting til, om beverane. Eg sat ein kveld til, etter at eg skreiv dette. Då var det mystikk, skal eg seie deg. Beveren kom nær meg ganske raskt. Symde litt rundt, kom så heilt nær, ca. 7 meter unna der eg sat, gjekk opp på land, stod der rak i ryggen og klødde seg på magen, og sette seg roleg og åt på ein pinne medan den hadde meg i augekroken. Underleg og ganske gøy.
ReplyDeleteEin respons.
ReplyDelete- Ja, det er gode og viktige spørsmål. Store spørsmål. Viktig å meditere. Levande tradisjon. Ikkje "den døde trua åt dei levande," men "den levande trua åt dei døde". Tradisjon er noko som berast vidare og takast vare på, men han er levande og dynamisk på same tid.
Eg er svært usikker på om du får rett i dine prediksjonar. Eg lurar vel heller på om ikkje det er dei som høyrer til eit sunt og levande og djupt fellesskap - og som "underordnar seg" og sin subjektivitet - som vil "overleve". D. e. vil føre vidare ein kultur, skape barn, ivareta familie mm. Dette er ein skræmande tanke for moderne liberale, inkludert meg. Men eg undrast på om ikkje dette er meir "naturtilstanden" (søner under fedre, koner under menn, landsby under hovding, folket under kongen, alle under Gud etc. Med alle moglege forbehold om kulturelle skilnader, samfunnskompleksitet etc.)
Isolasjon er elles ikkje så greitt. Det er trøyst i å tenke på at det er lov å vere ufullkomen, "skadd", undervegs, i lækjing etc. som menneske. Det er godt å sikte mot det sunne, reine, gode, heile, sterke etc. Jo. Men likevel.
Ja, veldig mykje å lære av dyr mtp. leik, naturlege ting etc. Eg les i ei bok om tidleg middelalder, og korleis ein der kunne identifisere seg med dyr i skogen, leve seg inn i deira liv, "bli eitt", gå med skinn og tenner frå dei etc. Dette kan stå i spenning til kristen teologisk tradisjon, men Tolkien gjorde i alle høve rik bruk av desse dyretradisjonane. Du kjenner vel til tinga.
Hmm, eg trur ikkje at ei ny rolle for det einskilde individet må stå i motsetnad til å vere del djupe og levande fellesskap. Men heller at individet tek eit større ansvar enn før for å skape/oppretthalde nemnte felleskap. Og kanskje også er litt meire sjølvgåande; alt må ikkje til ei kvar tid stå og falle på å vere del av fellesskapen.
ReplyDeleteEin viktig grunn til at det er behov for denne eigenskapen, er jo også korleis storsamfunnet har utvikla seg i seinare år. Då er det godt å kunne differensiere («eg er meg, og du er deg»), og om naudsynt vandre einsam (i allefall for ei tid).
Naturtilstand høyrest for meg ut som prinsippet om at alt er kjønna. Dvs korleis det maskuline og det feminine spelar seg ut på alle nivå. Sjølv om vår kultur for tida har ein stor grad av forvirring på dette feltet, kjem ikkje dette grunnleggande prinsippet til å forandre seg. Her ville ein kvar som leitar i ein av visdomstradisjonane finne gode svar, trur eg.
Isolasjon kan vere ei naudsynt tilpassing. Ei kreativ tilpassing, for å verne Sjølvet mot ein mykje større skade. Slik sett er det sjuke og det friske tett samanvevd. Det er bare det å sjå at tilpassinga har gått ut på dato. Og søke heiling, ja :) Tolmod er ein god ting å ha i slike prosessar. Og eigenomsorg. Og ekte tilbakemeldingar (om kva som skjer med den andre i møtet). Her er btw ein god artikkel av ein eg studerte gestaltterapi ilag med, om faren ved for stort diagnose/sjukdoms/medisineringsfokus, samtidig som mennesket sitt ibuande potensiale/evne til heiling vert fullstendig oversett. https://gestaltterapeuten.no/2023/11/det-er-bare-oss-her-kampen-om-kunnskapsgrunnlaget-i-psykisk-helsevern/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR2zC23I8oz8ScqOPmpRxQi_U7IIrqi84eOolmN99SCfq5NgHf3csbrBIUM_aem_Afgrv73ymAnx4RpSV2CHDEFzU20H3xp6JQ7gftfyZf3DEWBpjoHT4lAMbilfOd3Lp-5Obx1m3EX6K5OmSs31qHx9
Eg kan ikkje så mykje om dette siste du skriv om, men har jo ei viss interesse for dyr (frå annan sananheng). Så høyrer gjerne meir om både boka, rituala og «tanken bak».
Helsing Gunhild
Hei igjen. Ja, dette siste, ja. Hm. Det er vanskeleg å navigere i, og alt her heng saman. Eg delar gestalt-fyrens poeng, og meiner dette gjeld heile helsevesenet, ikkje berre den psykiske delen av ting. Ja, eit godt poeng at vi sjølve må ta meir del i fellesskapa etc. Og mtp. dyra handlar vel ein del om synet på sjela som "fri", dvs. at ho kan ut av kroppen og kome i kontakt med dyr, bli påverka av dyr, kontrollere dyr, formast av dyr, så å seie. Mange "sjamanar" i før-kristen tid i Nord-Europa sysla med slikt. Det er eit ope spørsmål i kva grad dette kan sameinast med kristen spiritualitet, trur eg.
ReplyDeleteJa, kropp og psyke (eller sjel) heng uløyseleg saman, og påverkar kvarandre gjensidig. Ein frisk kropp er godt for sjela, og ei frisk sjel godt for kroppen. Lite varheit for dette i dagens skulemedisin, som t.o.m. stykkar opp kroppen i ulike organsystem osb.
ReplyDeleteEit ope spørsmål betyr jo at ein ikkje kan utelukke det. Kristen visdomstradisjon seier jo at dyra er berar av ein lågare frekvens av guddommelig medvit enn oss menneske. Så ikkje heilt ulogisk at dette medvitet kan kontaktast på ulike måtar. M.a. ved å helse/sjå det (erkjenne det), som eg nemnte ovanfor.
Helsing Gunhild
Eg las btw slutten av Jobs bok i går. M.a. om vår relasjon til ville dyr. Synest dette rimar bra med at Han kan ha utstyrt dyra med eit medvit. Som me har god grunn til å ha stor respekt/æresfrykt for (eigentleg på same måte som me bør ha stor respekt for det gudommelege medvitet me sjølve er berarar av). Det er vel også bodskapen frå Gud til Job, trur eg då. Æres den som æres bør🙏🏼💥⭐️ helsing Gunhild
ReplyDeleteJa, du har nok rett. Og ein kristen teologi og spiritualitet som ikkje har rom for det sanne (d. e. dyr sitt medvit, at vi kan ha kontakt med dei, kommunisere etc. etc.), er ikkje akseptabel.
ReplyDeleteEg var elles på tur i går, i eit bekkefar med skråningar på sida. Eit stykke oppe er det jorde på sida av bekken, men ein må då klatre litt opp skråninga. Eg så gjorde, forsiktig, og såg rett på ein beitande elg, berre 5 meter unna. Han merka meg ikkje heller. Artig oppleving.
Det ein vel kan seie at eit dyr manglar, er evnen til å vere medviten om og reflektere rundt sin eigen eksistens. Av den grunn kan ein heller ikkje halde eit dyr moralsk ansvarleg for åtferda si, slik ein kan med oss menneske.
ReplyDeleteMen, ein kan tale om både plante- og dyreånder, som også truleg kan kontaktast. På slutten av meditasjonshelga bar me ut ein bolle med vatn med oppsamla energi frå samlinga, og gav denne til naturen. Samstundes som presten bar ut den heilage hostien (det heilage nattverdsbrødet omkransa av ei sol) og velsigna naturen. Det skjedde under messa «Corpus Christi», som eg trur gjekk parallelt med «messe for skaparverket» på Rui-seminaret.
Eit anna høve der ein gjerne kunne kontakte plante- og dyreånder er i bordbøna. Då får det å takke for maten ein heilt ny dimensjon. Og ein blir kanskje også meir etisk medviten om kva liv/kår maten vår har hatt. Det beste hadde kanskje vore å bli vegetarianer att-
Helsing Gunhild
(Uten at jeg har lest kommentarene:) Dette er et godt innspill til hvordan man tenker rundt gudstjenester. Der har jo fokus lenge vært på "involvering" og "sted-egengjøring" og slik, uten at man tar hensyn til det du skriver ovenfor; at vi "lever med" og ser det for oss i "indre landskap" når det synges og fortelles (godt). En prest involverer aldri så godt som når presten treffer med tale/sang/liturgi, og kirken og gudstjenesten og kirken blir derigjennom "gjort til vårt eget sted."
ReplyDelete