Ruiseminar. Eg tok utgangspunkt i pavens uttale om at vi treng ein "global conversion". Omvending - å snu retning, å skifte livsstil, så å seie. Men også: Nytt hjarte, ny ånd, nye kjenslereaksjonar, ny rasjonalitet. Omvending. Så kristen vekkingsforkynning kan faktisk knytast til naturkrisa - paven gjer det, jamvel. Det opnar opp nokon interessante og heilt uventa tankebanar, så å seie. 

Nokon sa: Unge menneske vart oppfostra på nyliberalisme. Og tenker i nyliberale banar. Som er "spot on". Unge menneske må selje seg sjølv, tenker "effektivitet", jaktar konsum, er individualistiske, teknologioptimistiske og isolerte. Dilemma er at politikarar ynskjer dette samfunnet, og at mange i kyrkja - med våre tradisjonar - ikkje ser vesentlege problem med det. Eller: Ein kan sjå problema, men ikkje ha noko godt svar på kva som er alternativet. Eller: Ein kan sjå problema, tenke på eit alternativ, men mangle kraft til å stå imot "the neoliberal juggernaut". 

Nokon sa: Den breie vegen, er å fylgje utviklinga. Økonomisk vekst. Overdriven tru på teknologi. Oppløysing av lokalsamfunn. Ukontrollert industrialisering. Utradering av kulturelt mangfald. Skjelpadder med fullt av plast i magen. Den breie vegen, sa han. "Og vi som er her, veit vel kvar den vegen leier".  Den smale vegen er annleis. Igjen: Knyting av Jesu ord i evangelia inn i vår situasjon på ein rimeleg tankevekkande måte. "Den politiserte klimakirken", seier nokon. Det er berre det at også paven seier liknande ting. 

Nokon sa: "Festina Lente". Det var motto for romerske keisarar også. Handlekraft og vilje, men også visdom og tolmod. 

Nokon sa: Marknadskreftene er så sterke, og dei skaper behov hjå oss og lokkar oss og formar oss. Og politikarane vil ha det slik, og dei stør kreftene. Og dette skaper store problem for unge menneske. 

Vi spela Bendik og Årolilja. Eg konsentrerte meg om å spele orgel og synge, tykte det gjekk så som så. Til mi store forundring såg eg at folk lytta nøye, som fjetra. Nokon sa dei fekk gåsehud. Noko er det, i ein song som er 800 år gamal, og er overlevert frå slektsledd til slektsledd. 


Mazarbulboka i Moria. 


Nokon sa: Vi står ovanfor massive krefter. Å freiste å stanse dei, er moglegvis problematisk. Heller er vegen vidare å stanse opp, og gå inn i kontemplasjon. Noko sant er det åpenbart i dette, spesielt når ein ser ******** hjå norske styremakter, i samband med "det grøne skiftet". 

Comments

  1. Der skulle eg gjerne ha vore. Takk for fyldig referat! Foreslår at du omarbeider til kronikkform og publiserer i dei store vekesavisene. Dersom det skal skje ein vekkelse, må jau nokon målbere bodskapen. Vidare trur eg ein treng å løfte blikket slik at ein ser meir enn kun den økumeniske kyrkje. Her må alle menneske av god vilje flyge i formasjon med Kristusmedvitet. Og då må ein også innsjå at dette medvitet strekker seg langt utover den kristne sfæren, og faktisk også langt utover den religiøse sfæren. «Menneske først, kristen så».

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  2. Hei, jo, det er sant. Paven seier jamvel at skrivet er retta til "alle menneske på jorda" eller noko i den duren. Kronikk, ja...men det blir også eit spørsmål om: Vende seg frå - og vende seg til. Kva skal ein vende seg til? For så vidt får eg, og mange med meg, stadig mindre tillit til "the powers that be", sentralt, er eg redd. Men nye moglegheiter opnar seg opp.

    ReplyDelete
  3. Godt spørsmål.

    Eg trur me alle er «skrudd sammen» slik at me kjenner det når noko skurrar. Dvs når me lever på tvers av det situasjonen treng, eller det me kristne kallar for Guds vilje. Så ein start kan vere å vende merksemda innover, og få tak både skurringa (ubehag) og impulsane sine (som ofte er i tråd med det situasjonen treng).

    Så er det vel behov for å erkjenne syndene sine, dvs at ein har bomma kraftig på målet om å ta vare på skaparverket (truleg inkludert oss sjølve). Her er det kanskje nyttig å ha med seg Jesu ord om at det er vanskelegare for ein rik mann å komme inn i Guds rike, enn det er for ein kamel å gå gjennom ein nålauge (for å skjønne litt av utfordringa me står ovanfor). Så må ein bruke erfaringen til å bli meire treffsikker ved neste forsøk.

    Det trengs også vilje til arbeide med seg sjølv, å «klare opp i grumset» så og seie. Det inneber m.a. å ta ansvar for heiling av eigne traumer. I austleg tradisjon talar ein om å ha balanse i kroppens chakra, eller eigen energistruktur.

    Ein må med andre ord starte med seg sjølv, og leite i sitt indre. Noko som moglegvis resulterer i at ein snur opp-ned på ting ein før tenkte var sant, altså vender om. Så kjem endringa i det ytre etterpå, og «ringane i vatnet». Då er det ein fordel om ein stolar på prosessen (eller som ein kristen truleg ville sagt det: Gud). I den samanheng treng me også gode andelege rettleiarar.

    Så dei som var på Rui-seminaret, og nemnte dette med å stanse opp, og gå inn i kontemplasjon, meiner eg var inne på noko viktig. Ein kan også seie at kvar generasjon treng nokon som er villige til å gjere eit arbeid på sjelene sine. Igrunnen skulle ikkje målet vere å meditere t.d.ein time om dagen, men snarare å leve meditativt, som om heile livet var ei bøn.

    Visdomstradisjonane, både dei med røter i kristendommen og dei andre, er nyttige verktøy/støtte på denne Vegen. M.a. kan det å få stilt fødselshoroskopet sitt vere ein augeopnar. Men også bare i kraft av at dei peikar ut ei klar retning, i eit samfunn som verkar å vere nesten bare opptatt av det ein ser på yta.

    Helsing Gunhild

    ReplyDelete
  4. Ja, eg er mykje samd i dette. Det er eit godt spor. Også ein tanke som gjer meg frustrert, det er på mange vis ein vanskeleg prosess med mange hinder.

    ReplyDelete

Post a Comment